Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag om tamreindrift i Valdres

Publisert 10/10/2018

Valdres har pr. i dag den sørlegaste tamreindrifta i landet. No inviterer Vennelaget for Valdres Folkemuseum til foredrag om mennesket og reinen i Valdres – med hovudvekt på tamreinhistoria. Foredragshaldar er Kjell Bitustøyl, frilansjournalist, fagbokforfattar og fotograf med særleg kunnskap om tamrein og sørsamisk kultur i fjellområda i sør.

Valdres Folkemuseum, torsdag 11. oktober 2018 kl. 19.00
Pris: 75,- Moglegheit for å kjøpe kaffi og kake.
Arr: Vennelaget for Valdres Folkemusem

Historia om mennesket og reinen i Valdres er ei mangfaldig, omfattande og interessant historie:

Heilt frå steinalderen av har reinsdyret lokka folk til fjells. Slik har mennesket og reinen levd side om side sidan "tidenes morgen" i dette landet. Nomadiske jeger- og fangstfolk har vore heilt avhengige av reinsdyret. Etter kvart som det kom meir fast busetnad i fjellbygdene, blei jordbruket ei viktig næring, men framleis var det jakt og fangst som var viktigast i bygdene opp mot Filefjell og Jotunheimen. Og viktigaste byttedyret var sjølvsagt reinsdyret. Alle kulturminna frå denne perioden seier sitt om det.

På 1870-talet dukka dei fyrste sportsjegerane opp i fjellheimen, då skifta villreinjakta litt etter litt frå berre å vera rein matauk til òg å bli ein del av rekreasjonen for velståande byfolk. Men nesten 100 år før dette att hadde ein prøvd seg med tamreindrift, ei næring som kom frå samiske område. Bakgrunnen var at når det gjekk nedover med villreinbestanden av ulike grunnar, såg ein seg om etter andre måtar å utnytte fjellet på. Mot slutten av 1800-talet kom ein ny slik periode med drastisk nedgang i villreinbestanden, mykje på grunn av effektive børser med magasin. Dette førte til ei totalfreding av villreinen over heile landet i perioden 1902 til 1906. Denne nedgangen opna opp for meir tamreindrift, ei næring som tidleg hadde slege rot i Valdres. Tamreindrifta blei som regel organisert i lokalt eigde aksjeselskap, ofte med samar som dei viktigaste gjetarane, men dyktige bygdeungdomar kom òg inn som gjetarar. Samane kom med kompetansen og kunnskapen om reindrift og bidrog slik sterkt til verdiskapinga som fann stad. Tamreinen blei for ein stor del kjøpt inn frå sørsamiske område rundt Røros og på svensk side. I nokre bygder varte ikkje tamreindrifta så lenge, men i Valdres, og særleg i Vang, har ein hatt samanhengande tamreindrift i rundt rekna 200 år.

Ei rekkje tamreinlag har kome og gjenge, mange av valdreskommunane har vore og er framleis involvert, anten i form av beiteutleige eller at eigarane av tamreinen var lokale folk. I dag er det fyrst og fremst Vang som er heimstaden til tamreindrifta, med to lag – Fram Reinlag og Filefjell Reinlag. Saman med Vågå Tamreinlag og Lom Tamreinlag utgjer dei dei einaste tamreinlaga utanom samiske område. Og Oppland fylke er gjennom desse fire laga den nest største reinskjøtprodusenten i landet, etter Finnmark. 
 
---

Kjell Bitustøyl er busett i Bø i Telemark. Han er frilansjournalist, fagbokforfattar og fotograf. Bitustøyl er for tida knytt til Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu som frilansar, der han skriv for nettsida villrein.no. Han har drive med studiar av tamrein og sørsamisk kultur i fjellområda i sør og har gjeve ut to bøker om temaet: ”Reinen på Hardangervidda – natur og kultur” (2012) saman med Johan Vaa, og boka ”Tamreindrifta i Setesdalsheiane” (2017). I tillegg har han skrive ei rekkje artiklar og halde mange foredrag om temaet.

28. oktober kl. 18:00Den handskrivne songsamlinga2. og 3. november kl. Rakfiskbalsam på Valdres Folkemuseum