Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Skarke 2017

Publisert 04/10/2017

MØTE MELLOM GENERASJONAR:
- Lær om gamle førjulstradisjonar
- Høyr lyden av dombjeller, forteljingar, julesongar og folkemusikk
- Bli med på kanefart, lysstøyping og juletrepynting
- Lag peparkaker, julepynt, papirstjerner og sopelime
- Sjå demonstrasjon av lompebakst, trearbeid, firfletting og filering
- Opplev tradisjonsrik basar, kl. 15
- Kjøp julegaver og mat til julebordet på førjulsmarknaden
- Her er julebakst, fjellgris, rakfisk, vilt, sylte, kurv, ost, lefse, sylv, keramikk, trearbeid, skinnarbeid, fugleband og mykje anna!
- Open museumskafé

KVA ER SKARKE? Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi... og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. I år gjer vi det for 23. år på rad, alltid første sundag i desember.

GODT SAMARBEID: Vi takkar alle som er med oss ved Valdresmusea å skape Skarke på Valdres Folkemuseum, og då særleg Vennelaget for Valdres Folkemuseum og deira basargjeng! Ta kontakt om du vil vere med å bidra neste år.

INNGANG: Familie (2+2) 200; vaksne 80; barn 50; seniorar 70

Foto: Anne-Marte Før

19. oktober kl. 19:00VF: Foredrag: Klassereise v/Karin Sveen29. oktober kl. 19:00BB: Solokonsert med Ketil Bjørnstad