Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Nasjonal konferanse om mellomalderkyrkjer

Publisert 13/07/2017

Kyrkjene frå mellomalderen har blitt studert frå ulike perspektiv gjennom tidene; kunsthistorisk, arkitekturhistorisk og i samanheng med litteratur, kultur, teologi og kulturhistorie. Under konferansen tek vi temperaturen på aktuell forsking, kunnskapsbehovet til forvaltninga og formidlinga i kyrkjene. Vi vil presentere resultat frå nyare forsking, drøfte framtidas forskingsprosjekt og sjå på korleis ein kan ta i bruk forskingsresultat i formidlinga.


Deltakaravgift: 2000,- (inkl. seminar, utflukt og middag)
Påmelding til: info@valdres.museum.no
Påmeldingsfrist: Fredag 25. august
Overnatting: Bestiller du på Scandic Valdres (Fagernes hotell). Vi har reservert rom. Ring 61 35 80 00, tast 2 (andre henvendelser) – og du kjem fram til resepsjonen på Fagernes. Hugs referansekode, som er BVAL060917.

Torsdag ettermiddag blir det utflukt til Slidredomen og Lomen stavkyrkje i Vestre Slidre - med omvising og underhaldning. Deretter middag på Valdres Folkemuseum. Programmet finn du her .

Laurdagen inviterer dessutan Valdresmusea til foredrag i Hedalen stavkyrkje, der Elisabeth Andersen, Norsk institutt for kulturminneforsking, skal halde foredrag om Hedalsmadonnaen.

23. november kl. 19:00VF: Foto frå museumsarkivet2. desember kl. BS: Lysfest på Bautahaugen