Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Nyheitsarkiv

Er det mulig?

Publisert: 21/11/2014

ER DET MULIG? Fredag 21. november kl. 18.00 opnar utstillinga "Er det mulig?" på Valdres Folkemuseum. Utstillinga tek for seg funksjonshemming, snø og ski - og har kome til Valdres med god støtte frå Beitostølen Helsesportsenter, Valdres Natur- og Kulturpark og Øystre Slidre kommune. Alle er hjarteleg velkomne!

Arkivet etter Erling Stordahl

Publisert: 20/11/2014

Valdresmusea forvaltar viktige historiske verdiar. 120 gamle hus, 30 000 gjenstandar, 620 papirarkiv, 13 000 arkivopptak med song og musikk og 100 000 foto utgjer den største konsentrerte samlinga av kulturhistoriske kjeldemateriale i Valdres. Eit av arkiva tilhøyrde i sin tid kultur- og foregangsmannen Erling Stordahl. Les meir om arkivet etter Stordahl i saka under.

Opnionskampen rundt 1814

Publisert: 10/11/2014

Kampen om opinionen i åra før 1814 er tema når forskingsbibliotekar Ruth Hemstad kjem til Valdres Folkemuseum torsdag kveld. – Korleis denne kampen føregjekk, har til no vore ei nokså ukjend side ved 1814-historia, seier Ruth Hemstad, som har sete i den nasjonale forskingskomiteen for grunnlovsjubileet.

Hus på tur

Publisert: 05/11/2014

HUS PÅ TUR: Ikkje sidan 1998 har det vorte fløtt hus til museet på Fagernes. I dag kom "Rudi-huset", verkstaden etter felemakaren Knut Ø. Rudi (1878-1972), til Valdres Folkemuseum. Neste år blir det formidling av langeleik- og hardingfeleproduksjon her. Takk til Bergheim Transport for godt samarbeid. Foto: Geir Helge Skattebo

1814 på Bagn Bygdesamling

Publisert: 04/11/2014

Torsdag 6. november blir det konsert og kåseri på Bagn Bygdesamling med folkemusikkarkivarane Elisabeth Kværne og Stein Villa. Dei syng og fortel om musikk og musikarar som verka i Valdres i tida rundt 1814. Traktering. Inngang kroner 50. Arrangør er Valdresmusea i samarbeid med styret for Bagn Bygdesamling.

Langeleiken - heile Noregs instrument

Publisert: 31/10/2014

LANGELEIK: Om to veker opnar "Langeleiken - heile Noregs instrument" på Valdres Folkemuseum. I sentrum for utstillinga står ein 200 år gamal langeleik tilhøyrande Det kongelege slottet, samt 39 andre instrument frå private og offentlege samlingar.

Skummeltur på Valdres Folkemuseum

Publisert: 16/10/2014

- På museet er det aldri stille. Når publikum har tusla heim og dei tilsette har avslutta arbeidsdagen dukkar haugafolk og daudingar frå gamal tid opp. På skummeltur får du høve til å helse på nokre av desse skapningane. Kom gjerne med ein vaksen, for når mørkret legg seg og kulda riv i nasen, ja, då er det skummelt på Valdres Folkemuseum. DNT Valdres, Barnas Turlag og Valdresmusea inviterer til Skummeltur på Valdres Folkemuseum i dag kl.18.00.

Miljøkveld på Slidrehuset

Publisert: 14/10/2014

Vårflaumen spel- og dansarlag inviterer til miljøkveld på museet desse seks torsdagane: 16. oktober, 6. november, 4. desember, 8. januar, 4. februar og 5. mars, kl. 19.00 alle kveldar. På miljøkveld får du høve til å bli betre kjend med Vårflaumen sine klassevinnarar frå Landsfestivalen og Landskappleiken. Instruksjon i ulike type dansar etter konserten. Velkomen!

– Å lage ein konstitusjon er å omskape eit samfunn

Publisert: 07/10/2014

Vennelaget for Valdres Folkemuseum og Valdresmusea inviterer til foredrag med professor Ola Mestad torsdag 9. oktober kl. 19.00 på Valdres Folkemuseum. Tittelen på foredraget er "Eidsvollsmennene si læretid i København og grunnlovsverket". Foredraget er del av ein foredragsserie om tema som demokrati, folkestyre, nasjonsbygging og identitet og blir til i samband med grunnlovsjubileet.

Konstruktiv kontrast

Publisert: 03/09/2014

Tysdag 14. oktober inviterer Valdresmusea til presentasjon av eit spennande kunstprosjekt ved Valdres Folkemuseum. Bak prosjektet står kunstnaren Ola Sendstad som saman med arkitekten Einar Bye har skapt KONSTRUKTIV KONTRAST. No inviterer Ola Sendstad publikum til å ta del i prosjektet gjennom samtale og refleksjon.

25 år med bunadsaum

Publisert: 01/09/2014

25 ÅR MED BUNADSAUM: Laurdag 6. september kl. 12.00 blir det bunadframsyning under Landbruksdagen. Valdres folkedraktsaum feirar 25 år og alle er velkomne innom for ein hyggeleg prat. Grethe og Gunhild ynskjer seg bunadkledde gjester denne dagen, så det er berre å finne fram finstasen. Inngang: som Landbruksdagen.

Landbruksdagen

Publisert: 28/08/2014

Landbrukslaga i Valdres ynskjer velkomen til Landbruksdagen, laurdag 6. september kl. 11.00—16.00 på Valdres Folkemuseum. Tema for årets landbruksdag er «kunnskap og nysgjerrigheit». Få med deg opptog med hestar, traktorutstilling, prisutdeling, konsert, gjetarhundoppvising og fesjå. Museet stiller med handverkarar som demonstrerer tradisjonelle handverksteknikkar. Sjå fullstendig oversikt i det vedlagte programmet.

Krigane i 1814 og Mossekonvensjonen

Publisert: 05/08/2014

Tysdag 12. august kl 19.00 er du velkomen til fordrag med den kjente historikaren og forfattaren Karsten Alnæs, på Bagn Bygdesamling i Sør-Aurdal. Temaet for foredraget er "Krigane i 1814 og Mossekonvensjonen". Arrangementet er ein del av Valdresmusea sin foredragsserie i samband med Grunnlovsjubileet. Les meir om forfattaren på Store norske leksikon si heimeside: http://snl.no/

Opning av "Dokkestogo"

Publisert: 29/07/2014

Bunaddokkene som Tordis Røyne (1923–2006) i si tid laga, er no flytte til «Dokkestogo», ein ny visingsstad i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. I det høvet inviterer Valdresmusea deg til relansering av utstillinga fredag 1. august kl 14.00. Tordis Røyne var ein av dei fremste dokkemakarane i landet. I 1989 fekk samlinga fyrstepremie på ei internasjonal dokkeutstilling i Polen.

Hilme-stemnet er i gang

Publisert: 23/07/2014

I kveld braka det laus med fyrste store konsert under årets Jørn Hilme-stemne. Mari Boine samla om lag 1200 publikumarar til ei magisk musikkoppleving på Jaslangen i Vestre Slidre. Utover i veka blir det kurs, konsertar og kappleik på Valdres Folkemuseum. Meir informasjon om program, prisar og billettbestilling på 61 35 99 12 eller www.hilme.no

Sauene på plass

Publisert: 09/07/2014

Sundag morgon forsvann to søyer og fire lam frå Valdres Folkemuseum. Fredrik Calmeyer, Sondre Calmeyer og Ketil Bolstad har leita som heltar dei siste dagane, og etter tips frå ein bonde i Ulnes, rykka Valdremusea i dag ut for å sjå etter dei forsvunne dyra. Litt mjøl og godsnakking var alt som skulle til og no er sauene på plass att. Sesongen er i full gang på museet på Fagernes. Vil du sjå dei ustyrlege sauene, er du hjarteleg velkomen til museet.

Nye utstillingar på Bautahaugen

Publisert: 08/07/2014

Venneforeininga på Bautahaugen i Hedalen har også i år laga to flotte utstillingar på museet, ei om kakeboksar og ei om sofaputer. Laurdag 5. juli opna dei nye utstillingane - med puter og kakeboksar innsamla frå bygdefolket i Hedalen. Sjå Bautahaugen si Facebook-side og Valdresmusea si heimeside for informasjon om aktivitetane museet i sommar.

Kviisveka

Publisert: 08/07/2014

Andre veka i juli inviterer Valdresmusea ungar og vaksne til arbeid, leik og moro på Kviistunet på Valdres Folkemuseum. På jorda rundt garden kan du vera med Einar, Fredrik og Kjell Ove i slåtten. Er du interesserte i taktekking, kan du slå av ein prat med Odd Arne, som legg nytt flistak på den gamle Totenbua. I bygningen serverer Ruth og Magnhild byggmjølsvaflar og bisk.

Siste skuledag på Bagn Bydesamling

Publisert: 20/06/2014

Fine samtaler om stemmerett, Christian Frederik og Grunnlova, på Bagn Bygdesamling i dag. 90 skuleelevar frå Bagn skule koste seg med leik, lappar og litt skule i sommarsola. No ventar vi berre på at turistane og sommarguidane skal fylle tuna på museet. Sjå eige oppslag for prisar og opningstider.

Reidun og svarteboka

Publisert: 13/06/2014

Reidun Borgny Dølehuset er ei av dei som du i sommar kan treffe som tunvert på Valdres Folkemuseum. Saman med spelemann og tidlegare direktør ved Valdesmusea, Rolf Karlberg, vil ho fortelje gamle historier frå Valdres og ho vil fortelje om svarteboka som tidlegare vart oppbevara i denne bygningen. Høyr Reidun fortelje om svarteboka ved å følgje dene lenka: www.langsveien.no

Sommaropning på Bagn Bygdesamling

Publisert: 12/06/2014

Valdresmusea og styret for Bagn Bygdesamling ynskjer hjarteleg velkomen til familiedag og sommaropning på Bagn Bygdesamling, laurdag 14. juni kl 12.00-16.00. Grunnlova og hendingane i 1814 - sett med lokale auge er tema for årets arrangement, som byd på foredrag, utstillingar, aktivitetar, musikk og sal av lokalprodusert mat. Sjå fullstendig program lenger ned i nyheitssaka.

Sommaropning på Valdres Folkemuseum

Publisert: 05/06/2014

Sundag 8. juni kl 11.00–16.00 opnar museet dørene til ein ny sommarsesong og markerer dagen med nye utstillingar, aktivitetar, foredrag og omvisingar. Dagen opnar med gudsteneste i amfiet kl 11.00 før den høgtidelege utdelinga av «Drømmestipendet» i Rognebygningen kl. 12. Stipendet går i 2014 til ein ung og talentfull musikar frå Nord-Aurdal kommune.

Vatn på oppgangssaga

Publisert: 29/05/2014

Tysdag 3. juni kl 18.00 slepper vi vatn på den gamle oppgangssaga på Bagn Bygdesamling. Bli med og lær meir om korleis sag-drift vart utført før i tida. Omvising og demonstrasjon ved Trond Bråten og Per-Ivar Stensæter. Les meir om oppgangssaga frå Landmark (i Nord-Aurdal) vedlagt.

Kurs i hjurding

Publisert: 29/05/2014

Gamle kjerald dett fort frå kvarandre. Om vi lærer oss kunsten å setja på nye hjurder, kan kjeralda bli gode som nye att. På Valdres Folkemuseum arrangerer vi kurs i hjurding fredag 30. mai (18.00-21.00), laurdag 31. mai (09.00-16.00) og sundag 1. juni (09.00-15.00). Instruktør er Nils K. Dokken.

Meld deg på Ung Husflid

Publisert: 21/05/2014

Valdresmusea og husflidslaga i Vestre Slidre og Nord-Aurdal arrangerer Ung Husflid på Valdres Folkemuseum, måndag 11. til fredag 15. august, 09.00-15.00 kvar dag. Ung Husflid er for ungar i alderen 7 til 14 år og under kursveka får deltakarane vera med på aktivitetar der tre, trå, tekstil og takkebakst står på programmet. Kurset kostar kr 1500 per og inkluderer kurs, materiell og mat.

Fuglesangtur på Valdres Folkemuseum

Publisert: 13/05/2014

Sundag 25. mai inviterer Norsk Ornitologisk Forening (NOF) Valdres til fuglesangtur på Valdres Folkemuseum kl 09.00. Foreininga legg opp til ei runde på museumsområdet med lytting og læring på posten. Denne dagen markerer NOF sin «Fuglenes dag» og lokallaget Ørrin vil ha stand med informasjonsmateriell og salsartiklar. Kontaktperson er Trond Øigarden (mobil: 950 77 558).

St. Georg-feiring på Bagn Bygdesamling

Publisert: 06/05/2014

Måndag 28. april var 40 speidarar i alle aldrar samla i finværet på Bagn Bygdesamling for å markere St. Georg-dagen, som eigentleg er 23. april. Speidarrørsla i heile verda markerer denne dagen med å fornye speidarløftet og vere saman for å lære meir om speidarane sin skytsengel.

Stem i veg

Publisert: 22/04/2014

2014 er markeringsår for den norske Grunnlova og Valdresmusea er med når denne skal feirast. I 2014 tilbyr Valdresmusea omvising i "Folkemusikk og nasjonalisme» og eit eige undervisingsopplegg, «Stem i veg», med vekt på demokrati og folkestyre. I tillegg kan elevar sjå fram til faste opplegg som «Mat i fortid og framtid» og «Gamle jakt- og fangsreiskapar». Les meir i den vedlagte katalogen.

Ope hus i påska

Publisert: 10/04/2014

Valdresmusea held oppe for påske-folket. Vi garanterer påske-egg, påskemat i Munkekroen og varme klemmer i døragløtten. Bli med på påskeeggmåling, filmframsyning og rebusløp. Utstillingar kan du også få med deg: "Folkemusikk og nasjonalisme", "Middelalderens dørringer" og bunadutstillinga. Tid: lau/sun/ons/lau/sun 12-16.

Nytt tak på Totenbua

Publisert: 10/04/2014

Før i tida vart flistak brukt på ein del på hus i søre delen av Valdres. I Sør-Aurdal og Etnedal kan me framleis finne slike. Totenbua frå Flatigarden kom til museet i 1954. I 1985 vart det lagt nytt flistak på bua og det har halde til no. I samband med handverkarsamlinga sist i mars vart det høvla flis på gamlemåten. Utover våren skal det leggast nytt tak på Totenbua.

"1814 i Oppland", foredrag med Tore Pryser

Publisert: 04/04/2014

I samband med grunnlovsjubileet skipar Valdresmusea og Vennelaget for Valdres Folkemuseum til ein foredragsserie om tema som demokrati, identitet og nasjonsbygging. Torsdag 10. april kl. 19.00 held professor Tore Pryser foredraget "1814 i Oppland".

Nytt liv til gamal kvedn

Publisert: 02/04/2014

Den gamle bekkekverna frå garden Moe i Øystre Slidre har endeleg fått nye bottsvillar. Kverna har lenge vore i svært dårleg forfatning. Hausten 2013 vart kverna tatt ned og i februar i år har Per-Ivar Stenseæter, Halstein Nerbye og Fredrik Calmeyer ved Valdresmusea sett den gamle kverna i stand.

Høvle flis til tak

Publisert: 20/03/2014

Velkommen til flis-aktivitet på festplassen med to hest og flishøvel, skjæring av material for hand i sag-stilling, kløyving av material med øks og tekking av tak med flis. På Valdres Folkemuseum 25. og 26. mars. Dette er ein aktivitet vi sjeldan ser i dag. Ope for alle. Gje gjerne beskjed om at du kjem til odd.arne.rudi@valdres.museum.no

Kurs i smiing for ungdom

Publisert: 18/02/2014

Super-smed Knut Olav Dokken, Verne Vøla og Valdresmusea inviterer til kurs i smiing for ungdom, 15. og 16. mars frå klokka 09.00-15.00 i smia til Knut Olav. Ta med reiskap og gode arbeidsklede. Kurset kostar 1000 kroner. I tillegg kjem ein kostnad på 200 kroner til materiell og anna. Påmelding til Odd Arne Rudi på Valdresmusea.

Folkedans, disiplinering og nasjonsbygging

Publisert: 07/02/2014

Onsdag 12. februar kl 19.00 held Ingar Ranheim foredrag om folkevisedansen frå Færøyane. Den organiserte folkedansrørsla i Noreg på 1900-talet tok utgangspunkt i ein dans frå Færøyane. Dansen kom til å bli kjernen i repertoaret til den organiserte ungdomslagsrørsla i Noreg etter 1905. Korleis var dette mogleg? Var folk klare over kor dansen kom frå, og vart det sett på som noko problem?

Sommarjobb ved Valdresmusea?

Publisert: 31/01/2014

Til Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger søkjer vi omvisarar (norsk, engelsk, tysk og fransk), handverkarar, vaktmeistrar, instrumentmakarar, folkemusikarar og folkedansarar, til sommarsesongen 2013.Søknadsfrist er onsdag 26. februar.

Grunnlovsjubileet

Publisert: 30/01/2014

Valdresmusea er med når Grunnlova skal feirast. Foredrag, debatt og tematur står på programmet når Valdresmusea inviterer til fest. Foredrag om eidsvollsmennene, ein kongeleg langeleik, foredrag om opinionskampen i åra før 1814 og omvising på sjølvaste Eidsvolls-bygningen er nokre av Valdresmusea sine tilbod i år. Les meir om markeringane i lenka til venstre.

Stilling ledig som registrator

Publisert: 27/01/2014

Ved Valdresmusea er det no ledig ei stilling i 100 % som registrator. Stillinga skal sikre ei forsvarleg forvalting av arkiv- og gjenstands-samlingane ved Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Søknadsfrist er onsdag 26. februar.

Julekonsert med Bakkom og Vasaasen

Publisert: 10/12/2013

Onsdag 11. desember kl. 19.00 inviterer Valdresmusea til julekonsert med Lillebror Vasaasen og Oline Bakkom i festsalen på Valdres Folkemuseum. Lillebror Vasaasen er trekkspelar og komponist, født 1961 og bosett i Romedal i Hedmark. Oline Bakkom er heiltidsmusikar og komponist frå Rendalen. Velkomen til konsert!

Skarke på Valdres Folkemuseum

Publisert: 06/12/2013

Sundag 8. desember inviterer Valdresmusea til "Skarke" på Valdres Folkemuseum. Dette er eit tradisjonsrikt førjulsarrangement og blir i år arrangert for 20. gong. I "Skarka" kan ungar og vaksne støype ljos, tove juleeple, køyre kanefart, laga julepynt og juleenglar, skrive julekort, høyre forteljingar, strikke julekuler, steike peparkaker og hardangerlefser og laga sopelimar. Velkomen!

Kvinneliv rundt stemmeretten

Publisert: 21/10/2013

Kven var dei, desse som kjempa for allmenn stemmerett og for at alle skulle kunna delta i demokratiske prosessar? Historikar Arnhild Skre kjem for å fortelja om kvinnene som kjempa for stemmeretten nasjonalt. Stemmerettskomiteen i Valdres har laga ei utstilling om kvinner som har betydd mykje for inkludering, deltaking og demokrati i Valdres. Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til Valdres Folkemuseum torsdag 24. oktober kl. 18 (utstilling) og kl. 19 (foredrag). Traktering.

Nordisk instrumentseminar

Publisert: 15/10/2013

Valdresmusea, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Eric Sahlström Institutet inviterer til Nordisk instrumentseminar på Valdres Folkemuseum i Noreg, 12.–14. november. 45 inviterte gjester frå Sverige, Finland, Island og Noreg skal bidra med foredrag, debatt, konsert, utstilling og workshop. I tillegg ventar vi påmelding frå instrumentmakarar, forskarar og spelemenn frå heile Norden.

Johanne Kolstad - Queen of Skis

Publisert: 05/10/2013

140 publikumarar var til stades under opninga av utstillinga "Johanne Kolstad - Queen of Skis" fredag 4. oktober på Valdres Folkemuseum. Utstillinga tek for seg skihopparen Johanne Kolstad (1913-1997) sin skikarriere frå debutrennet i Midtstubakken i 1931 til skioppvisingane i USA på slutten av 30-talet. Utstillinga blir vist fram i oktober og desember, og sundagen under Rakfiskfestivalen i november.

Foredrag om Edvard Munch

Publisert: 25/09/2013

Valdres kunstforening inviterer til foredrag om Edvard Munch, tysdag 1. oktober klokka 19.00 på Valdres Folkemuseum. Det er kunsthistorikaren Jan Kokkin som held foredraget i anledning 150 årsjubileet for Edvard Munch. Kokkin er kunstkritikar, forfattar og kurator og har skrive for Morgenbladet og Dagens Næringsliv. Kokkin har skrive ein biografi om Eilif Peterssen og bøker om Gerhard Munthe, Gustav Vigeland og Auguste Rodin.

Nordisk instrumentseminar

Publisert: 23/09/2013

Valdresmusea, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Eric Sahlström Institutet inviterer til Nordisk instrumentseminar på Valdres Folkemuseum i Noreg, 12.–14. november. Dette er fyrste gongen at eit slikt seminar blir arrangert i Noreg. 40 inviterte gjester frå Sverige, Finland, Island og Noreg skal bidra med foredrag, debatt, konsert, utstilling og workshop. I tillegg ventar vi påmelding frå instrumentmakarar, forskarar og spelemenn frå heile Norden.

Nynorsk av hjartans lyst

Publisert: 11/09/2013

Nord-Aurdal Mållag og Valdresmusea inviterer til opning av utstillinga "Nynorsk av hjartans lyst - i Valdres", fredag 13. september kl. 14.00 på Valdres Folkemuseum. Utstillinga viser korleis nynorsken er og har vore synleg i Valdres gjennom godt hundre år, både i det offentlege Valdres, i skule, kyrkje, reklame, organisasjonsliv og ikkje minst i litteratur og songtekstar.

Landbruksdagen

Publisert: 04/09/2013

Laurdag 7. september inviterer landbruksnæringa i Valdres til "Landbruksdagen" på Valdres Folkemuseum. Gled deg til husdyrmønstring, spennande kulturprogram og lokal mat. Landbruksprisen for Valdres blir delt ut under opningsprogrammet og det blir konsert med den CD-aktuelle trioen Blått Gådn. Dei spelar ei god blanding av tradisjonelle melodiar frå Valdres og eige materiale.

Råkøyring på symaskin

Publisert: 14/08/2013

Ung husflid er i gang på Valdres Folkemuseum. I ei veke får 26 ungar frå heile Austlandet prøve seg med symaskin, kniv, nål og bakstereiskap. Det er lokale mat- og husflidstradisjonar som står på programmet under Ung husflid. Råkøyring på symaskin er motto for aktivitetsveka, som tek mål av seg å bli eit årleg arrangement på museet. Arrangør er Valdresmusea og husflidslaga i Valdres.

Nominert til Årets museum

Publisert: 13/08/2013

Norsk museumsforbund har i dag nominert Valdresmusea til prisen Årets museum, saman med tre andre norske museum. Utstillinga Folkemusikk og nasjonalisme haustar ros og anerkjenning, skriv museumsforbundet i ei pressemelding. Kven som får prisen Årets museum blir bestemt under dei nasjonale museumdagane i Tromsø i midten av september. Vil du bestille omvising i utstillinga? Ta kontakt på info@valdres.museum.no.

Omvising i utstillinga

Publisert: 24/07/2013

15. mars opna utstillinga Folkemusikk og nasjonalisme, som har fått mykje merksemd i lokale og nasjonale medie. No har du sjansen til få med deg omvising i utstillinga kvar dag i Hilmeveka kl. 12.00. Her får du sjå historiske gjenstandar, dokument og ein propagandafilm frå 1942, og du kan lese interessante tekstar om tematikken.

Hilme er i gang

Publisert: 24/07/2013

Tradisjonsrike Hilme-stemnet er i gang på Valdres Folkemuseum. I dag er det summing i husa frå instrumenta til dei aller yngste Strunkeveko-deltakarane - ministrunkane. Hilme-stemnet set sitt preg på museet heile veka med konsertar, kurs, dans og fest. I lenka under ser du kva som skjer på museet denne veka.

Fra vogge til grav

Publisert: 17/07/2013

I høve 850-årsjubileet for stavkyrkja i Hedalen har vennelaget for Bautahaugen laga ei flott utstilling om klede og tradisjonar knytt til dei store høgtidene. Gjennom tida har skikkane og sedene knytt til høgtidene endra seg. I utstillinga «Fra vogge til grav» får vi mellom anna innblikk i korleis dåpskleda har endra seg dei siste hundre åra. Utstillinga blir vist i Liesstuggua, Brakadokka og låven, og er open onsdag – sundag kl. 12.00–16.00 heile sommaren.

Bufardagen

Publisert: 12/07/2013

Bufardagen på Valdres Folkemuseum påkallar minne om ungdoms- og vaksenliv på stølen. Fredag 12. juli var 30 menneske med demens på besøk på Tvengestølen på Valdres Folkemuseum. Og minna frå ungdomsdagane, dei kom fram som perler på ei snor. Under maten vart det allsang og vurdering av tradisjonsmaten. Seinare på dagen vart det kaffi og ein svingom i tunet.

Fotokonkurranse

Publisert: 08/07/2013

Er du glad i å fotografere? Har du med deg kamera hvor du enn går? Valdresmusea vil for første gang arrangere fotokonkurranse. Årets tema er: Kultur og natur fra Valdresmusea sine avdelinger. Bildene kan være fra sommersesongen, men også fra resten av året. Har du fine motiver fra vinter, vår eller høst? Send dem inn!

Etnedølene kjem

Publisert: 05/07/2013

Fredag 5. – sundag 7. juli er det tid for tradisjonsrik Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum. For trettende året på rad gjev etnedølane liv til husa på museet. Gamle handverk, matlaging, ball på storgarden, gudsteneste, musikk, dans, forteljing og humor er ingrediensar i Etnedalshelg.

Kviisveka, slått og matstell for hundre år sidan

Publisert: 05/07/2013

Andre veka i juli inviterer Valdresmusea ungar og vaksne til arbeid, leik og moro på Kviistunet på Valdres Folkemuseum. På jorda omkring garden kan du vera med Einar Tvenge og dei andre arbeidskarane i slåtten. I bygningen serverer Ruth Røn og Magnhild Skjel byggmjølsvaflar og bisk.

Konsert med Laura Ellestad

Publisert: 17/06/2013

Laura Ellestad frå Canada er den fremste hardingfelespelaren i Nord-Amerika. Ho er dessutan student ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. I arbeidet med masteroppgåva kastar ho lys over spelemenn og hardingfelemusikken i det norske utvandrarmiljøet. Torsdag 20. juni kl. 19.00 kan du høyre Laura i konsert på Valdres Folkemuseum. Inngang kr. 50,-.

Sesongopning på Bagn Bygdesamling

Publisert: 11/06/2013

Velkomne til familiedag og museumsstemne på Bagn Bygdesamling laurdag 15. juni. Vi opner alle hus, fyrar opp i gruer og fyller husa med all slags aktivitet, mellom anna takkebakst, ysting, ymse handarbeid, handverk og musikk. Vi får besøk av kyr, hestar og museets eigne geiter og høner er på plass. Kunstklassa frå Kulturskulen i Sør-Aurdal opnar kunstutstilling, og det blir konsert med Bagn og Begnadalen Musikkorps.

Flotte og varige tak

Publisert: 07/06/2013

Heldigvis er det framleis att mange fine skifertak, både i Valdres og andre stader. Samstundes ser me at også mange vert borte. Det er heller ikkje mange som legg skifer på taka sine når dei bygger nytt. Valdresmusea ynskjer no å setja i gang kurs i tekking av skifertak. Les meir i lenka under og kontakt Odd Arne Rudi ved museet, dersom dette skulle vera av interesse.

Kampen på berget, opning av utstilling

Publisert: 06/06/2013

Laurdag 15. juni opnar utstillinga ”Kampen på berget” på Valdres Folkemuseum. I utstillinga møter vi bønder frå Valdres og deira kamp mot avvikling av gardsbruk og fråflytting frå regionen. Utstillinga er meir aktuell enn nokon gong. For lik som for dei fleste regionar i Noreg, kjempar også Valdresregionen for å ta vare på sysselsettinga innafor landbruket. Kva skjer når bøndene avviklar drifta og gardane forfell?

Shabana kjem, kjem du?

Publisert: 03/06/2013

Fredag 14. juni markerer Valdresmusea og Valdreskommunane Stemmerettsjubileet med eit dagseminar på Valdres Folkemuseum. Gled deg til spennande møte med oslo-valdrisen Shabana Rehman Gaarder, Inger Helene Nybråten, Elisabeth Kværne, Eldbjørg Hemsing og mange fleire. Under oversskrifta "Stemmerettsjubileet" til venstre i skjermbilete finn du program og informasjon om dagen.

Fagdagar i august

Publisert: 23/05/2013

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) skipar til fagdagar på Fagernes, 23. og 24. august. Seminaret er ope for alle og legg vekt på ulike tema, som demonstrasjon av tekstilhandverk, messe med stoffprodusentar og generelle forelesningar. Medarrangør er Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum, Noregs Ungdomslag og Studieforbundet Kultur og Tradisjon.

221 ungar på Barnas dag

Publisert: 21/05/2013

221 ungar frå heile Valdres tok turen til Valdres Folkemuseum tysdag 21. mai i samband med arrangementet Barnas dag. På seks stasjonar fekk ungane mellom anna vera med på gamaldags skuletime med frk. Gyda Grøndalen, lappesteiking med Marit, Angela, Reidun og Marit, hallingdans med Solveig Hårdnes og pil og boge-skyting med Ola "Robin Hood" Næss.

Omvising i utstillinga

Publisert: 07/04/2013

15. mars opna utstillinga Folkemusikk og nasjonalisme, som har fått mykje merksemd i lokale og nasjonale medie. No har du sjansen til få med deg omvising i utstillinga tysdagar, onsdagar og torsdagar kl. 13.00. Her får du sjå historiske gjenstandar, dokument og ein propagandafilm frå 1942, og du kan lese interessante og lærerike tekstar om tematikken.

Folkedraktene i målarkunsten

Publisert: 07/04/2013

Vennelaget for Valdres Folkemuseum i samarbeid med Norsk institutt for bunad og folkedrakt inviterer til foredragskveld med Bjørg G. Hovland om folkedraktene i målarkunsten frå nasjonalromantikken. Bjørg G. Hovland frå Luster har studert måleria til Flintoe og andre, og har brukt dei i arbeidet med å rekonstruere folkedrakter frå Sogn.

Kongeleg medalje til Jahn Børe Jahnsen

Publisert: 07/04/2013

Tysdag etter påske fekk Valdresmusea fint besøk, då Fylkeskvinne Kristin Hille Valla kom på uventa besøk. Med seg i handveska hadde ho Kongens fortjenstmedalje. Det var ein overraska Jahn Børe Jahnsen som mottok medalja, men ho er høgst fortent, for Jahnsen har lagt ned eit stort arbeid i forsking og formidling av lokalkultur frå Valdres. No ventar tur til Det Kongelege Slott i Oslo og ein takk til Hans Majestet Kongen

Kurs i restaurering av vindauge

Publisert: 26/03/2013

Eig du eit gamalt glas? No kan du lære korleis ein restaurerer gamle vindauge. Helga 19.-21. april kjem Victoria Brand og Lars Munthe-Kaas til Valdres for å fortelje og vise deg korleis ein kan få nytt liv i gamle vindauge. Kurset (inkl. mat) kostar kr 1500. For medlemmer av Verne Vøla og Fortidsminneforeninga koster kurset kr 1200. Det kan bli mindre tillegg for materialar. Kurset er ope for alle, men egnar seg best for dei som ikkje har erfaring frå før. For informasjon og påmelding, kontakt bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea, Odd Arne Rudi, på mobil 976 89 065. Påmeldingsfrist er 10. april.

Munkekroen til Valdres Folkemuseum

Publisert: 22/03/2013

Museumsdirektør Anne Marit Noraker har signert avtale med Maria og Peter Näsström. Frå 1. mai er det ope kafé i Velkomstbygget på museet. Saman ynskjer dei no å gjere Velkomstbygget til ein attraksjon som det vil vera verdt å ta turen innom.

Søke midlar?

Publisert: 18/03/2013

Kommunane i Valdres har sett av kr 60 000 til fordeling i 2013. Midlane blir fordelte på 1-2 produksjonar med røter i folkemusikk- og dansetradisjonane i Valdres. Produksjonane skal inngå i Den kulturelle skulesekken eller vere retta mot barnehagar. Send søknad til Valdresmusea v/ folkemusikkarkivaren innan 22. mars.

Jobbe som instrumentmakar?

Publisert: 02/03/2013

Valdresmusea søkjer instrumentmakar i 60 % stilling. Stillinga skal bidra til vidareutvikling av verkstaden, til auka produksjon og vidareføring av den skjøre kulturarven. For opplysningar om stillinga, kontakt direktør Anne Marit Noraker på mobil 911 03 969 eller sjå NAV sine heimesider.

Folkemusikk og nasjonalisme får merksemd

Publisert: 08/02/2013

Om ein månad opnar utstillinga "Folkemusikk og nasjonalisme", på Valdres Folkemuseum på Fagernes. I utstillinga, som allereie har fått merksemd i nasjonale media, ser vi på framveksten av nasjonale straumar og vi spør: Korleis har ideane frå 1800-talet forma vår forståing av folkemusikk og folkedans?

Støtte frå Norsk kulturråd

Publisert: 28/01/2013

Frå Norsk kulturråd har Norsk institutt for bunad og folkedrakt fått 150 000 kroner til kurs i registrering av drakt og tekstil. Frå same institusjonen har Opplandsarkivet og Mjøsmuseet fått 170 000 kroner til eit prosjekt med mål om utvikling av nye digitale verkty for folkemusikkarkiva.

Ledige stillingar ved Valdresmusea

Publisert: 20/12/2012

Valdresmusea lyser ut to spennande stillingar i 100 %, ein økonomi- og administrasjonsansvarleg og ein fagkonsulent ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. I tillegg søkje vi allereie no sommartilsette til museumsavdelingane Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Meir informasjon om svarfristar, kvalifikasjonar, referanser mm, finn du i peikaren til venstre ("søkje jobb?").

Konsert med Røine og Tobi

Publisert: 30/11/2012

Internasjonalt kvinneforum i Valdres inviterer til konsert laurdag 1. desember på Valdres Folkemuseum. Billetten kostar kroner 200,- og med den følgjer tapasbord med mat frå ulike delar av verda. Alle er velkomne, kvinner og menn, barn og unge.

Førjulsarrangement på Valdres Folkemuseum

Publisert: 16/11/2012

Tida før jul blir i Valdres kalla skarke. Då førebur vi oss til jul, med baking, rundvask og slakt. I skarke på Valdres Folkemuseum fyrar me i omnane og steller i stand god, gamaldags førjulstid. Skarke blir arrangert for 19. gong og er eit tradisjonsrikt arrangement i Valdres.

Fugleband frå Farmen, snart i sal på museet

Publisert: 16/11/2012

Sundag 9. desember arrangerer Valdresmusea Skarke på Valdres Folkemuseum. I år kan du sikre deg eksklusive fugleband frå den kjente Farmen-garden. TV-serien har vore ein suksess – og god reklame for heile Valdres. Småfuglane fortener også ein bit av TV-suksessen – og dei gule åkrane på Landmark.

Elisabeth fekk pris

Publisert: 05/11/2012

Folkemusikkarkivar i Valdres, Elisabeth Kværne, fekk torsdag 1. november Rådet for folkemusikk og folkedans sin ærespris for 2012. Rff-prisen er ei nasjonal anerkjenning for arbeidet Kværne har lagt ned for den norske folkemusikken, folkedansen og instrumenttradisjonen - i særleg grad langeleiken. Kværne er einaste valdris som til no har vunne ein spelemannspris. Denne fekk ho for plata "På langeleik" som kom ut i 1985. I 2006-2007 mottok Kværne Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar.

Skummelt på museet

Publisert: 04/10/2012

Daudingar og skrømt møtte 25 ungar frå Barnas Turlag, onsdag kveld på Valdres Folkemuseum. Hausten er tid for "skummeltur", for, når det bles langsmed husveggane og dørene slår opp av seg sjølv, ja, då er det definitivt skummelt på Valdres Folkemuseum.

Tilbod til demente

Publisert: 04/10/2012

Frå Norsk kulturråd har Valdresmusea og Nord-Aurdal kommune fått 50.000 kroner til styrking av aktivitetstilboda for demente. Satsinga er del i museet sitt arbeid med å nå menneske og brukarar ein elles ikkje når.

Styrking av instrumentverkstaden

Publisert: 16/09/2012

Frå Kulturdepartementet har Valdresmusea fått 900 000 kroner i auke i rammetilskottet. Auka er øyremerka vidareutvikling av drift av instrumentverkstaden ved Valdres Folkemuseum, og det blir lagt opp til tilsetting av fleire handverkarar samt oppgradering og omdisponering av arealet i verkstaden.

Tonefangst

Publisert: 20/08/2012

I samband med 200-årsmarkeringane av Ludvig Mathias Lindeman og Berit på Pynte, båe fødde i 1812, inviterer Valdresmusea til seminaret "Tonefangst" - møte mellom folketonesamlaren Ludvig Mathias Lindeman og folkekunstnaren Berit på Pynte. Tid og stad: Valdres Folkemuseum / 13. og 14. september

Kveldsete på Dølven skule

Publisert: 16/08/2012

Bagn Bygdesamling markerer skulestart og inviterer til Kveldsete på Dølven skule sundag 19. august klokka 17. Det blir anekdoter frå skuletida, omvisning i skulehuset og ikkje minst i den unike lærarbustaden etter den siste læraren, Ingvar Koppervik. Bustaden står slik Koppervik forlot den i 1967 og det er den eine dotter hans som står for omvisninga. Hjertleg velkomne!

Jørn Hilme-stemnet er i gang

Publisert: 24/07/2012

Tradisjonsrike Hilme-stemnet er i gang - på Valdres Folkemuseum. I dag og i morgon blir det summing i husa frå instrumenta til dei aller yngste Strunkeveko-deltakarane - ministrunkane. Hilme-stemnet set sitt preg på museet heile veka, særleg mot helga, med konsertar, workshop, kurs, dans og fest. I lenka under ser du kva som skjer på museet denne veka.

Velluka kurs på Piltingsrud gard

Publisert: 17/07/2012

Laurdag 14. juli skipa Valdresmusea og Vernevøla til kurs i flekking, pakking og lagring av never. På Piltingsrud gard i Begnadalen stilte eigaren, Rasmus, storvokst bjørkeskog til disposisjon. Instruktør var Hans Magne Lunde frå Etnedal. Valdresmusea skipar til ein rekke kurs denne hausten. Les meir om desse (og sjå bileta frå neverkurset, foto: Venke Fredriksen) i lenka under

Stølsdagar på Tvengjistølen

Publisert: 16/07/2012

Frå måndag 16. juli til sundag 5. august er Eli Grøndalen, Anne Onstad, Ingebjørg Persvold Ranheim og Ingrid Bolstad budeier på Tvengjistølen på Valdres Folkemuseum. Måndagar, tysdagar, onsdagar, torsdagar og sundagar i perioden kan du sjå fram til separering og ysting i mjølkebua. Vi oppmodar: stikk innom og slå av ein prat med dei trivelege budeiene stølen.

Spikk deg ein rivetind

Publisert: 09/07/2012

No er Kviisveka i gang for fullt. I Kviistunet på Valdres Folkemuseum inviterer Ruth, Einar og Magnhild til leik og moro. Og anten du vil spikke rivetindar, setja opp kaningjerde eller delta i slåtten er du hjarteleg velkomen. På jorda omkring garden er arbeidskarane i full gang med slåtten. I hovudbygningen serverer Ruth Røn og Magnhild Skjel byggmjølsvaflar og bisk.

Kurs i flekking av never

Publisert: 06/07/2012

Før i tida var never viktig materiale i samband med tekking av torvtak. Laurdag 14. juli kan du lære korleis ein flekker, pakkar og lagrar never. Hans Magne Lunde er instruktør. Kurset er på Piltingsrud gard i Begnadalen. Påmelding til Odd Arne Rudi, tlf. 61 35 99 07. Kursavgift kroner 500,- (mat inkludert).

Etnedølene til museet

Publisert: 02/07/2012

Fredag 6. - sundag 8. juli er det tid for Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum. Sjå fram til levande musikk, handverk, matstell, dans, storgardsball, humor og eit ekte møte med etnedølane. Etnedalshelg blir arrangert for 12. gong. Arrangør er Etnedal kommune og lag og organisasjonar i Etnedal.

Kulturhistorisk vandring til Bånfeten

Publisert: 25/06/2012

Sundag 1. juli inviterer Bagn Bygdesamling deg med på tur inn til Bånfeten i Ølneseterfjellet i Bagn Vestås. Soga seier at eit barn døyde her i 1716, etter å ha gått seg bort i fjellet. Vi får høyre soga og songen om hendinga. Vel møtt!

Familiedag på Bagn Bygdesamling

Publisert: 18/06/2012

Sundag 24. juni er det duka for den store Familiedagen på Bagn Bygdesamling. Vi opnar alle hus og tenner opp i gruene. Dei som gjekk glipp av Ikon-utstillinga på Valdres Folkemuseum og Bautahaugen Samlinger i fjor, kan sjå den frå sundag av på Bagn Bygdesamling.

LiV-dagane på Valdres Folkemuseum

Publisert: 01/06/2012

LiV-dagane ved Valdres Folkemuseum blir skipa helga 9. og 10. juni. Arrangør for det tradisjonsrike arrangementet er Valdresmusea, Landbruksdagen og Valdresgildet. Det blir aktivitetar og opplevingar for folk i alle aldrar; besteforeldre, foreldre, unge og barn kan glede seg til ei helg utanom det vanlege.

60-talsstemning på Bagn Bygdesamling

Publisert: 31/05/2012

Laurdag 9. juni kl. 16 går Museumsstemnet på Bagn Bygdesamling av stabelen. I år er 60-talet tema, og vi lagar årskavalkade, utstilling med 60-tals gjenstandar, syner fram tidstypiske klede og 60-tals kjøretøy av ymse slag. Bagn og Begnadalen musikkorps spelar, og det bli kaffe- og åresal i pausen.

Småfolk i farta

Publisert: 24/05/2012

Tysdag 22. mai opna ei ny utstilling på Valdres Folkemuseum. "Småfolk i farta" fortel historia om barn og trøbilar - gjennom heile 1900-talet. Her er flotte eksemplar frå dei viktigaste norske trøbilprodusentane: Grepa, Jeepy, Tvistegubben og fleire til. Det er Ole Birger Gjevre som eig bilane. Utstillinga står framme til oktober.

Valdresmusea søkjer restaurantdrivar

Publisert: 18/05/2012

I Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum ligg Valdres sin vakraste restaurant og kafé. No søkjer Valdresmusea ny sjef/drivar til restauranten. Ved spørsmål om stillinga kontaktar du Stig Jemterud Solberg i Bufar Norge AS på mobil 412 20 910 / stig@bufar.no. Meld di interesse via www.bufar.no.

Fullt hus på husflidskveld

Publisert: 02/05/2012

Over femti glade tilhøyrarar fekk sjå og høyre om den fantastiske billedvevkunsten, under husflidskvelden på Valdres Folkemuseum onsdag 2. mai. Dessutan fekk dei omvising i tekstilutstillinga, og eit inspirerande møte med Brita Rusten Åmot, husflidskonsulenten i Oppland. No håpar husflidslaga i Valdres å få til UNG HUSFLID på Valdres Folkemuseum i 2013, etter mal frå eit vellukka rekrutteringstiltak på Maihaugen på Lillehammer.

Meld deg på handverkskurs

Publisert: 30/04/2012

Valdresmusea, Vernvøla og Valdres Natur- og Kulturpark inviterer huseigarar, handverkarar, kulturvernarbeidarar og andre interesserte til kurs i restaurering og eldre handverksteknikkar. På kursa kan du mellom anna lære korleis du skal restaurere gamal måling, skifte rotne laftestokkar, tekke taket med skifer og setja i stand gamle piper. Sjå vedlagte pdf for oversikt over kursserien.

Husflidskveld på Valdres Folkemuseum

Publisert: 17/04/2012

Valdresmusea og Nord-Aurdal Husflidslag ynskjer alle interesserte velkomen til hyggekveld på Valdres Folkemuseum, onsdag 2. mai klokka 19.00. Frå Lillehammer kjem husflidskonsulenten i Oppland, Brita Rusten Åmot. Ho vil vise fram bilete og fortelje korleis dei har organisert ”Ung husflid” på Maihaugen, husflidstiltak for barn og unge. Vidare blir det omvising i utstillingane og framvising av gamle bunadlommer og billedvevteppe. Servering av kaffi og kake.

Innlevering til arkivet på Bagn Bygdesamling

Publisert: 10/04/2012

Ta vare på lokalhistoria! Seniorkonservator og arkivar Jahn Børe Jahnsen (Mobil 918 17 950) frå Valdresmusea er til stades på Bagn Bygdesamling måndag 16. april kl. 15.00–18.00 for å ta i mot gamle papir, protokollar og fotos frå Reinli, Leirskogen, Bagn og Begnadalen. Alle er hjarteleg velkomne.

Historia om Norsk Barneblad

Publisert: 22/03/2012

Tysdag 27. mars klokka 19.00 held Eirik Helleve foredrag om den 125 år lange historia til Norsk Barneblad. Og i samband med jubileet har Helleve skrive ei gjennomillustrert og fargerik bok, ”Skrinet med det rare i”, som nyleg er komen ut. Eirik Helleve presenterer boka med å vise fram bilde, artiklar og blad. Norsk Barneblad har, i tillegg til 240 bokutgjevingar og 140 hefte, vore ein viktig språkinspirator både for nynorskskrivande og bokmålsskrivande skuleelevar. Mange valdrisar har skrive i bladet, mellom dei Mikkjel Fønhus og Olav Norheim. Sistnemnde var frå 1983 til 1991 også redaktør for bladet.

Foto til bygdeboka

Publisert: 16/03/2012

Laurdag 17. mars (10.00-16.00) og kvar tysdag og onsdag (10.00–16.00) i mars tek Valdresmusea i mot dei som vil skanne fotografi til bruk i bygdeboka for Ranheim og Garli (Nord-Aurdal). Vi ynskjer oss bilete som fortel om levd liv, uformelle møte og overgangen til eit moderne samfunn, til dømes då traktoren vart vanleg på 1950- og 60-talet. Stikkord er: skule, barndom, leik, fritid, idrett, dans, spel, organisasjonsliv, handverk og arbeid.

Seminar om etterisolering

Publisert: 08/03/2012

Valdresmusea inviterer til dagseminar om etterisolering, måndag 12. mars på Valdres Folkemuseum. Fremste ekspertisen i landet fortel og svarar på spørsmål. Innleiarane er Marte Boro frå Riksantikvaren, Kolbjørn Mohn Jenssen frå Mycoteam AS, Knut Edvardsen frå SINTEF Byggforsk, Jo Van Orshaegen og Arne Bleken frå ISO+ og Sverre Johnsrud frå Norsk Celluloseisolasjon AS. Les heile programmet i peikaren under.

Hulda Garborg - nasjonal strateg

Publisert: 07/03/2012

Historikar og tidlegare kulturredaktør i Aftenposten Arnhild Skre kåserer om Hulda Garborg, kvinna bak folkeviseleiken, dei broderte bunadene og Det Norske Teatret, i festsalen på Valdres Folkemuseum onsdag 14. mars kl. 19.00. Kaffi og kaker. Inngang kr 50 for ikkje-medlemmer. Alle er velkomne! Vennelaget for Valdres Folkemuseum i samarbeid med Valdres Folkemusikklag

Hugsar du 60-talet?

Publisert: 01/03/2012

Det var Cuba-krise, Beatles, Twiggy, lårkort, respatex-bord med skaitrekte stålrørsstolar, fjernsyn med sjalusidører, pastellfarga bilar og mykje meir. 60-talet blir tema på årets sommarstemne på Bagn Bygdesamling den 9. juni. Hjelp oss med å leite fram fysiske minne frå dette tiåret!

Søkje støtte til folkemusikk og folkedans?

Publisert: 28/02/2012

Gjennom tilskottsordninga "Folkemusikk i notid og framtid" har kommunane i Valdres sett av 60 000 kroner til fordeling i 2012. Midlane blir fordelt på produksjonar med røter i folkemusikk- og dansetradisjonane i Valdres. Produksjonane skal inngå i Den kulturelle skulesekken eller vere retta mot ungar i barnehagane.

Løp og kjøp!

Publisert: 21/02/2012

For 350 kroner kan du bli lukkeleg eigar av eit eksklusivt årskort. Årskorta er laga i tre, har ulike motiv for kvart år og gjeld som adgangsteikn til Valdres Folkemuseum. I 2012 er det Nystøga som prydar framsida på kortet. Årskortet gjev i tillegg til fri adgang til museet, gratis entre til arrangement i regi av Valdresmusea. Les meir om fordelane ved eit årskortkjøp i saka under.

Hardingfeleseminar

Publisert: 20/02/2012

Valdresmusea har i mange år vore pådrivar for å skape møteplassar for felemakarar i Noreg. Vi vil gjerne ta oppatt denne tradisjonen og skipar til seminar for profesjonelle hardingfelemakarar på Valdres Folkemuseum, torsdag 23. – fredag 24. februar. Sjå program og pressemelding i peikaren under.

Seminar om etterisolering

Publisert: 17/02/2012

Valdresmusea inviterer til dagseminar om etterisolering, måndag 12. mars klokka 10.00-15.30 på Valdres Folkemuseum. Fremste ekspertisen i landet fortel og svarar på spørsmål. Innleiarane er Marte Boro frå Riksantikvaren, Kolbjørn Mohn Jenssen frå Mycoteam AS, Knut Edvardsen frå SINTEF Byggforsk, Jo Van Orshaegen og Arne Bleken frå ISO+ og Sverre Johnsrud frå Norsk Celluloseisolasjon AS. Les heile programmet i peikaren under.

Vi sel årskort!

Publisert: 15/02/2012

For 350 kroner kan du bli lukkeleg eigar av eit eksklusivt årskort. Årskorta er laga i tre, har ulike motiv for kvart år og gjeld som adgangsteikn til Valdres Folkemuseum. I 2012 er det skysstasjonen Nystøga som prydar framsida på kortet. Årskortet gjev i tillegg til fri adgang til museet, gratis entre til arrangement i regi av Valdresmusea. Les meir om fordelane ved eit årskortkjøp i saka under.

Sterkt om norsk jødisk kvardagsliv

Publisert: 07/02/2012

Den kjente skribenten, forfattaren og redaktøren Mona Levin hausta ståande applaus etter at ho gav 60 tilhøyrarar eit sterkt møte med den jødiske kulturen i Noreg. Frå bortfallet av paragraf 2 i Grunnlova til spørsmålet om jødisk identitet i vår tid, teikna Levin eit levande og mangesidig bilete av historie om det jødiske. Slik synte ho korleis den jødiske kulturen er eit viktig tilfang også til forteljinga om det norske.

550 000 kroner frå Norsk kulturråd

Publisert: 26/01/2012

Frå Norsk kulturråd har Valdresmusea fått 550 000 kroner til fire ulike prosjekt: 95 000 kroner skal brukast på opplæring i drakt- og tekstilregistrering ved ei rekke museum i Noreg. 35 000 kroner skal syrgje for styrking av kompetansen ved folkemusikkarkivet i Valdres og Oppland. 270 000 kroner skal brukast på produksjon av digitale forteljingar - om levd liv i Valdres, medan 150 000 skal gå til arbeidet med utstillinga om kvifor folkemusikk vart del av propagandaprogrammet til dei tyske okkupasjonsmaktene i Noreg under 2. verdskrigen.

Norsk jødisk kvardagsliv i 160 år

Publisert: 23/01/2012

Den kjende føredragshaldaren, journalisten, redaktøren og forfattaren Mona Levin held føredrag om norsk jødisk kvardagsliv i 160 år på Valdres Folkemuseum, tysdag 7. februar kl. 19.00. Mona Levin er norsk jøde, busett i Sandefjord, og ho engasjerer seg i debattar om minoritetane i Noreg, og særleg framveksten av antisemittismen i Noreg og elles i verda. Arrangementet er i samarbeid mellom Valdresmusea, Bladet Folkemusikk og MIFF Valdres. Ope kafé. Inngang kr 80,-

Matkunstnar Berit Ildjarnstad til Vennelaget

Publisert: 20/01/2012

Torsdag 9. februar kl. 19.00 blir det høve til å høyre Berit Ildjarnstad fortelja om arbeidet sitt som matstylist, og ikkje minst om arbeidet med boka HeiMAT. Saman med Eivind Haalien frå Vang har ho boltra seg i lokale råstoff og tradisjonar, og laga ei fabelaktig flott bok om valdreskultur både i matvegen og i dagleglivet generelt. Velkomen til Berit Ildjarnstads foredrag om mattradisjonar frå Valdres – i festsalen i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum 9. februar kl. 19.00.

Sudan Dudan på Valdres Scene

Publisert: 10/01/2012

Torsdag 13. januar klokka 19.30 kommer superduoen Sudan Dudan til Valdres Scene. Sudan Dudan består av Marit Karlberg og Anders Røine og har høstet gode kritikker for musikken - som sprenger grensene for hva folkemusikk kan være. Sudan Dudan er nettopp tilbake fra turne i Japan og til sommeren er de klare for Øya-festivalen i Oslo. Billettpris: 150/200. Velkommen!

Hvattum på plass

Publisert: 05/01/2012

Forfattar Harald Hvattum er endeleg i gang med ferdigstillinga av bygdebøkene for Nord-Aurdal kommune. Hvattum er utdanna Mag.art i etnologi, er frilansskribent og har spesialisert seg som bygdebokforfattar med særleg kunnskap om Hadeland og Valdres. Vi ynskjer Harald velkomen til Valdres og Valdresmusea.

Kurs i søknadsskriving

Publisert: 05/01/2012

Valdres Natur- og Kulturpark, Verne Vøla og Valdresmusea inviterar til temakveld med fokus på søknadsskriving. Kurset er for dei som søkjer tilskott til istandsetjing av gamle hus og anlegg. Kurset gjeld spesielt for søknadar retta mot Kulturminnefondet. Tid og stad: 5. januar klokka 18.00 i festsalen på Valdres Folkemuseum.

Ny leiar ved bunad- og folkedraktinstituttet

Publisert: 03/01/2012

Stian Johan Roland er tilsett som ny leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Roland er oppvaksen i Øystre Slidre, han er 31 år gamal, sambuar og har fire born. Roland har mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskula i Telemark, samt studiet Drakt og samfunn. Roland har det siste året vore dagleg leiar for Valdres Folkemusikkarrangement AS, Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko.

Huga på kake?

Publisert: 03/01/2012

Kakeboksar er hyggelege minne om jul og kakebakst. I arbeidet med utstillinga ”Sju slag” har vi fått hjelp frå eit stort publikum. Forteljingar og minne om jul og kakeboksar har vore til stor hjelp i arbeidet med utstillinga, sjølv om det nok er innhaldet i dei som kallar på dei sterkaste kjenslene. Utstillinga står framme ut januar.

Nissevandring til Kvie

Publisert: 09/12/2011

Sundagane 11. og 18. desember har du sjansen til å helse på fjøsnissen på Kvie, ja, om han syner seg, då. Klokka 15.00, 16.00 og 17.00 går turen opp i låven på Kvie. Sleng deg med, om du tør. I festsalen i Velkomstbygget får du høyre segna om Trond i Høgesyn, haugakallen frå Åbjør.

Sju slag ventar på deg

Publisert: 02/12/2011

Kakeboksar er hyggelege minne om jul og kakebakst. I arbeidet med utstillinga ”Sju slag” har vi fått hjelp frå eit stort publikum. Forteljingar og minne om jul og kakeboksar har vore til stor hjelp i arbeidet med utstillinga, sjølv om det nok er innhaldet i dei som kallar på dei sterkaste kjenslene. Velkomen til museet sundag klokka 12.00.

Lindeman på vandring

Publisert: 29/11/2011

Torsdag 15. desember klokka 19.00 inviterer folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne og songar Stian Roland til arkivkveld på Folkemusikkarkivet på Valdres Folkemuseum. Temaet denne gongen er folkemusikksamlar og komponist Ludvig Mathias Lindeman (1812-1887) og melodiane han skreiv ned på sine reiser i Valdres i 1848 og 1865. Ei av dei han møtte på fyrste reisa var Berit på Pynten (1812-1899), fødd på husmannsplassen Brøta under Gryte i Vestre Slidre.

Pynta til jul?

Publisert: 26/11/2011

Har du pynta til jul? Dei fleste av oss ventar truleg eit par veker til, men når vi fyrst går i gang, er det som oftast med fine tekstilar og gjenstandar kjøpte i butikken. Slik var det ikkje før i tida. Sundag 4. desember opnar ei lita utstilling på Valdres Folkemuseum, "Julehandkle" heiter den og som viser gamaldags julepynt i avansert filerings- og firflettingsteknikk.

Skarke og utstilling på Valdres Folkemuseum

Publisert: 24/11/2011

Tida før jul blir i Valdres kalla skarke. Då startar førebuingane til jul: baking, rundvask, matstell og slakt. Sundag 4. desember skipar vi til skarke for 18. år på rad, denne gongen med opning av utstillinga "Sju slag", om kakeboksar og kakebaksttradisjonen i Valdres. Aktivitetar elles er juleverkstad, kurs i sopelimemaking, kakebaking, ljosstøyping og mykje mykje meir.

Stor interesse for julebukkane

Publisert: 24/11/2011

Etnedal kulturskule og Valdresmusea har fått 70 000 kroner frå Oppland fylkeskommune, til kreativt maskeverkstad og arbeidet med ein performance. Torsdag 8. desember er det premiere på framsyninga "Redd?", som tek for dei kunstnariske aspekta ved julebukktradisjonen. Mange har vist interesse for prosjektet. I dag kjem NRK på Etnedal skule for å filme førebuingane med framsyninga.

100 000 til utstilling

Publisert: 05/11/2011

Frå Stiftelsen Fritt Ord har Valdresmusea fått 100 000 kroner til arbeidet med utstillinga ”Folkemusikk og nazisme”. Utstillinga opnar sommaren 2012 og blir til i samarbeid med Holocaustsenteret, bladet Folkemusikk, Valdres folkemusikklag og mastergradsstudent Bjørnar Blaavarp Heimdal. I utstillinga spør vi kvifor folkemusikk og folkedans vart viktig i okkupasjonsmaktene sitt propagandaprogram under 2. verdskrigen.

Holme lovar pengar!

Publisert: 04/11/2011

Riksantikvar Jørn Holme besøkte Valdres torsdag, og fridde uhemma til eit lydhørt ordførarkorps. – De er blant dei beste i landet når det gjeld kulturminnesatsing, men me vil gjerne at de no aukar innsatsen og blir eit nasjonalt utstillingsvindauga, sa han. Riksantikvaren bidreg sjølv i dette arbeidet, ikkje berre med ambisjonar og rosande ord. Med innsatsen følgjer også pengar.

Riksantikvar Jørn Holme kjem til Valdres

Publisert: 02/11/2011

Torsdag 3. november kjem den fremste representanten for kulturminnevernet i Noreg på besøk til Valdres. Jørn Holme vart i 2009 utnemnt til Riksantikvar i Noreg. Riksantikvaren har i lang tid samarbeidd med Valdresregionen om viktige kulturminneoppgåver knytt til stavkyrkje og støl. Denne gongen kjem Riksantikvaren med ein viktig bodskap til oss - om pengar og ambisjonar for Valdresregionen.

Fire, fire! Renessansemusikk i festsalen

Publisert: 17/10/2011

Vokalgruppa Harmonica vart etablert for to år sidan. Fire, fire! er debutkonserten til gruppa, som det siste halvåret arbeidd med renessansemusikk. På repertoaret står musikk av Giovanni Pierluigi da Palestrina (1525–1594), Claudio Monteverdi (1567–1643), Thomas Morley (1557–1602) og John Dowland (1563–1626). Tid: tysdag 18. oktober klokka 19.00 på Valdres Folkemuseum. Inngang, gratis.

Tango for nybyrjarar

Publisert: 10/10/2011

Måndag 17. oktober klokka 19.00 kan du vera med på nybyrjarkurs i argentinsk tango, i festsalen på Valdres Folkemuseum. Instruktørar er Michael og Susanne Engelmann. Susanne er musikar og pedagog, Michael underviser tango ved den renommerte hollandske tangoklubben "Cuartito azul".

Fredags-quiz med Stein, Hanne og Finn Helge

Publisert: 22/09/2011

Kafé Valdres og Valdresmusea inviterer til quiz på Kafé Valdres fredag 23. september klokka 19.00. Finn Helge Lyster er kveldens quizmaster. Vi starter aftenen med tapas- og fingermatbuffet. Spis til du sprekker for 270,-. Fra baren kan folk kjøpe det de måtte ønske av drikke. Quizen begynner kl 20.00.

Smi deg ein dings

Publisert: 10/09/2011

90 skuleelevar frå Lidar, Rogne, Ulnes og Leira skuler fekk prøve seg med hammar og ambolt denne veka. "Smi deg ein dings" er eit nytt undervisningsopplegg om jern og smiing og elevane synte stor interesse om det dei fekk vera med på. På leit etter jernmalm, kolbrenning, smiing og konkurranse stod på programmet for elevane denne veka.

Sundagsforedrag avlyst

Publisert: 01/09/2011

Foredraget "Nyttevekstar frå natur og hage" som skulle vore arrangert sundag 4. september, er avlyst. Valdresmusea beklagar avlysinga, men visar til fleire spennande arrangement utover hausten, til dømes steinkyrkjetur, konsertar på Valdres Scene, kurs i kakebaking og foredrag om kropp og helse.

Noraker blir museumsdirektør

Publisert: 16/08/2011

Styret for Valdresmusea har i ekstraordinært styremøte måndag 15. august tilsett Anne Marit Noraker som ny direktør i selskapet. Noraker er oppvaksen i Aurdal, ho er 40 år, gift og har to barn. Sidan 1996 har ho arbeidd i Oslo byarkiv, i 2009-2010 hadde ho eit års engasjement i Norsk kulturråd.

2. gongs utlysing: Dagleg leiar NBF

Publisert: 10/08/2011

Valdresmusea har ledig fagleg leiarstilling med nasjonalt ansvarsfelt ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad. Instituttet er organisert som del av Valdresmusea, regulert av eige samarbeidsavtale med Kulturdepartementet. Søknadsfrist er 15. september.

Mjølkerampe på plass!

Publisert: 28/07/2011

Mjølkeramper er velkjente møtestadar langs landevegane. I 1930- og 40-åra starta meieria opp eigne bilruter som henta mjølka på gardane. Etter ei tid kom det krav om at dunkane skulle setjast på ramper. Slik fekk me ramper etter vegane der mjølkeruta køyrde. No har vi også fått mjølkerampe ved Valdres Folkemuseum. Handtverkar Ketil Bolstad har utført arbeidet.

Handverksdag på Bagn Bygdesamling

Publisert: 26/07/2011

50 personer var innom Bagn Bygdesamling sundag den 7. august då tradisjonelt handverk vart synt fram. Kirsten Langedrag, Truls Steinsæter og Kjell Steinsæter demonstrerte kunnskapane sine om sveiping, lin-, never-, lær- og skinnarbeider. Mange benytta òg høvet til å sjå utstillinga 'Bagn IL 100 år' og alle dei faste utstillingane på museet.

Sol av Isfolket går som planlagt

Publisert: 23/07/2011

Ei stor tragedie har råka landet. Kulturhendingar er med på å skape samhald og opplevingar i eit samfunn. Vi meiner at på ein dag som denne, er dette minst like viktig. Kveldens framsyning av Sol av Isfolket går som planlagt med ei lita markering i forkant.

Regnet som forsvann

Publisert: 20/07/2011

Tysdag 19. juli var det lagt til rette for langeleik- og lurkonsert på Tvengjistølen på Valdres Folkemuseum. Lenge såg det mørkt ut, for gjennomføringa av arrangementet, men etter fyrste lurtone såg regnet ut til å forsvinne og jammen titta ikkje sola fram òg. Dei 30 tilhørarane kunne kose seg med kvitkako, kaffi og saft, langeleikmusikk, forteljing - og Ole Kristian Nyhagen.

Open dag på Bagnsbergatn gard

Publisert: 19/07/2011

Sundag 24. juli kl. 11.00 er det open dag på krigsminnestaden Bagnsbergatn gard. Gudsteneste i det fri ved sokneprest Helge Hartberg. Omvisning ved styreleiar Kristian Bergsund. Sal av kaffi og kringle. Dramatiske hendingar utspann seg på denne garden i april 1940. Tyskarar som hadde innteke garden og teke 25 sivile til fange, vart angripe og nedkjempa av norske soldatar, medan dei sivile var innesperra i husa.

Konsert og foredrag på Tvengjistøle

Publisert: 17/07/2011

Tradisjonen tru skipar vi til konsert og foredrag, i samband med stølsdagane på Tvengjistøle. Tysdag 19. juli klokka 15.00 blir det konsert med Ole Kristian Nyhagen, Elisabeth Kværne og Ole Aastad Bråten. Torsdag 21. juli klokka 15.00 blir det foredrag og utstilling om stølstradisjonane på Aurdalsåsen, med Tove Skjelstad og Odd Sagbråten. Billettpris (gjeld heile museet): Vaksne kr. 85,-, born kr. 35,-.

Ikon på Bautahaugen

Publisert: 16/07/2011

Utstillinga Ikon er på plass på Bautahaugen i Hedalen. Ti fotografi er plassert ute i det vakre landskapet på museet, og fortel kva ti ungdomar frå Valdres tenkjer om barndomsminne og kulturminne i vår tid. Utstillinga vart synt fram fyrste gong i fjor sommar, og vart til i samband med markeringa av kulturminneåret i 2009. Utstillinga har blitt til med støtte frå Oppland fylkeskommune, kommunane i Valdres og Norsk kulturråd. Ikon opnar laurdag 23. juli klokka 12.00.

Tre dagar til premiere

Publisert: 11/07/2011

Torsdag 14. juli brakar det laus for fjerde år med Sol av Isfolket. I amfiet på Valdres Folkemuseum øver ungar og vaksne i natt og dag, for å finslipe på dansetrinn og replikkar. Enno er det ledige billettar til framsyningane. Desse kjøper du på museet, billettservice, posten eller på Narvesen.

Isfolket manglar sko - har du nokon til overs?

Publisert: 11/07/2011

Isfolket dansar skoa av seg og treng fleire pent brukte sko. Det er dyrt å kjøpe nytt, dessutan er det mange av oss som har ubrukte sko i skohyllene. Desse tek unødvendig mykje plass, gjer dei ikkje? Har du nokon liggande som du ikkje bruker, ta kontakt med museet eller Isfolket!

Eli og Anne på Tvengjistøle

Publisert: 10/07/2011

Endeleg er budeiene på plass! I tre veker skal Eli Grøndalen og Anne Onstad (13) syte for liv i stølshusa på museet. Kinning, separering, ysting og demonstrasjon av stølshandverk står på programmet. Anne er allereie eit grepa budeie-emne: Spesialiteten er steiking av kvikako. Hels på budeie, du også!

Skilt og katalog

Publisert: 08/07/2011

Ved Valdres Folkemuseum kan du no vera din eigen guide. Nye informasjonsskilt på alle dei 100 antikvariske husa gjer det lettare å lesa seg opp på kulturhistorie og byggjeskikk i Valdres. Ein flunka ny katalog fortel òg om utstillingane, Velkomstbygget, aktiviteten og anlegget på Storøyn. Nysgjerrig? Ta deg ein tur du også!

Lei regnet? Gå på utstilling!

Publisert: 08/07/2011

Det regnar, kva skal ein finne på? Valdres Folkemuseum er det aller beste alternativ for deg som vil gjera anna enn å sjå på regnet. "Folkekunst", "Slåtten", hatteutstilling og nydelege folkedrakter er berre nokre av utstillingane ved Valdres Folkemuseum i sommar. Som om ikkje det var nok: Kafe Valdres og Nystøga serverer herleg tradisjonskost, og ute øver barn og vaksne til premiere på Sol av Isfolket.

Griseline og Søla

Publisert: 04/07/2011

Namnvalet er klart! Under sesongopninga på Valdres Folkemuseum, sundag 12. juni kom det inn 55 forslag på namn til dei nye grisane våre. Valet fall til slutt på Griseline og Søla. Dei tre forslagsstillarane, Ørjan Kvien Sæternes og Synne og Andreas M. Flaten vil få ei gåve tilsendt.

Brødbakst i Flatigardsbygningen

Publisert: 04/07/2011

Selma French Bolstad og Anna Ueland syter for underhaldning og nybaka brød i Flatigardsbygningen, kvar dag i tre veker. Dei to driftige damene er godt vande med både fyring i vedomnar og underhaldning. I fleire år har dei markert seg som dyktige utøvarar med piano, gitar, song og fele.

Kulturhistorisk vandring, Hougsrudskogen

Publisert: 28/06/2011

Sundag den 3. juli tek vi turen til skogs att. I år går vi inn til Flaghytta, ei tømmerkoie som ligg i Hougsrudskogen i Begnadalen. Møt fram ved Piltingsrud gard i Begnadalen klokka 10.00 sundag 3. juli. Felles køyring opp i åsen, 30 minutt lett gange inn til tømmerkoia.

Familiedag på Bagn Bygdesamling

Publisert: 20/06/2011

Stor suksess for familiedagen på Bagn Bygdesamling laurdag den 25. juni. Mange fann vegen til bygdesamlinga sist laurdag då vi for fyrste gong markerte starten på sommarsesongen med liv og røre ute og inne. Det gode veret gjorde sitt til at dei om lag 200 frammøtte kunne kose seg i sola med grillmat, lappar, kaffe og is. For dei minste var dyra særs populære innslag, kyr, høns og killingar.

Slåtten har opna

Publisert: 19/06/2011

40 frammøtte fekk med seg opninga av utstillinga "Slåtten - enga, reiskapen og arbeidet" på Valdres Folkemuseum, sundag 19. juni. Torill Thømt, Hans Petter Evensen, Kathrin, Thomas, Brage og Sondre Aslaksby gav ein introduksjon til emnet. Mest merksemd fekk likevel Thomas, Brage og Sondre som viste oss korleis ein lagar skikkelege rivetindar.

Stor aktivitet på Valdres Scene

Publisert: 17/06/2011

Valdres Scene har sett saman eit spennande program for 2011. I juli brakar det laus med teaterframsyninga "Høyt oppe i fjellet". Teateret blir spelt 19. juli kl 12.00 og kl 14.00 og 20. juli kl 12.00 og kl 14.00, i festsalen på Valdres Folkemuseum. Inngang: kr 50,-. Framsyninga er skrive for barn i alderen 0-3 år, men passar sjølvsagt godt for foreldre og besteforeldre!

Rydd eit kulturminne!

Publisert: 15/06/2011

Tysdag 14. juni var 20 sjuandeklassingar frå Etnedal skule i sving på Gravsta'n i Etnedal. Sidan 2008 har elevar frå Etnedal skule utført viktig skjøtselsarbeid på den snart 200 år gamle private kyrkjegarden. Elevane fekk orientering om historikk, segner, og restaureringsarbeid i nyare tid, før dei gauv laus på teinung og kratt.

"Slåtten - enga, reiskapen og arbeidet"

Publisert: 12/06/2011

Valdresmusea inviterer til opninga av utstillinga ”Slåtten – enga, reiskapen og arbeidet”, sundag 19. juni klokka 12.00 på Valdres Folkemuseum. Utstillinga fortel om grasproduksjon i eldre tid, om samspelet mellom menneske, dyr og natur, og om hausting av fôr med enkle reiskapar.

God dag på Valdres Folkemuseum

Publisert: 12/06/2011

Fleire hundre barn og vaksne valde å ta turen til museet på Fagernes, fyrste pinsedag. Inne i utstillingshallane var det opning av utstillingane "Folkekunst" og "Aslaug Heggelunds mote- og manufakturforretning". Ute på området kunne ungane helse på dei nye grisane, besøke gardkjeringane Anne Marie Aastad Bråten og Rigmor Ranheim på Kviistunet, smaka hardangerlefsene til Marit Trøen Tvenge og "puff"-kakene til Anna Kompen og Astrid Juven Klevgård. Spikking, profilhøvling, hopping i høyet og mykje anna stod på programmet.

Sesongopning for Valdres Folkemuseum

Publisert: 11/06/2011

Ein sommardag på Valdres Folkemuseum er tradisjonsrik og mangfaldig. Her er budeier, spelemenn og utanlandske turistar, som alle søkjer det nære møtet, den gode smaken, den store opplevinga. Valdres Folkemuseum opnar dørene sundag 12. juni. Velkomen!

150 feira Knut Hauge (1911-1999)

Publisert: 31/05/2011

Eit fantastisk jubileumsarrangement, til minne om forfattaren Knut Hauge, er berre så vidt i gang på Valdres Folkemuseum. Olav Gullik Bø held eit rørande kåseri om vågale, modige og rause Knut Hauge. I skrivande stund er det Slidrespretten som underheld i amfiet, og om 30 minutt er det professor Liv Bliksrud og 1. amanuensis Ingeborg Kongslien som skal fortelja om forfattaren og den historiske romanen som litterær sjanger.

Ledig stilling som dagleg leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Publisert: 30/05/2011

Vår daglege leiar sluttar og startar ved eit anna museum, vi søkjer etter dagleg leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad. Vårt mål er å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, bruk og tilverking av desse drakttypane. Det er beslutta å ha ny utlysing for stillinga, frist 15. september.

Ledig stilling som direktør ved Valdresmusea

Publisert: 30/05/2011

Ledig stilling – direktør for Valdresmusea AS. Valdresmusea er driftsorganisasjon for regionmuseet i Valdres og med fire lokalavdelingar: Bautahaugen Samlinger, Bagn Bygdesamling, Gardbergfeltet med Einangsteinen og Valdres Folkemuseum. der også Norsk institutt for bunad og folkedrakt held til.

Museumsstemne på Bagn Bygdesamling

Publisert: 24/05/2011

Velkomne til årets museumsstemne laurdag 28. mai på Bagn Bygdesamling. I år er det stor markering av 100-årsjubileet til Bagn Idrettslag. Det blir arrangert sykkeltur frå Fossvang på Bagn klokka 14.30. Stemnet på Bagn Bygdesamling starter klokka 16.00

17. mai ved Valdres Folkemuseum

Publisert: 18/05/2011

Det var lagt opp til eit tradisjonelt 17. mai-arrangement ved Valdres Folkemuseum 17. mai. Med cirka 2000 innafor skigarden var det ei stor utfordring for foreldra som hadde ansvaret for arrangementet. Veret vart godt, og sola skein over museet denne dagen. Store og små kosa seg i godt fellesskap, fine leikar for ungane, gode kaker og kaffe for dei vaksne.

Dirkektørskifte ved Valdresmusea AS

Publisert: 18/05/2011

Torveig Dahl har sagt opp stillinga som direktør ved Valdresmusa frå og med medio august. Dahl startar i tilsvarande stilling for Gudbrandsdalsmusea AS. Det er private årsaker til at ho ynskjer eit skifte. Det å vera vekependlar er ikkje noko ho ynskjer å halde fram med resten av yrkeslivet, seier ho, og nå får ho høve til å bu heime og jobbe i Gudbrandsdalen.

Rakedugnad på Valdres Folkemuseum

Publisert: 11/05/2011

Tysdag 10. mai var det rakedugnad på Valdres Folkemuseum i regi av Vennelaget, og i samarbeid med Valdres Rotary med nesten 30 frammøtte. Valdresmusea takkar for god hjelp i vårpynten av friluftsmuseet.

Årskort 2011

Publisert: 10/05/2011

Valdresmusea har no produsert ferdig årskortet for 2011. Dette gir adgang til Valdres Folkemuseum for eigaren av kortet, i tillegg til ein vaksen person eller eit barn under 16 år. Kortet gjeld i normal opningstid heile året. Korta er nummererte og er i bankkortstorleik som passar godt inn i lommeboka. Illustrasjonen er kvart år henta frå samlingane ved museet.

Bunad og folkedraktutstilling opna 7. mai

Publisert: 04/05/2011

Norsk institutt for bunad og folkedrakt opna ny basisutstilling om bunad og folkedrakt på Valdres Folkemuseum laurdag 7. mai kl. 13.00. Utstillinga fortel om bunad- og folkedrakttradisjonane i Noreg og om arbeidet ved instituttet på Fagernes. Leiaren i det statleg oppnemnte Bunad- og folkedraktrådet, Kjærsti Gangsø og dagleg leiar ved instituttet på Fagernes, Anne Kristin Moe, sto for opninga.

Påskeveka

Publisert: 15/04/2011

Valdresmusea sine avdelingar Bagn Bygdesamling, Bautahaugen Samlinger og Valdres Folkemuseum er stengt i påska, men du er velkomen til å bruke musea som turområde! Kafé Valdres på Valdres Folkemuseum har eigne opningstider, sjå oppslag og plakat langs vegen - eller ring 907 22 280.

Magnus Daleng til minne

Publisert: 11/04/2011

I år er det er hundre år sidan spelemannen Magnus Daleng frå Øystre Slidre vart fødd. Valdres Folkemusikkarkiv markerer dette med arkivkveld i folkemusikkhuset på Valdres Folkemuseum, onsdag 13. april kl 19.30. Gjennom ord og tonar vil spelemannen Trygve Bolstad fortelje om onkelen sin og spele låttar han brukte.

Tore Pryser fortel om Valdres i 1814

Publisert: 31/03/2011

Sundag 3. april klokka 15.00 på Valdres Folkemuseum fortel Tore Pryser om hendingane på Eidsvoll i 1814. Korleis oppfatta vanlege folk i Oppland og Valdres det som skjedde, og det faktum at Noreg hadde fått eit konstitusjonelt styresett med basis i ein grunnlov? Tore Pryser vil så langt det let seg gjere, trekke fram døme på valdrisar som tok del i hendingane i 1814.

Valdresmusea med jordvarmeanlegg

Publisert: 30/03/2011

Før jul i 2010 fekk Valdresmusea ei løyving frå Kulturdepartementet på 1,1 millionar kroner. Dette skulle brukast til alternativ energikjelde for Velkomstbygget, som vart opna 7. juni i fjor. No går vi i gang med borring av ni hol i bakken ved Velkomstbygget, for seinare å skulle hente opp jordvarme til eit lokalt anlegg. Les meir i pekaren under om alternativ tilkomst til museet i anleggsperioden.

Tømmerkjøyring med noko attåt

Publisert: 21/03/2011

Det vart ein opplevingsrik dag for dei vel 60 frammøtte på Piltingsrud gard i Begnadalen sundag 20. mars. Tømmeret vart kjøyrd med ein særs stødig ardennerhest, og den ikkje mindre stødige hestekaren Jon Rørvik demonstrerte korleis det skal gå for seg med hest, bukk og geit.

Foredrag om profilhøvlar

Publisert: 16/03/2011

Torsdag 24. mars kjem Jarle Hugstmyr frå Norsk Handverksutvikling på Maihaugen, til Valdres Folkemuseum for å fortelja om profilhøvling og -høvlar. Foredraget er ein fin forsmak på kurset (om same emnet) som startar dagen etter. På museet er og ei flott utstilling om byggjeskikk i Noreg frå 1600-talet til cirka 1930. Få med deg denne også!

Lag din eigen høvel

Publisert: 16/03/2011

25. og 26. mars kjem Jarle Hugstmyr frå Norsk Handverksutvikling på Maihaugen til Valdres, for å læra bort kunsten å laga høvlar. Jarle har bakgrunn som handverkar og høvelmakar, han har halde fleire kurs, og også forska på temaet. Interessert? Ta kontakt med bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi på mobil 976 89 065, eller odd.arne.rudi@valdres.museum.no

Tømmerkjøyring på Piltingsrud gard

Publisert: 14/03/2011

Bli med på gamaldags tømmerkjøyring for store og små på Piltingsrud gard i Begnadalen sundag 20. mars klokka 12.00. Gudbjørg Fønhus Stensrud les klokka 13.00 frå Mikkjel Fønhus si bok Hallings-Svarten. Det blir bålkos med kaffe og lefse og høve for grilling av medbrakte pølser.

Regionale folkemusikkmidlar i Valdres

Publisert: 13/03/2011

Fristen for å søke om tilskott til lokale folkemusikkproduksjonar er tysdag 15. mars. Produksjonane skal vere retta mot ungar i barnehagane skal eller inngå i Den kulturelle skulesekken.

Langeleiktradisjonen i Sør-Aurdal

Publisert: 07/03/2011

10. mars klokka 19.00 på Bagn Bygdesamling kåserer folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne om langeleiktradisjonen i Sør-Aurdal. Ragna Brenno Frydenberg (1906-2006) var ein sentral utøvar her, og ein av få formidlarar av speltradisjonen etter Ola Brenno (1865-1957). Det blir langeleikspel og sal av kaffe og vaflar. Velkomne!

Spikjipølsekveld på Bagn Bygdesamling

Publisert: 25/02/2011

Velkommen til spikjipølsekveld torsdag den 3. mars klokka 19.00 i Stabelbygningen på Bagn Bygdesamling. Else Marit Lybekk demonstrerer og fortel om gamle spikjipølsetradisjonar frå Sør-Aurdal, mellom anna om skilnaden på spikjipølse og kurv. Det blir smaksprøve av fersk spikjipølse med flatbrød.

Husflidskveld på Valdres Folkemuseum

Publisert: 24/02/2011

Onsdag 2. mars kl. 18.00 ynskjer vi husflidsinteresserte i Valdres velkomen til hyggekveld i peisestova på museet. Valdresmusea har sidan 1960-talet satsa stort på formidling av husflid og handverk. Vi vonar dei frammøtte vil vera med å drøfte korleis vi særleg skal ta vare på dei gamle kvinnehandverka og formidlinga av desse ved museet.

Utstillingar ved Valdres Folkemuseum

Publisert: 21/02/2011

På Valdres Folkemuseum kan du sjå utstillingane "Valdresrosa", ”Teppe frå vogge til grav” og ”Byggjeskikk 1600-1930”. Mange hadde møtt fram til opninga av byggjeskikkutstillinga sundag 20. februar. Utstillinga er laga av Fortidsminneforeningen. Gratis inngang for dei med årskort.

28 søkjarar til vaktmeisterstilling

Publisert: 16/02/2011

Det var mange gode søkjarar til den ledige stillinga som vaktmeister/handverkar ved Valdresmusea. Ketil Bolstad har fått tilbod om jobben og har takka ja.

Handverkskurs

Publisert: 11/02/2011

Tysdag 22. februar klokka 19.00 kjem Eivind Falk frå Handverksregisteret på Lillehammer til Valdres Folkemuseum. Eivind er oppteken av dei små handverka, og vil prate om kvifor det er viktig at vi tek vare på nett desse. Vi oppmodar særleg dei som driv med "smale" handverk om å møte opp.

Foredrag om bygningsvern

Publisert: 08/02/2011

Bygningsvernrådgjevar i Valdres, Odd Arne Rudi, held foredrag om bygningsvern torsdag 10. februar kl. 19.00 på Bagn Bygdesamling. Odd Arne gjev elles råd og rettleing for eigarar av eldre hus, i form av synfaring, skriving av tilstandsraportar og tips om gunstige støtteordningar. Inngang kroner 40,-. Enkel servering.

Foredrag om raude låvar

Publisert: 03/02/2011

Sundag 6. februar klokka 13.00 på Valdres Folkemuseum held etnolog Arne Lie Christensen foredrag om de store endringane i landbruket på 1800-talet, og konsekvensane desse fekk for fjøs- og låvebygginga i Noreg. Christensen er etnolog og har skrive ei rekke bøker om kulturlandskap og byggjeskikk.

Moldestad på Valdres Scene

Publisert: 02/02/2011

Valdres Scene inviterte til musikalsk heilaften med Sigrid Moldestad, fredag 11. februar klokka 19.00 på Valdres Folkemuseum. Sigrid Moldestad sang og spelte fele, åleine og saman med Sigbjørn Apeland på trøorgel. Moldestad har ei særeigen røst og eit kraftfullt bogedrag og formidla musikken på ein måte som sat att i dei frammøtte. Lenge. Arrangør: Austnorsk folkemusikksenter, Valdresmusea og Valdres folkemusikklag.

Tilskott til musikarar

Publisert: 31/01/2011

Kommunane i Valdres har sett av 60 000 kroner til fordeling til Valdres-musikarar i 2011. Midlane skal fordelast på mellom 2-4 produksjonar med røter i folkemusikk- og dansetradisjonane i Valdres. Produksjonane skal inngå i Den kulturelle skulesekken eller vere retta mot barnehagar. Send søknad til Valdresmusea v/ folkemusikkarkivaren innan 15. mars. For meir informasjon, sjå www.valdres.no/valdresportalen eller http://valdresmusea.no/folkemusikkarkivet.

Valdresmusea søkjer vaktmeister/handverkar

Publisert: 24/01/2011

Valdresmusea har ledig fast stilling som vaktmeister frå 1. mai 2010. Stillinga har ansvaret for drift, brannvern og teknisk medansvar ved arrangement (planlegging og gjennomføring) ved museet. Stillinga inngår i ein handverkar- og vaktmeisterstab med til saman 5 årsverk. Vi legg vekt på innsatsvilje og samarbeidsevne.

Quiz på museet

Publisert: 23/01/2011

Fredag 19. januar arrangerte Kafe Valdres quiz i kafeen på Valdres Folkemuseum. Finn Helge Lyster var quizmaster og førte dei vel 70 frammøtte deltakarane gjennom 50 spørmål fordelt på ti ulike tema. Kafevertar Stein og Hanne lovar fleire quiz-kveldar i tida framover, i tillegg til nydeleg fingermat og godt drikke.

Verdas fyrste islangeleik

Publisert: 21/01/2011

Torsdag 20. januar kom verdas fyrste islangeleik heim til Valdres. Langeleiken er laga av iskunstanren Bill Covitz frå USA som er på Ice Music Festival på Geilo. Det tok sju timar å lage instrumentet, frå isblokka vart skore ut i Vatsfjorden til langeleiken var klar for konsert. Langeleiken er utstilt på Valdres Folkemuseum. Utstillinga varar vonleg til utpå våren eingong.

Store gåver frå vennelaga

Publisert: 18/01/2011

Vennelaget for Valdres Folkemuseum trør til i samband med dei store arrangementa. Utan denne friviljuge hjelpa ville det ikkje vore mogleg å gjennomføre korkje Jørn Hilme-stemnet, Sol av Isfolket eller Skarka. Ved Bautahaugen Samlinger er vennelaget heilt sentralt i formidlinga på Bautahaugen kvar sommar. Valdresmusea takkar for pengegåver og hjelp.

Imponerande Nordic

Publisert: 15/01/2011

50 entusiastiske publikumarar fekk full valuta for pengane, fredag kveld på Valdres Folkemuseum. Supergruppa Nordic er Sveriges beste folkemusikk-band. Med sjarme og speleglede opplever dei tre gutane stor suksess i Sverige og i utlandet. Nordic har røtene plassert i folkemusikken, men søkjer fritt etter nye musikalske uttrykk.

Mange på museum i 2010

Publisert: 14/01/2011

Mange fann vegen til Valdresmusea sine avdelingar i 2010. Det totale besøket for året var 40 466 personar. Det er ein framgang på 2 286 frå året før. Franskemnn er største utanlandsgruppe ved Valdres Folkemuseum med 3 121 besøkande. Ekstra gledeleg er det at 7 000 ungar har vore innom musea dette året. Musea jobbar særskilt mot barn og ungdom og har ei von om at talet skal bli endå høgare i 2011.

Rekordbesøk i Gardbergfeltet i 2010

Publisert: 12/01/2011

1941 besøkande skreiv seg inn i gjesteboka i Gardbergfeltet i 2010. Til no har folk frå 60 nasjoner besøkt det unike feltet. Valdresmusea har gjennom ei samarbeidsavtale med Oppland fylkeskommune, ansvaret for fagleg utvikling, formidling og skjøtsel av Gardbergfeltet.

Nordic på Valdres Folkemuseum

Publisert: 06/01/2011

Austnorsk folkemusikksenter og Valdresmusea presenterer denne vinteren ei konsertrekkje i lag med ulike medarrangørar. Fyrste konserten er fredag 14. januar klokka 19.00 i festsalen på Valdres Folkemusuem, og er med den supergruppa Nordic. Gruppa har hausta åtgaum og gode kritikkar for sitt distinske lydbilete, groove og evne til improvisasjon.

Julegåve frå Kulturdepartementet

Publisert: 15/12/2010

Kulturminister Anniken Huitfeldt (A) spreier varme til Valdres: I pausen medan Noreg spelte EM-kamp i handball på Lillehammer, fekk Valdres Folkemuseum overrekt ei julegåve på 1,1 millionar kroner - til varmepumpe i det nye Velkomstbygget.

Lysfest på Bautahaugen

Publisert: 29/11/2010

Husmorlaget i Hedalen og vennelaget for Bautahaugen arrangerer lysfest med julesal og utlodding, laurdag 4. desember frå klokka 12.00. Festen opnar med pølsegrilling, kaffi- og loddsal i Brakastuggua, sidan går det slag i slag med servering av graut klokka 15.00, julegrantenning klokka 15.30 (skraddartime med MORMOR før julegrantenninga) og til sist, trekning. Hovudgevinst er dokke med garderobe (sjå bilete). Alle er hjartelege velkomne.

Skarke på Valdres Folkemuseum

Publisert: 23/11/2010

Tida før jul blir i Valdres kalla skarke. Då startar førebuingane til jul: baking, rundvask, matstell og slakt. I skarka på Valdres Folkemuseum fyrar me i omnane og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Skarke blir arrangert for 17. gong og er eit tradisjonsrikt arrangement. Klikk på "Les meir" for meir informasjon om arrangementet.

Bok om Erling Stordahl

Publisert: 25/10/2010

I 2005 fikk Opplandsarkivet ved Valdres Folkemuseum en henvendelse fra Espen Andersen ved Norges Idrettshøgskole, som ville skrive en historisk analyse av Erling Stordahl og utviklingen av helsesporten i Norge. Boka om Erling Stordahl er nå ferdigskrevet og kan kjøpes i butikken på Valdres Folkemuseum.

Jubileumskonsert

Publisert: 25/10/2010

I år er det 100 år sidan fem store spelemenn vart fødd i Valdres; Ola Bøe og Harald Fylken frå Vestre Slidre, Ola Grihamar frå Vang, Torgeir Bolstad og Olav Hegge frå Øystre Slidre. Valdresmusea og Valdres Folkemusikklag markerer jubileet med ein konsert på Valdres Folkemuseum fredag 29. oktober kl. 19.00. Spelemenn på konserten er Oddbjørn Skeie, Trygve Bolstad, Helge Myrheim, Niels Røine, Jan Beitohaugen Granli, Henning Andersen, Magne Olav Selland, Jan Arne Sebuødegård, Erik Onstad, Sivert Holmen og Oddrun Hegge. Open kafé i pausen. Inngang kroner 100,-

Konsertscener i bygde-Noreg

Publisert: 19/10/2010

For den gode musikkopplevinga på store og små scener, har konsertarrangøren eit stort ansvar. Har du som konsertarrangør god nok kompetanse eller treng du eit løft og inspirasjon for vidare drift? 70 seminardeltakarar vil i løpet av komande helg lære meir om korleis ein skal bli betre som konsertarrangør. Arrangør av seminaret er Austnorsk folkemusikksenter i samarbeid med Rytmisk kompetansenettverk for Austlandet.

Forelesingar om folkedans

Publisert: 07/10/2010

13.–17. oktober blir det forelesingar om folkedans på Valdres Folkemuseum ved Egil Bakka, Siri Mæland, Live Karin Liaskar, Ingar Ranheim, Jan Petter Blom, Stian Roland og Gro Marie Svidal mfl. Bakgrunnen er at Valdresmusea samarbeidar med Rff-senteret og dansevitenskap ved NTNU om gjenomføringa av den andre av totalt seks studiesamlingar på studiet ”Tradisjonskunnskap folkedans I og II”. Forelesingane er ope for publikum og gjev unike høve til fordjuping i norske dansetradisjonar med utgangspunkt i dansearkivet og forskinga ved Rff-sentret.

Utstillingar på Valdres Folkemuseum

Publisert: 03/10/2010

Sjølv om sommarsesongen er over er det framleis mykje å lære og sjå på Valdres Folkemuseum. Her er fleire fine utstillingar, Ikon, til dømes. Denne vart til i samband med kulturminneåret i 2009. Utstillinga står fram til november, då legg ho ut på rundreise i Valdres. Gamle instrument og Torleiv Bolstad (1915-1979) si premiesamling har kome til sin rett i Velkomstbygget. Det same har utstillinga "Minner fra migrasjon". Kald og svolten? Kafeen sel varme rettar og herlege kaker. Velkomen!

Munnharpe- og langeleikfestival

Publisert: 21/09/2010

24.–26. september er Munnharpe- og langeleikfestival på Valdres folkemuseum. Etter at den fyrste munnharpefestivalen var arrangert på Fagernes i 1992 har festivalen ambulert rundt om i landet. No når Valdres er vertskap for festivalen for tredje gong, omfattar han også langeleik og langeleikspel. Festivalen viser i tillegg ei spennande utstilling med nye og gamle instrument og dansedokker. Møt opp på konsertar, kurs, plateslepp og seminar fredag, laurdag og sundag på Valdres Folkemuseum.

Måndagskåseri: Bjørnen i kyrkja

Publisert: 31/08/2010

Hedalen stavkyrkje har eit bjørneskinn. Ulnes kyrkje har ein bjørnelabb. Kvifor er bjørneskinn omtala i 25 norske kyrkjer? Kva har eigentleg bjørnen i ei kyrkje å gjere? Måndag 6. september kl. 11.00 kåserer konservator Jahn Børe Jahnsen om bjørneskinn i mellomalderkyrkjer: Bjørneskinnet i Hedalskyrkja, bjørnelabben i Ulneskyrkja, bjørnekloa i Mo kyrkjeruin, og ”kyrkjebjørnar” elles i Skandinavia.

Jerndagar på Valdres Folkemuseum

Publisert: 28/08/2010

1.-4. september er det jerndagar att ved Valdres Folkemuseum. Smedar frå heile landet vil syne kunsten å smi, i Lomissmia og i mobile esser. Jernvinna er eit av satsingsområda ved Valdresmusea. Frå og med hausten 2010 er jern og smiing eit av tilboda til barn og unge gjennom formidlingsordninga Den Kulturelle Skulesekken. Les meir om arrangementet under peikaren "Les meir".

Amerikansk admiral på besøk på Valdres Folkemuseum

Publisert: 19/08/2010

Sjefen for den amerikanske marine, admiral Gary Roughead, har vore på snarvisitt i Valdres. Årsaken var at fru Roughead har slekt i Valdres, på Gryte i Lomen i Vestre Slidre kommune. Jentenamnet hennar var Veflen, og ho kunne godt hugse bestemora som var fødd i Noreg.

Jerndagar på Valdres Folkemuseum

Publisert: 03/08/2010

Nils J. Lykken frå Øystre Slidre kan kunsten å smi jern. 14. og 15. august kjem han til museet og vil demonstrerer smiing i gamle Lomissmia. Barn og ungdom er særleg velkomne! Jernvinne og smiing er eit av fleire satsingsområde ved Valdresmusea. Torill Thømt, 1. konservator ved Valdresmusea, har produsert eit flott hefte om jern i smiing i Valdres og til hausten blir det jerndagar med smiing og foredrag på museet. Sjå kalender.

Auka besøk ved Valdres Folkemuseum

Publisert: 30/07/2010

Samanlikna med 2009 har ein ved utgangen av juli ein besøksauke på cirka 4000. Innan Jørn Hilme-stemnet er over vil cirka 20 000 ha besøkt Valdres Folkemuseum i 2010. Vi har enno ikkje tal frå dei andre avdelingane.

Kulturpolitisk seminar

Publisert: 30/07/2010

Valdres Folkmeusikkarrangement og Valdresmusea arrangerte kulturpolitisk seminar fredag under Jørn Hilme-stemnet. Tema i år var festival som kulturberar i regionen. Dette er fjerde gongen vi arrangerer eit slikt kulturpolitisk seminar. Etter fleire innlegg var det gode drøftingar av ulike sider ved festiValdres.

Jørn Hilme-stemnet er igang

Publisert: 30/07/2010

I år er det femti år sidan Jørn Hilme-stemnet var arrangert for fyrste gong. Stemnet har vokse sidan den gong og i år markerer vi jubileet med eigen jubileumskonsert. Elles er festivalen som før om åra: kurs, dans og flotte konsertar på museumsområdet fredag, laurdag og sundag. Les meir på www.hilme.no

Billettar Sol av Isfolket

Publisert: 22/07/2010

Det er framleis mogleg å kjøpe billettar til friluftsteateret Sol av Isfolket. Billettane kan kjøpast på www.billettservice.no, på turistkontoret på Fagernes eller på Valdres Folkemuseum. Vi reserverer billettar for kvar framsyning etter avtale. Ring 61 35 99 00 eller kjøp direkte på museet i opningstida, eller to timar før kvar framsyning.

Åpen dag på Bagnsbergatn gard

Publisert: 20/07/2010

Mange møtte fram då det sundag 18. juli vart arrangert Åpen dag på krigsminnestaden Bagnsbergatn gard ovanfor Bagn. Kristian Bergsund, styreformann ved Bagn Bygdesamling, fortalde frå krigshendingane på staden, og det var mogleg å sjå seg om i bygningane med den dramatiske historia.

Stemningsfull kveldsete på Bygdesamlinga

Publisert: 20/07/2010

Andris og Bente Hemsing ga dei frammøtte på Bagn Bygdesamling ei musikalsk oppleving dei seint vil gløyme. Låttar og songar frå Sør-Aurdal fekk fram gode minne hos mange i publikum, som også fekk høyre musikk av ungararen Bela Bartok. Etter konserten kunne dei vel 30 frammøtte kose seg med kaffi og vaflar og ein prat med dei trivelege musikarane

Stor interesse for Isfolket

Publisert: 17/07/2010

Sol av Isfolket får mykje merksemd i lokal og nasjonal presse for tida. Aftenposten, Dagbladet, Klassekampen, Nationen, Oppland Arbeiderblad og NRK har levert store saker om teateret og Margit Sandemo siste månaden. Særleg nyheita om at Sagaen om Isfolket skal bli tv-serie har vekt interesse i heile landet.

Isfolket er i gang

Publisert: 16/07/2010

Ståande applaus for Sol av Isfolket! Skodespelarar og dansarar leverte ein fantastisk premiereframsyning, torsdag 15. juli på Valdres Folkemuseum. Nye scenekunstnarar gjev teateret eit solid løft i årets framsyning: Dansaren Ola Stinnerbom frå Sverige og skodespelarane Ellen Birgitte Winther, Frode Winther og Svein Harry Schöttker Hauge er nye namn i den profesjonelle stammen i år.

Ysting på Tvengestølen

Publisert: 13/07/2010

Ysting stod på programmet i dag, for budeie Margit Gardshaug på Tvengestølen. "Stølsdagar" er eit populært tiltak og turistar frå Tyrkia, Nederland, Danmark, Kroatia, Årnes og Gudbrandsdalen fekk sjå korleis kvit ostemasse vart pressa saman i osteforma.

Stølsdagar på Valdres Folkemuseum

Publisert: 13/07/2010

"Stølsdagar" har begynt på Valdres Folkemuseum. Måndag kveld samla om lag 20 personar seg om musikken til Atle Lien Jensen. Jensen har motteke fleire prisar (Egil Storbekkens minnepris og Haltegutprisen) for arbeidet med tradisjonsmusikken i Hedmark. Under konserten fekk vi høyre musikk frå grenseområda: Jensen spelte på fløyter, mandolin, einradar, fele - og tungehorn, som han òg har skrive masteroppgåve om på Høgskulen i Rauland.

Kjøp billettar no!

Publisert: 09/07/2010

Billettar til Sol av Isfolket kjøper du på www.billettservice.no, i museumsbutikken på Valdres Folkemuseum og på turistkontoret på Fagernes. Hugs at ei oppleving kan vera den aller beste gåve. Teateret er elles godt eksponert i media. Laurdag 10. juli er det reportasje om teateret i Aftenposten. Onsdag 14. juli er Margit Sandemo gjest i NRK Sommeråpent.

Folk og fe på Valdres Folkemuseum

Publisert: 05/07/2010

På Kvietunet kan du leve deg 100 år tilbake i tid. Gardsfolket vaskar, lagar mat og hogg ved. På enga syter slåttekaren for at slåttonna går sin gang. Reiedeiene driv med handarbeid i ledige stunder, men er du heldig kan det bli ein kaffisup og nysteikte kvikaker. Born som kjem innom kan få kle seg ut og delta i arbeidet på garden.

Historisk vandring til Hølersetre

Publisert: 30/06/2010

Det vart ein minnerik dag for dei 120 som deltok på den historiske vandringa til Hølersetre i Bagn vestås sundag den 27. juni. Om lag 55 personar fekk òg med seg vandringa på den gamle setervegen fram til Hølersetre, med Nikolai Øyhus som ein kunnskapsrik og underhaldande førar.

Badstoga i Brunbakke er på plass

Publisert: 25/06/2010

Museumshandverkarane Svein Bergsbakken og Erland Thon har satt opp att den restaurererte badstoga, på Brunbakke i Hedalen. klikk på peikaren Bautahaugen for å få meir info om restaureringa og tilbakeføring av badstoga.

Lukten av historie

Publisert: 25/06/2010

Knut Olav Åmås, kultur- og debattredaktør i Aftenposten, sto for den høgtidelege opninga av Velkomstbygget ved Valdres Folkemuseum 7. juni. Vi har fått lov til å legga ut talen hans på våre heimesider, og meiner den er eit interessant innspel til vårt museumsarbeid.

Museumskafeen og Velkomstbygget

Publisert: 22/06/2010

8. juni opna Valdresmusea museumskafé i Velkomstbygget. Stein Thorsen har fløtta verksemda si frå Fagerborg Gjesthus på Leira, til museet på Fagernes. Kafeen serverer eit mangfald av tradisjonsmat frå Valdres og er ope kvar dag.

Styremøte i strålande vêr på Bautahaugen

Publisert: 22/06/2010

Styret for driftsselskapet Valdresmusea AS hadde sitt årlege møte på Bautahaugen 21. juni. Møtet starta med ei befaring i den restaurerte badstua i Brunbakke som no er under oppføring på opphaveleg stad i desse dagar. Etterpå var det befaring på Bautahaugen saman med Elling Fekjær.

Ode til Velkomstbygget

Publisert: 21/06/2010

Under middagen for alle Velkomstbygg-involverte framførte konservator og hovudtillitsvalt Jahn Børe Jahnsen ein takkesang.

Vårkonsert med elevar i kulturskulene

Publisert: 15/06/2010

Valdresmusea og kulturskulane i Valdres inviterer til vårkonsert med kulturskulelevar frå heile Valdres, i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum, torsdag 17. juni klokka 19.00. Gå ikkje glipp fantastisk musikk i alle sjangrar: band, strykarar og soloinnslag. Sal av pizza, brus og is. Gratis inngang!

Husdyra er på plass denne veka

Publisert: 15/06/2010

Valdres Folkemuseum har lange tradisjonar for å ha husdyr på området om sommaren. Denne veka har dei kome på sommarbesøk på museet, og vi ber alle besøkande vera varsame, ha att grinder og ta omsyn til dyra!

Sesongopning ved Valdres Folkemuseum

Publisert: 11/06/2010

Sundag 13. juni var det sesongopning ved Valdres Folkemuseum. 150 veteranbilar hadde målgang inne på området, med utstilling og premieutdeling. Det var utstillingar i Velkomstbygget, i nytt utstillingsrom inne i adm.bygningen, og kunstutstilling ute, friluftsgudsteneste i amfiet, spesialomvising for interesserte kl. 12.00 og 14.00, folkemusikk og folkedans i Rognebygningen, open kafè mm. Over 1000 var på museet denne dagen.

1700 på Valdres Folkemuseum

Publisert: 08/06/2010

1700 menneske hadde funne vegen til Valdres Folkemuseum i samband med det store kongebesøket, måndag 7. juni. Dagen starta med opning av utstillinga Ikon kl. 12.00. Kl. 14.00 var det offisiell opning av Velkomstbygget. Storinnrykket kom kl. 17.00. Då var det mellom 1100 og 1200 besøkande i mafiet.

Kunst i Velkomstbygget

Publisert: 06/06/2010

Oppe på galleriet i Velkomstbygget er det plassert ein skulptur. Skulpturen er laga, og gjeve i gåve, av kunstnaren Eva Laila Hilsen. Saman med skupturen er det òg ei miniutstilling med grafikk.

Venit Rex - kongen kommer

Publisert: 06/06/2010

På Valdres Folkemuseum er det travel innspurt før stort besøk i morgon, men og ein normal junidag på museet med franske og nederlandske turistbussar, folkemusikkprogram, lappar og kaffeservering for grupper i Nystøga.

Kongebesøk og opning av Velkomstbygget 7. juni

Publisert: 31/05/2010

Nord-Aurdal kommune har valt Valdres Folkemuseum som arena for sin del av besøk av Kongeparet. Samstundes opnar Velkomstbygget og utstilling tidlegare på dagen.

244 barnehagebarn på besøk

Publisert: 25/05/2010

244 fire- og femåringar frå nesten alle Valdres-kommunane var på "Barnas dag" på Valdres Folkemuseum, tysdag 25. mai. Førskule med frøken Gyda, tresskjering, fôrhopping, lappesteiking, konsert og hestvognkøyring var på programmet under aktivitetsdagen.

Finerplater frå Kina

Publisert: 20/05/2010

Kryssfinerplatene i Velkomstbygget ved Valdres Folkemuseum er kinesisk hardwood. Dagleg leiar i Oslo Finerfabrikk, Leif Bohman, og styreleiar i Valdres Folkemuseum AS, Øivind Langseth, gjer greie for saka i dei vedlagte pressemeldingane.

Generalforsamling i Valdres Folkemuseum AS og Valdresmusea AS

Publisert: 14/05/2010

Generalforsamlinga handsama berre saker som sto på saklista. Alle vedtak var einstemmige, rekneskapa vart godkjente og Øivind Langseth var attvalt som styreleiar i båe selskapa.

Merantifinér i Velkomstbygget

Publisert: 10/05/2010

Valdresmusea har fått informasjon om at finéren som er teke i bruk i Velkomstbygget er kjøpt fra i Kina, og kan vera av truga skog frå Søraust-Asia. Vi beklagar om dette er tilfelle. Om denne saka fører til fortgang for importforbod for truga treslag, så ville det vera bra!

Inviterer til Landbruksdag i Valdres

Publisert: 02/05/2010

Enno er det stille og roleg på museumsplassen på Valdres folkemuseum, men landbrukslaga i Valdres ligg i startgropa og planlegg ny Landbruksdag i Valdres. Laurdag 4. september skal det myldre av husdyr, folk og aktivitetar her.

Tyin tilbake til Valdres

Publisert: 02/05/2010

Den 106 år gamle veteranbåten "Tyin" er tilbake til Valdres. "Tyin" ble bygget i 1906 og er seks år eldre enn "Bitihorn" på Bygdin. "Tyin" gikk i rutefart på Tyin fra 1906 til sist på 1930-tallet. I 1909 reiste kong Haakon, dronning Maud og kronprins Olav med båten. Til sommeren får vi se "Tyin" i trafikk på Strandefjorden.

Badstova reiser seg

Publisert: 14/04/2010

Hausten 2009 starta handverkarane ved Valdresmusea restaureringa av ei gamal badstove frå garden Brunbakke i Hedalen. Badstova er 200 år gamal, har intakt røykomn og hjellar for turking av korn. Restaureringa blir gjort ferdig sommaren 2010. Oppland fylkeskommune og Sør-Aurdal kommune har gjeve økonomiske tilskott.

Snev av urbanitet: Fagernes 1857-2007

Publisert: 30/03/2010

Urbanitet og byutvikling er temaet til aurdalsjenta Nina Espeseth Grønbrekk når ho held foredrag i Vennelaget for Valdres Folkemuseum onsdag 7. april. I masteroppgåva si har Grønbrekk sett på utviklinga frå Otto Stuve starta med handel der Fagernes Hotell ligg i dag, og fram til Fagernes fekk bystatus i 2007. Ho gjev oss eit interessant historisk oversyn, men kjem truleg òg med synspunkt på utvikling på Fagernes i dag. Dette er den andre foredragskvelden Vennelaget arrangerer i år, i ein serie på fire.

Open dag, laurdag 20. mars

Publisert: 18/03/2010

Valdres Folkemuseum inviterer til open dag laurdag 20. mars klokka 12.00. Det blir omvisingar i Velkomstbygget klokka 12.00 og 14.00. Teiknekrok for ungar og akebakke for store og små. Kl. 13.00 lanserer vi "Valdressjalet", dette er rekonstruerte ullsjal frå Valdres Folkemuseum sine samlingar. Servering av saft, bollar og kaffi. Det blir også høve til å handle i butikken til nedsette prisar.

Kurs med Hans og Sonja Allbäck

Publisert: 16/03/2010

I samband med restaureringa av Bjørkheimstølen i Vestre Slidre arrangerer Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark ein kursserie i eldre handverksteknikkar. Kurs i restaurering av vindauge blir arrangert 18.–19. mars på Valdres Folkemuseum. Instruktørar er Sonja og Hans Allbäck.

Vår eigen Helgen

Publisert: 17/02/2010

Arkeolog og tidlegare fylkeskonservator i Buskerud, Geir Helgen (1939-) er ein kjent mann i museumskretsen. No vandrar utstillinga "Museums - the world inside" rundt om i Europa, og blir synt fram i Noreg i 2011. Geir Helgen har sidan 1996 vore engasjert i ICOMs International Committee for Regional Museums som stadig publiserer karikaturane hans. Geir Helgen er magister i arkeologi og har jobba ved Historisk Museum i Bergen, Oldsakssamlingen i Oslo, og som fylkeskonservator i Buskerud.

Uleportalen heim til Valdres

Publisert: 10/02/2010

Etter 150 år i dansk varetekt kommer portalen fra Ule-kirka hjem til Valdres. Portalen vil være på plass i det nye velkomstbygget til åpninga i juni, og vil stå her fram til høsten 2011. Valdres har seks stavkirker bevart, mer enn noe annet dalføre. Men her har vært hele 19 stavkirker i middelalderen. En av dem var Ule-kirka i østre Bagn. Kirka kan være fra 1200-tallet, men er nevnt først i 1327. Ule-kirka ble revet ca. 1700, kanskje så seint som i 1735, da Bagn kirke ble bygget.

Årsprogrammet er ute!

Publisert: 10/02/2010

Valdresmusea ligg ikkje på latsida. I kalendaren finn du oversikt over aktivitetar og arrangement ved dei fire avdelingane. Opning av Velkomstbygget, lansering av nye skilt, konsertar og festivalar - i tillegg til daglege omvisingar og folkemusikk og folkedans i dei gamle husa. Vi gjer merksam på at det kan koma endringar etter kvart.

Romani-konsert på Valdres

Publisert: 09/02/2010

Taterviser med Hilmar ”Bussi” Karlsen, Slidrehuset, Valdres Folkemuseum, fredag 7. mai kl. 18.00. Billett kroner 75,-. Sal av cd-en "Høstdrømmers natt". Arrangør: Valdresmusea AS og Folkeakademiet.

Den kulturelle skulesekken 2010-2011

Publisert: 03/02/2010

Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsopplegg i skuleåret 2010–2011. Opplegga er tilpassa skuleelevar i alle aldrar, og er jamført læreplanmål for kunnskapsløftet. "Rite runar", "Musikkmagi" og "Andre verdskrigen i Valdres" er nye tilbod ved Valdresmusea. 1363 skuleelevar frå heile Valdres fekk undervising ved Valdresmusea i 2009. Det er ei auke på 515 frå året før.

Isfolket AS søkjer dagleg leiar

Publisert: 30/12/2009

Isfolket AS søkjer dagleg leiar til utvikling og drift av selskapet og teateroppsetjinga Sol av Isfolket. For meir informasjon om stillinga, kontakt Bufar Råd & Rekruttering AS v/ Siv Anette Mæhlum, mobil 918 50 944 eller Stig Jemterud Solberg, mobil 412 20 910.

Populær Skarke

Publisert: 30/11/2009

Over 400 besøkande koste seg i flott vintervêr på Valdres Folkemuseum sundag 29. november. Skarke er eit tradisjonsrikt arrangement, som i år la vekt på demonstrasjon av eldre handverk og sal tradisjonskost. "Liflige Fristelser Fra det Valdreske Kjøkken", på Slidrehuset, var ein populær stasjon. Her var det heimelaga daddelkonfekt, karamellknekk og brente mandlar som stod på menyen.

Austnorsk folkemusikksenter er i gang

Publisert: 19/11/2009

Etter to år i støypeskeia er Austnorsk folkemusikksenter i gang. Under stiftingsmøtet 30. oktober vedtok Valdresmusea, Valdres folkemusikkarrangement og Valdres folkemusikklag å etablere ei medlemsforeining for utøvarar innafor sjangrane folkemusikk, jazz og rock på Austlandet.

Skarke på Valdres Folkemuseum

Publisert: 14/11/2009

Tida før jul blir i Valdres kalla skarke. Då startar vi førebuingane til jul: baking, rundvask, matstell og slakt. Sundag 29. november er det tid for skarke på Valdres Folkemuseum. Då fyrar vi i omnane og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Skarke blir arrangert for 15. gong og er eit tradisjonsrikt arrangement ved museet.

Reddar kulturarven

Publisert: 04/11/2009

Kenneth Offerdal og Arne Kristoffer Lerhol Stendebakken ved Valdresmusea utfører i desse dagar eit viktig arbeid ved Valdres Folkemuseum. På 1950-talet tok fotograf Helge Skappel ein mengde flyfoto i samarbeid med flyselskapet Wiederø. I snart 50 år har fotografia vore utsatte for slitasje og dårleg lagring. No blir fotografia merkt og lagt over i syrefrie konvoluttar. Fotosamlinga er viktig kjelde til kunnskap om endring i landskap og byggjeskikk.

Nettstad for Mikkjel Fønhus

Publisert: 27/10/2009

Det har lenge vore eit ynske å etablere eige nettstad om Mikkjel Fønhus, med informasjon om forfattaren, hjartesaker han jobba med, oversikt over bokproduksjonen, bilete, film og lyd. No er det etablert ei Fønhusgruppe saman med Fønhus si dotter Gudbjørg, sønene hennar, Valdres Natur- og Kulturpark, Sør-Aurdal kommune, deltakarar frå kulturlivet, lokale eldsjeler og næringslivet.

Vellukka murarkurs på Bjørkheimstølen

Publisert: 12/09/2009

14 karar var i sving på Bjørkheimstølen i helga, då Valdresmusea arrangerte kurs i turrsteinmuring. I to dagar har handverkarar og verneinteresserte lært kunsten å reise kistemur og støttemur. Instruktør Espen Marthinsen gav god instruksjon, og held i tillegg eit inspirerande foredrag fredag kveld på museet.

Vellukka open dag ved Rensenn

Publisert: 09/09/2009

Laurdag 5. september fekk publikum sjå resultata av dei arkeologiske utgravingane ved Rensenn. Samisk eldstad, kokegrop og smie fortel om tre bruksfasar på plassen. Dagen vart avslutta med konsert. Tuftene ligg i eit aktivt stølsområde og gjennom musikk og forteljing fekk publikum innblikk i lokale stølstradisjonar.

Har passert 100 000 kroner

Publisert: 09/09/2009

I samband med bygginga av det nye velkomstbygget og i samarbeid med avisa Valdres, har Valdresmusea starta ein innsamlingsaksjon. Per 9. september har det kome inn 104 000 kroner. Vi takkar alle som har gjeve pengar og oppmodar fleire til å gjere det same. Bankkonto 1604.07.09375. Merk innbetalinga "Gåve velkomstbygget", namn og adresse.

Mangfald i magasina - seminar på Valdres Folkemusuem

Publisert: 01/09/2009

Torsdag 24. september skipar Valdresmusea til seminar om mangfaldig musikk og musikkinstrument i musea og museumssamlingane. Under seminaret drøftar vi utfordringar i arbeidet med dokumentasjon og formidling av det fleirkulturelle Noreg. Seminar på Valdres Folkemuseum, Fagernes

Landbruksdagen på Valdres Folkemuseum

Publisert: 26/08/2009

Laurdag 5. september inviterer aktørane i landbruket i Valdres til ei brei mønstring av mykje av det beste Valdres-landbruket har å by på. Det blir husdyrutstilling, framvisning av ulike vekstar, demonstrasjon av lokal matproduksjon og fleire kulturinnslag. Landbruksdagen har mange aktivitetar som er tilrettelagt for barn.

Open dag på Rennsenn i Vestre Slidre

Publisert: 19/08/2009

Sist i august startar arkeologar frå Kulturhistorisk museum og Oppland fylkeskommune utgravinga av sametuftene ved Rennsenn i Vestre Slidre. I samband med utgravinga skipar Oppland fylkeskommune og Valdresmusea til ein open dag, laurdag 5. september, ved dei gamle tuftene.

Nærmar seg 100 000!

Publisert: 06/08/2009

I samarbeid med avisa Valdres har Valdresmusea starta ei kronerulling. Brevgiro er sendt alle husstandane i Valdres. Per 18. august har det kome inn 97 100 kroner. Vi takkar alle som har gjeve pengar og oppmodar fleire til å gjere det same. Bankkonto 1604.07.09375. Merk innbetalinga "Gåve velkomstbygget", namn og adresse.

Heidi og Paul-Ottar i NRK Sommeråpent

Publisert: 28/07/2009

Skodespelarane Heidi Ruud Ellingsen og Paul-Ottar Haga var i går kveld gjester i NRK Sommeråpent. I lekre klede frå HOTNOK syrgde dei for Valdres-reklame av beste sort, medan dei snakka varmt om teateret, billettsalet, Margit Sandemo, folkemusikken, folkedansen og dugnadsinnsatsen i Valdres.

Innsamlingsaksjon for nybygget

Publisert: 21/07/2009

I samarbeid med avisa Valdres har Valdresmusea starta ein innsamlingsaksjon. Brevgiro er sendt husstandane i Valdres. No har det kome inn 24 300 kroner. Vi takkar alle som til no har gjeve pengar til nybygget og oppmodar fleire til å gjere det same. Bankkonto 1604.07.09375. Merk innbetalinga "Gåve velkomstbygget", namn og adresse.

Eit godt halvår for Valdres Folkemuseum

Publisert: 21/07/2009

Valdres Folkemuseum registrerer besøkande kvar dag. 7 000 besøkte museet fyrste halvår av 2009. Vi manglar liknande tal frå dei andre avdelingane for same periode. I tillegg til dei registrerte besøkande, lyt vi rekne med alle som går tur på området utanom opningstidene.

Kulturpolitisk seminar

Publisert: 21/07/2009

Det nystarta Valdres Folkemusikkarrangement AS (Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko) og Valdresmusea arrangerer i år som i fjor kulturpolitisk seminar på Valdres Folkehøgskule fredag 24. juli. I år fokuserer vi på regionale musikarordningar og arbeidet med etableringa av eit kompetansesenter for rytmisk musikk i Valdres.

Langeleikens dag

Publisert: 15/07/2009

Laurdag 18. juli er det langeleikens dag på Bagn Bygdesamling. Elisabeth Kværne fortel om langeleiktradisjonar og utøvarar, bl.a. Ola Brenno og Ragna Brenno Frydenberg. Langeleikspel ved Lene Kullhuset.

Stølskonsert

Publisert: 09/07/2009

Vi held på tradisjonane! Også i år blir det konsert på Tvengestølen på Valdres Folkemuseum. Heile veka skipar vi til arrangementet "Liv på stølen", og torsdag 16. juli kl. 19.00 inviterer budeia til konsert.

Folkemusikk- og dansframsyning

Publisert: 07/07/2009

Valdresmusea inviterer til folkemusikk- og folkedansframsyning, torsdag 9. juli kl. 19.00 på Valdres Folkemuseum. Folkemusikkmiljøet i Valdres vil vise eit breitt og variert utval av tradisjonane innanfor folkemusikk og folkedans.

Så kom etnedølene

Publisert: 03/07/2009

Endeleg er etnedølene på plass, i Flatigardsbygningen på Valdres Folkemuseum. Og det tok ikkje lang tid før kakebakst, flesk og duppe stod på bordet. I morgon held dei fram med leikarring i amfiet og ball i storsalen i Flatigarden. Gå ikkje glipp av levande musikk, herlege kaker og frisk champagne.

Golvet på plass

Publisert: 02/07/2009

Det nye velkomstbygget har fått golv! 1. juli heiste karane og kranene svære betongelement på plass over kjellaren, som skal innehalde mellom anna magasin, inntaksrom og lagerrom for Valdres historielag .

Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum

Publisert: 01/07/2009

Fredag 3. – sundag 5. juli er det tid for tradisjonsrike Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum. For niande året på rad gjev etnedølane farge til dei gamle husa på museet. Gamle handverk, matlaging, ball på storgarden, gudsteneste, musikk, dans, forteljing og humor er ingrediensar i Etnedalshelg.

Museale forstyrrelser

Publisert: 24/06/2009

Valdresmusea syner filmen "Per Spelemann/Pierre le Ménetrier" på Valdres Folkemuseum, kvar dag i sommarsesongen. Filmen vart vist fyrste gong i 2008. Saman med skiltutstillinga "Alt om min far" er dette Norsk Kulturråd si nysatsing på formidling i musea. Utstillinga vart til i samband med markeringa av mangfaldsåret i 2008.

Kurs i gamle handverk

Publisert: 24/06/2009

I samband med restaureringa av Bjørkheimstølen i Vestre Slidre Statsallmenning, arrangerer Valdresmusea ein kursserie i eldre handverksteknikkar og byggjekonstruksjonar. Målet med kursa er å byggje nettverk og varig kompetanse som vil koma handverkarar, eigarar, produsentar og verneinteresserte i regionen til gode. Valdresmusea er administrativt og fagleg ansvarleg for kursa.

Keramikkutstilling på Valdres Folkemuseum

Publisert: 23/06/2009

Laurdag 27. juni – måndag 10. august presenterer Valdresmusea ei salsutstilling av keramikkunstnaren Tony Andersen, på Valdres Folkemuseum. Utstillinga opnar laurdag 27. juni klokka 13.00.

220 ungar på Barnas dag

Publisert: 31/05/2009

220 ungar frå nesten heile Valdres storkosa seg under Barnas dag, tysdag 26. mai på Valdres Folkemuseum. Konsert i Rognebygningen, strikkbåtar på Tvengestølen, Gråtass, stylter og leik på Museumsplassen og lappesteiking i Etnedalstunet slo an, i år som i fjor. Nytt av året og høgdepunkt under arrangementet var nok likevel riding i Kviistunet og fôrhopping i Kviislåven. Arrangementet fekk brei omtale i avisa Valdres, Oppland Arbeiderblad og NRK.

Vårkonsert med kulturskuleelevar

Publisert: 14/05/2009

Valdresmusea og kulturskulane i Valdres inviterer til vårkonsert med kulturskulelevar frå heile Valdres, i amfiet på Valdres Folkemuseum, tysdag 19. mai klokka 18.00. Gå ikkje glipp fantastisk musikk i alle sjangrar: band, strykarar, korps og soloinnslag. Ved regn blir konserten fløtt til Kulturhuset i Fagernes sentrum. Gratis inngang.

50 000 til "Adopsjon av kulturminne"

Publisert: 04/05/2009

Frå ABM-utvikling har Valdresmusea fått 50 000 kroner til skuleprosjektet "Adopsjon av kulturminne". Prosjektet skal gjera barn og ungdom til kulturminneforvaltarar i eiga nærmiljø. Undervising i klasserom, dokumentasjon, restaurering og skjøtsel er døme på innfallsvinklar i "Adopsjon av kulturminne".

Pilegrim i Valdres?

Publisert: 21/04/2009

Ikkje alle pilegrimsvegar går til Nidaros. Eit anna viktig valfartsmål var St. Thomas-kyrkja på Filefjell. 26. juni - 4. juli kan du vera med på ein ny sesong med pilegrimsvandring i Valdres. Langs vegen får du sjå fem stavkyrkjer, fire olavsminne, tre steinkyrkjer frå mellomalderen, to relikvieskrin og andre kulturminne.

50 000 til Ikon-utstilling

Publisert: 30/03/2009

Norsk Kulturråd har i møte 27. mars gjeve 50 000 kroner i tilskott til kunst- og dokumentasjonsprosjektet Ikon. 224 ungdomsskuleelevar i heile Valdres tek del i prosjektet, som elles blir støtte av Valdres Natur- og Kulturpark og Oppland fylkeskommune.

Ikon er i gang

Publisert: 26/03/2009

Valdresmusea si kulturminneår-satsing, Ikon, er godt i gang. I etterkant av dei fyrste skulebesøka, strøymer no elevbidraga inn. Valdresmusea inviterer alle 8. klassingane i Valdres til å vera med å dokumentere si eiga samtid. Arbeidet vil resultere i utstillinga Ikon på Valdres Folkemuseum hausten 2009.

Vellukka dokkeutstilling på Valdres Folkemuseum

Publisert: 12/03/2009

150 skuleelevar teikna seg gjennom norsk bunad- og folkedrakthistorie, i samband med dokkeustillinga på Valdres Folkemuseum. 37 dokker, produserte av medlemmane i Norsk folkedraktforum, synte drakttradisjonar frå heile landet. Utstillinga vart presentert i perioden 10. mars til 26. mars.

Arkivtreff med Knut Trøen

Publisert: 25/02/2009

Tysdag 3. mars klokka 19.00 er det treff på Valdres folkemusikkarkiv med spelemannen Knut Trøen. Me oppfordrar alle interesserte til å møte opp til eit rikhaldig djupdukk i arkivbasen.

40 000 besøkte valdresmusea i 2008

Publisert: 12/02/2009

2008 var eit aktivit år for Valdresmusea med 40 000 besøkande gjennnom heile året. Dette er rekordtal for dei siste 11 åra. Talet på skuleungar er også høgare enn nokon gong. Dette er i tråd med museet si satsing på eit differensiert tilbod til ulike grupper, i godt samarbeid med andre aktørar i regionen.

Sommarjobb ved Valdresmusea

Publisert: 11/02/2009

Er du sosial, likar utfordringar, interessert i historie og glad i å arbeide med menneske? Då er du kanskje den rette for oss!

Valdresmusea på facebook

Publisert: 05/02/2009

Valdresmusea er på facebook! No kan du bli facebook-ven med Valdresmusea gjennom gruppa "Tilsette ved Valdresmusea". Klikk deg fram og be om medlemskap. I gruppa deler vi gamle sommarminne, kakeoppskrifter og anna informasjon om musea. Museet har elles eit ynskje om å rekruttere nye omvisarar, musikarar, dansarar, og å spreie informasjon om musea til nye brukarar.

Å de penga - å de penga

Publisert: 30/01/2009

Valdresmusea er med i markeringa av kulturminneåret 2009, og i samarbeid med avisa Valdres presenterer Valdresmusea eitt kulturminne kvar månad, i avisa Valdres. Fyrste artikkel handlar om pengar og er skrive av konservator Jahn Børe Jahnsen. Allereie no kan du lese Jahnsen sin artikkel på heimesida til Valdresmusea, under fana "kulturminneåret 2009", til venstre i skjermbilete.

Set i stand gamal steinbryggje

Publisert: 08/01/2009

Den som kom vassvegen til Bygdin i gamle dagar kunne unngå å leggje merke til den store steinbryggja ved Fagerstrand, vest for Bygdin hotell. Det er over 70 år sidan bryggja gjekk ut av bruk, og sidan den gongen har vær og vind, og vassreguleringa frå 1936 sett sine spor på bryggja. Våren 2009 set Vang historielag og Valdres historielag i gang ei omfattande restaurering av bryggja. Arbeidet blir støtta av Valdres Natur- og Kulturpark, Glommen & Laagen brukseierforening og Valdresmusea AS.

Arkiv nr. 500 i Opplandsarkivet

Publisert: 06/01/2009

Opplandsarkivet tek vare på arkiv etter personar, foreiningar og bedrifter i Valdres. Arkiv nr. 500 er arkivet etter Liasol Ungdomslag i Liagrenda i Sør-Aurdal kommune. Liasol Ungdomslag var aktivt i åra 1898-1939. Arkivet inneheld møteprotokollen for heile perioden, samt lagsavisa ”Fram” for åra 1930-1933.

Kulturminneåret 2009 - i Valdres

Publisert: 12/12/2008

Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark er med i markeringa av kulturminneåret i 2009. Fagartiklar, kunstprosjektet Ikon og kulturminneløype er nokre av aktivitetane me steller til. Meir informasjon om Ikon, og etterkvart fleire fagartiklar, finn du i peikaren til venstre på skjermbilete.

Julehangkle på Valdres Folkemuseum

Publisert: 03/12/2008

Tradisjonen med å henge stasklede over kristneteppa i julehøgtida, er ein gamal skikk i Valdres. Det er særleg frå Nord-Aurdal, Slidre-bygdene og Vang ein kjenner til denne tradisjonen, sjølv om det er bevara gamle flettingar frå sørre Valdres òg. I samband med skarke-arrangementet på Valdres Folkemuseum sundag 30. november vart det laga ei lita utstilling med gamle julehangkle frå Valdres.

Vedtak om bygging av nytt administrasjonsbygg

Publisert: 01/12/2008

Onsdag 26. november fatta styret for Valdres Folkemuseum eit historisk vedtak. Til våren startar nemleg bygginga av det nye administrasjonsbygget på Valdres Folkemuseum. Prosessen omkring nybygg på museet har gått føre seg i snart ti år. Det er Lund Hagem Arkitekter AS som har utarbeidd teikningane. Entreprenørfirmaet Sanne Hauglid AS står for bygginga. Meir informasjon følgjer.

Vellukka skarke på Valdres Folkemuseum

Publisert: 01/12/2008

Lefser, småkaker, lys-støyping og vinterstemning lokka 450 personar til skarke på Valdres Folkemuseum, førre sundag. Inne i administrasjonsbygningen held folkeminnegranskar Ørnulf Hodne foredrag om eldre førjulstradisjonar, medan Tordis Remmen og Ragnhild Onstad synte gamle handverksteknikkar som filering og firfletting.

Skarke på Valdres Folkemuseum

Publisert: 13/11/2008

Tida før jul blir i Valdres kalla skarke. Då gjer ein seg ferdig med førebuinga av matstellet til jul, julebakst og rundvask. I skarka på Valdres Folkemuseum fyrer me i omnane og steller i stand god, gamaldags førjulstid. Under arrangementet kan du vera med på mellom anna lefsebaking, steiking av hardangerlefser, kanefart, støyping av lys, folkemusikk- og folkedanskonsert, basar og foredrag.

Møte om nyreligiøsitet samla mange

Publisert: 05/11/2008

60 møtte fram på Slidrehuset, tysdag 4. november, for å høyre førsteamanuensis Arild Romarheim fortelje om nyreligiøsitet, og om Margit Sandemo. Romarheim fortalde om rørsla, som har vokse fram i den vestlege verda gjennom dei siste 150 åra, og om dei viktigaste skilja mellom ein før-moderne trusoppfatting og ein moderne trusoppfatting. Etter foredraget vart det debatt. Eit engasjert publikum kasta seg utpå med spørsmål om det meste; Lucifer-karakteren, om museet sin faglege integritet i arbeidet med teateroppsetjinga Sol av Isfolket, om religion og merkevarebygging, om passive og aktive gudar, om menneske i sentrum for sin eigen religion, og om konsekvensane av ein individorientert nyreligisøsitet.

Valdresmålet og andre "herlege dølamål"

Publisert: 27/10/2008

Fredag 31. oktober kjem Arne Torp til Valdres Folkemuseum for å tale om midlandsmåla, med særleg vekt på valdresmålet. Han tek for seg det som kjenneteiknar midlandsmåla, og viser korleis desse målføra har halde på særdrag like frå norrøn tid. Arne Torp er professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo, der han underviser i målføre, språkhistorie og norrønt. Arrangør: Vennelaget for Valdres Folkemuseum og Valdres Mållag.

Margit Sandemo og den mystiske Lucifer

Publisert: 21/10/2008

Valdresmusea og Valdres Katolske Forum inviterer til foredrag og debatt, om kristentru og nyreligiøsitet, tysdag 4. november klokka 19.00 på Slidrehuset på Valdres Folkemuseum. Foredragshaldar er førsteamanuensis i religionsvitskap ved Det teologiske Menighetsfaktultet, Arild Romarheim.

Byvandring og teikning for skulelevar

Publisert: 08/10/2008

45 åttandeklassingar frå Øystre Slidre barne- og ungdomsskule fekk innføring i byggjeskikk og arkitektur på Fagernes, onsdag 8. oktober. Gjennom teikning og forelesing opna ungdomane auga for mangfaldet av stiluttrykk i Fagernes.

Romani-konsert på Slidrehuset

Publisert: 25/09/2008

Taterviser med Hilmar ”Bussi” Karlsen, Hans Magnar Østlien og Stein Tore Sønsteli. Slidrehuset, Valdres Folkemuseum, torsdag 25. september kl. 19.30. Billett kroner 100,- (inkl. kaffe). Arrangør: Valdresmusea AS, Nord-Aurdal kommune og Folkeakademiet.

Seda - myrfolket, ny utstilling

Publisert: 25/09/2008

Tidlig på 2000-talet laga filmprodusent Kaspars Goba ein dokumentarfilm og ei fotoutstilling om byen Seda. Utstillinga vart presentert fyrste gong i Noreg 7. mai 2008 på Maihaugen. Seda – myrfolket er no ei vandreutstilling, opning på Valdres Folkemuseum måndag 29. september klokka 12.00.

"Mat i fortid og framtid" godt i gang

Publisert: 16/09/2008

82 ungar frå heile Valdres fekk tysdag 16. september baka lomper, plukka potet, skore og male korn og steikt kvikake, som del av undervisingsopplegget "Mat i fortid og framtid". Nils J. Lykken frå Beito viste kunsten å laga bendil, og Espen Overdevest frå Skrautvål imponerte med suveren skjæreteknikk i kornåkeren. Onsdag er det venta 102 nye ungar på same skuleopplegget.

Produkt frå instrumentverkstaden

Publisert: 11/09/2008

Ved instrumentverkstaden er det ei flunka ny hardingfele (full-storleik) til sals. Hardingfela er produsert av Knut Opheimsbakken, og kostar kroner 40 000 + mva. På oppdrag frå Hardanger folkemuseum er det også produsert ein kopi av diktarkongen Olav H. Hauge sin langeleik. Langeleiken blir å høyre under bokdagen i Den Norske Opera sundag 21. september.

Hijab og andre hovudplagg

Publisert: 11/09/2008

Hijaben er omdiskutert i mange vestlege land. Men går me hundre år tilbake i tid, var det vanleg også blant norske kvinner å dekkje til håret, med tørkle eller lue eller andre hovudplagg. Dette får du høyre meir om på foredrag sundag 14. september kl. 19.00 på Valdres Folkemuseum.

Programsamling for Verdiskapingsprogrammet, 2.-4. september

Publisert: 03/09/2008

Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet er på tredagars samling i Valdres. Riksantikvaren, Valdresmusea, fylkeskommunen er tre av fleire innleiarar. Problemstillingane vekslar frå kulturminne i eit verdiskapingsperspektiv, til vedlikehald, skjøtsel og drift av kulturminne og kulturlandskap. Onsdag kveld er det samling for deltakarne i Nystøga på Valdres Folkemuseum.

Sol av Isfolket, ein suksess

Publisert: 11/08/2008

Sol av Isfolket er allereie ein stor suksess med rosande omtale i dei fleste norske riksaviser, radio og TV. Premieredagen skinte sola om kapp med ei rørt Margit Sandemo, som entra amfiet til ståande applaus frå 800 begeistra publikumarar. Sjå elles www.isfolket.no for meir informasjon og Sol av Isfolket.

Dans på tusen golv

Publisert: 26/07/2008

Tradisjonsrike Jørn Hilme-stemnet vart gjennomført for 48. gong på Valdres Folkemuseum. Fredag kveld samla fleire hundre seg til tonane frå mellom anna Bjørgokrysset og Valdres gamaldansklubb. Laurdagskevlden var Helene Bøksle det store trekkplasteret på Tvengestølen, og samla vel 500 tilskodarar. Intimkonsertar, fjelltur, dans, mat og drikke gjer Jørn Hilme-stemnet, nok ein gong, til landets flottaste folkemusikkfestival.

Utstillingar på Valdres Folkemuseum

Publisert: 24/07/2008

Dei fleste let seg imponere av bunad- og folkedraktutstillinga på Valdres Folkemuseum. Utstillinga er den største konsentrerte bunad- og folkedraktutstillinga i landet, og syner norske klede i skjeringspunktet mellom internasjonale moteimpulsar og lokale tradisjonar. Museet har andre utstillingar i sumar òg. "Museale forstyrrelser" i samarbeid med Norsk Kulturråd, gamle trøbilar og bunaddokker, mellom anna. Klikk deg vidare med peikarane "utstillingar" og "samlingar", under Valdres Folkemuseum i topplina.

Sol av Isfolket, ekstraframsyning

Publisert: 24/07/2008

Spektakulær ekstraframsyning i fullmånenatt. Laurdag 16. august klokka 24.00 er det duka for magisk nattframsyning av Sol av Isfolket. Billettane er lagt utfor sal på Billettservice sine heimesider og på Valdres Folkemuseum.

Trekkspel og sveivegrammofon

Publisert: 21/07/2008

Onsdag 16. jula vart det trongt i stølstrøen på Tvengestølen. Den tradisjonsrike stølskonserten samla 41 publikummarar, som fekk ta del i musikkmagi av ypparste sort. Ingunn Bjørgo, Håkon Mikael Kjøbli, Sondre Kjøbli, Ingebjørg Hegge Bratrud og ein sveivegrammofon stod for underhaldninga.

Ny formidlar ved Bunad- og folkedraktrådet

Publisert: 03/07/2008

Camilla Rudrud (32) har takka ja til stillinga som formidlar ved Bunad- og folkedraktrådet. Ho har mastergrad i Middelalderstudier, med etnologi, historie, kunsthistorie og museumskunnskap i fagkrinsen. Valdresmusea ynskjer Rudrud velkomen til Valdres.

Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum

Publisert: 01/07/2008

4.–6. juli er det tid for tradisjonsrike Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum. For åttande året på rad set etnedølene farge til dei gamle husa på museet. Handverk, matlaging, ball på storgarden, gudsteneste, musikk og dans er ingrediensar i Etnedalshelg. Arrangør er Valdresmusea AS og Etnedal kommune i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar i Etnedal.

Fagernes-heftet er lansert

Publisert: 27/06/2008

Det nye Fagernes-heftet vart lansert onsdag 25. juni, under museet sin presentasjon for Fylkestinget i Oppland. Heftet er ei kulturhistorisk artikkelsamling på 32 sider om Fagernes, og skildrar bygdebyen frå etableringa av den fyrste handelsverksemda i 1857 og fram til idag. Byggjeskikk, handel, reiseliv, Strandefjorden, Valdresbanen, samferdsle og idrett er nokre av dei andre tema i heftet, som er gratis. Heftet er tilgjengeleg på museet og dei fleste turist- og reiselivsverksemder i Valdres.

Befaring i Etnedal

Publisert: 13/06/2008

Måndag 16. juni var tilsette ved Valdres Folkemuseum på befaring i Etnedal. Sveitsarhuset Fossheim og gravplassen "Gravstan" vart undersøkt nærmare. Eigaren av "Gravstan" har motteke støtte frå Etnedal kommune og Norsk Kulturminnefond, og denne veka starta arbeidet med å setja istand dei gamle murane.

Per Spelemann på Valdres Folkemuseum

Publisert: 05/06/2008

Valdresmusea AS syner videoen Per Spelemann/Pierre le Ménetrier kvar onsdag og sundag klokka 14.00, i Skattebustogo på Valdres Folkemuseum.

Poteten er i jorda

Publisert: 26/05/2008

Museumsbøndene Knut Biribakken og Gunnar Bratrud har starta våronna på Valdres Folkemuseum. No er poteten i jorda både på Kvie og Frigstad. Til hausten blir det potetgravst for alle 6. klassingane i Valdres, i samband med undervisningsprogrammet Mat i fortid og framtid.

HM Kongens Gardes Musikk- og Drillkompani

Publisert: 23/05/2008

Kjem til Fagernes laurdag 31. mai. Drilloppvising klokka 15.00 ved avisa Valdres. Konsert og drilloppvisning klokka 16.00 på museumsplassen på Valdres Folkemuseum. Inngang på museet, kroner 50. Barn under 16 år og korpsmusikarar går gratis.

Sols scene tar form

Publisert: 23/05/2008

Den nye utescenen på Valdres Folkemuseum tar form. Scenograf Lars Jacob Jakobssen og fire snekkere fra Västanå Teater har reist 18 stolper som fondvegg mot fjorden. Scenen vil vere ferdig til intensivøvingene starter 4. juli.

17. mai feiring på Valdres Folkemuseum

Publisert: 19/05/2008

17. mai feiringa på Valdres Folkemuseum vart gjennomført på tradisjonelt vis med flaggborg, tale, underhaldning og kakeeting. Fred, friheit og menneskerettar var som vanleg godt innpakka i vadmel, silke og middagsbuffet. Ungar frå Fagernes skule sytte for morosam underhaldning.

Amerikahuset på Valdres Folkemuseum

Publisert: 16/05/2008

Fredag 16. mai fekk dei tilsette ved Valdresmusea AS ei spesialomvising i Amerikhuset. Konservator ved Valdresmusea AS Jahn Børe Jahnsen har forska mykje på utvandringa frå Valdres på 1800-talet, og på det tette sambandet mellom valdrisar og norsk-amerikanarar fram til vår tid.

Fyrste møte for det nye fagrådet

Publisert: 15/05/2008

Fagrådet for Bunad- og Folkedraktrådet var samla til sitt fyrste møte, torsdag 15. mai på Valdres Folkemuseum. Kjærsti Gangsø er oppnemnt som ny leiar. Dei andre medlemmane er Kari-Anne Pedersen, Atle Ove Martinussen, Kirsten Røvig Håberg og Tommy Olsson. Arne Olav Nerjordet og Mari Rorgemoen er oppnemnt som varamedlemmar.

Rakedugnad på Valdres Folkemuseum

Publisert: 14/05/2008

No er uteanlegget på Valdres Folkemuseum snart klart til sommarsesongen. Tysdag 13. mai troppa Vennelaget for museet opp med rive og rakelyst. Snart var nesten heile museumsområdet reinska for lauv og gamalt gras, og etter rakinga vart det servert rummegraut, spekemat og saft.

Kulturminneåret 2009

Publisert: 02/05/2008

Valdres Natur- og Kulturpark og Valdresmusea AS inviterer til ope møte på Slidrehuset, Valdres Folkemuseum torsdag 8. mai klokka 19.00, for å drøfte planar og idear for markeringa av kulturminneåret i Valdres i 2009.

300 000 kroner frå Oppland fylkeskommune

Publisert: 28/04/2008

Fylkesutvalget i Oppland fylkeskommune stør Valdresmusea AS med kroner 300 000 til arbeidet med friluftsteateret Sol av Isfolket. Det er stor gjevarvilje, både frå offentlege styresmakter og frå næringslivsaktørar. Kjetil Lundemoen (AP) seier i ein kommentar til avisa Valdres at arbeidet med framsyninga er eit eit godt tiltak, særleg i forhold til den utviklinga fylkeskommunen ynskjer for Valdres Natur- og Kulturpark og for heile regionen.

Stavkyrkjestokk på vandring

Publisert: 22/04/2008

Ein stavkyrkjestokk frå Fystro stavkyrkje vart tysdag 22. april flytt til kyrkjeutstillinga på Valdres Folkemuseum. Arbeidet vart utført med handkraft og gravemaskinpresisjon.

Valdresmusea AS skriv informasjonshefte om Fagernes

Publisert: 22/04/2008

Museet er i ferd med å sluttføre arbeidet med eit informasjonshefte om Fagernes. Heftet blir ei kulturhistorisk framstilling av Fagernes, frå etableringa av den fyrste handelsverksemda på Øvre Nes gard i 1857, til utfordringar om fråflytting og kjøpesenterproblematikk i vår tid.

Fagernes barnehage på Valdres Folkemuseum

Publisert: 22/04/2008

15. og 18. april fekk Valdres Folkemuseum besøk av 20 ungar frå Fagernes barnehage. I barnehagen hadde ungane sett på gamle bilete og dei hadde snakka om gamledagar. På museet fekk ungane lære korleis husa vart bygde før i tida, dei fekk studere leikebilane og dei fekk høyre langeleikmusikk medan dei åt nista si.

Barnas dag 21. mai på Valdres Folkemuseum

Publisert: 03/04/2008

Fire- og femåringar i barnehagane i Valdres har fått invitasjon til Barnas dag på Valdres Folkemuseum. Valdres Folkemuseum er den største og finaste leikeplassen i heile Valdres. Det er ikkje berre me som jobbar på museet som synest det. Her har ungar leika i over 100 år og kvar sumar kjem ungane tilbake.

Opplysningen 1881 sponsar Sol av Isfolket

Publisert: 01/04/2008

Friluftsteateret Sol av Isfolket har inngått sponsoravtale med Opplysningen 1881. Avtalen sikrar Sol av Isfolket eit økonomisk tilskott til ein verdi av 400 000 kroner. Arbeidet med Sol av Isfolket har vekt stort engasjement hos det lokale næringslivet i Valdres. Denne gongen er det ein betydeleg nasjonal aktør som har vist interesse for friluftsteateret.

21. november kl. 15:00"Er det mulig?", Valdres Folkemuseum25. november kl. Ikkje bestemtKurs i sliping av eggeverktøy, Valdres Folkemuseum