Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Elisabeth fekk pris

Publisert 05/11/2012

Langeleikspelar, folkemusikkinnsamlar, folkemusikkarkivar, musikar og organisasjonsarbeidar Elisabeth Kværne (fødd 1953) har vigd heile livet sitt til den norske folkemusikken og folkedansen – i særleg grad langeleiken og langeleikspelet.

Elisabeth Kværne er ein aktiv utøvar og deltek jamleg på konsertar, erindringskveldar, lokale og nasjonale kappleikar – og som platemusikar. I 1985 ga ho ut albumet På langeleik, og fekk året etter Spellemannprisen i klassa for folkemusikk/gamaldans. Albumet vart gjeven ut i ny versjon i 1995. I 2005 fekk ho Nord-Aurdal kommunes kulturpris for mellom anna dette arbeidet. Som utøvar har ho også formidla historia om musikken og kjeldene ved ei rekke turnear i regi av Rikskonsertane, åleine og ilag med spelemenn som til dømes Torleiv Bolstad. Ho har også førelest ved Ole Bull Akademiet på Voss ei rekke gonger, og på Noregs Musikkhøgskule i Oslo.

Elisabeth Kværne er oppvaksen i Skottland/Bærum, og i Aurdal i Valdres der faren tidlegare hadde kjøpt seg gard. Kværne har utdanninga si frå Universitetet i Oslo med mellomfag i musikkvitskap (1974) og folkeminnevitskap (1976). Ho har også eit grunnfag i folkelivsgransking (1977). Kværne er i dag gardbrukar heime på farsgarden, der ho har drive mjølkeproduksjon og skogbruk sidan 1978.

Elisabeth Kværne har hatt store deler av arbeidskarrieren sin på Valdres Folkemuseum på Fagernes, og for folkemusikkmiljøet i Valdres. Fyrst med diverse sesongarbeid i studieåra, men også som assistent for direktøren ved museet (1999). Sidan 2004 er Kværne fast tilsett folkemusikkarkivar i 60 %-stilling. I åra 1995–1997 var ho også distriktsmusikar i Valdres.

Elisabeth Kværne har delteke i ei rekke nasjonale og regionale prosjekt, mellom anna som sekretær og fagleg koordinator for Valdresmusea sitt 100 årsjubileum: Folkekunst og historiske sanningar (2001) – i samarbeid med Rff, tidlegare Bunad- og folkedraktrådet og Noregs Husflidslag.

I tillegg til arbeidet som gardbrukar og arkivar, er Kværne også lærar i Nord-Aurdal kulturskule med instrumenta langeleik og piano. Ho har også fungert som lærar i norsk og musikk ved Aurdal skule frå 1999 til 2005. Kværne var òg timelærar ved Fagernes vidaregåandes skule (1979–1980) og tilretteleggar for fagplanarbeid ved landslina i folkemusikk, også den på Fagernes vidaregåande skule (1979–1988).

Elisabeth Kværne er organisasjonsarbeidar og har spelt ei sentral rolle som rådsmedlem i Rff i åra 1990–2004. I periode også som nestleiar. Kværne har motteke Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar (2006–2007).

Elisabeth Kværne var ein sentral pådrivar for utgjevingane av Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) sine folkemusikknedteikningar – ført i pennen av forfattar og musikkforskar Øystein Gaukstad. Dette gjeld særleg utgjevingane Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner (1997 og 2003 – både note- og tekstutgjevingane). Kværne var seinare delaktig i skipinga av lanseringskonsertar og festkonsert for Gaukstad på Noregs Musikkhøgskule rett før han døydde.

Elisabeth Kværne har også medverka i debattprogram og konserter med fokus på nedteikningane til Lindeman, i tillegg til fleire turnear på 1990-talet ilag med forfattar Gaukstad og Agnes Buen Garnås: Med Lindeman på vandring, turne med folkeakademiet i Telemark og Oppland.

28. oktober kl. 18:00Den handskrivne songsamlinga2. og 3. november kl. Rakfiskbalsam på Valdres Folkemuseum