Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Folkemusikk og nasjonalisme får merksemd

Publisert 08/02/2013

Fredag 15. mars klokka 14.00 opnar utstillinga "Folkemusikk og nasjonalisme" på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Utstillinga har blitt til med støtte frå Norsk kulturråd, Fritt Ord og Oppland fylkeskommune. Andre samarbeidspartar er Velour (design), bladet Folkemusikk, Jørn Hilme-stemnet og Valdres folkemusikklag. 

Lyden av Noreg? 
Kvifor oppfattar vi folkemusikk og folkedans som særskilt nasjonalt? Kva er eigentleg ”nasjonalt” og stemmer det at folkemusikarar i dag kastar bunaden og nasjonalsymbola på bålet – til fordel for det urbane og moderne?

I utstillinga ser vi på framveksten av nasjonale straumar og vi spør: Korleis har ideane frå 1800-talet forma vår forståing av folkemusikk og folkedans? Arven og ideane etter dei nasjonale strategane står sterkt i Noreg i dag. Står dei i vegen for ei musikk- og kunstoppleving?

Kva tenkjer folkemusikarar i dag om musikalsk og ideologisk tilhøyre – og kvar høyrer dei heime? I det nasjonale, det lokale eller det globale?

Program
14.00    Velkomen v/ Valdresmusea
14.05    Helsing v/ Nord-Aurdal kommune
14.10    Offisiell opning v/ Mona Levin                    
14.30    Ståande bufeet i festsalen og kafeteriaen                     
15.00    Laftetømmerets teutoniske raseri. SS og norsk folkekultur. Foredrag v/ Terje Emberland            

Terje Emberland er seniorforskar ved Holocaustsenteret og har forska på dei tyske SS-leiarane sitt forhold til den norske folkekulturen, før og under 2. Verdskrigen.

Mona Levin er skribent, forfattar, musikk- og teatermeldar. Ho har skrive for Aftenposten i over 40 år og har engasjert seg i spørsmål om antisemittisme, rasisme og framandfrykt.

 

7. juli - 3. august kl. 10:00-16:00Konstruktiv kontrast1. august kl. 14:00Opning av "Dokkestogo", Valdres Folkemuseum