Bautahaugen samlinger
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Bygdemuseum sidan 1902

Bautahaugen Samlingar vart grunnlagt i den nasjonale rusen rundt førre hundreårskiftet. I spissen for å gje hedølingane sitt eige friluftsmuseum stod to framsynte menn, handelsmannen Erik J. Bergsrud (1848-1915) og bonde Elling Goplerud (1864-1932). Bergsrud og Goplerud ynskte å skape eit varig minne for å heidre tidlegare sambygdingar, og dei hadde begge stor interesse for fedrelandet, gards- og ættehistorie.

I 1902 vart den gamle dansarfeten Jonsrudhaugen gitt som samlingsplass og framtidig museumsområde til bygdefolket. Det var eigarane av nørdre Braka, Gunhild Maria Andersdatter og Gudbrand Arnesen som stod for den storstilte gåva. Plassen vart rydda og flaggstong kom opp. 17. mai i 1905 vart den fyrste bautaen reist på Jonsrudhaugen, til minne om "Hedalens Krigsmænd" som i perioden 1808–1814 deltok i krigshandlingane mot svenskane. 

Seinare vart det reist fleire minnesteinar her, men ikkje berre over tidlegare hedølingar. På ein solid jordfast stein er det hogd inn kongekrone og følgjande inskripsjon: ”9de november 1905 kom kong Haakon VII til Norge. Kronet 22de juni i 1906”. Dronning Maud og kronprins Olav fekk sine namn på ei kraftig bordplate av stein. Tradisjonen med kongemonogram og signatur vart vidareført då kong Harald og dronning Sonja vitja Bautahaugen, 9. juni 2010. Då fekk majestetane namna sine innskrive på minnesteinen, rett over over Kong Haakon VII sin signatur.


Fyrste huset på Bautahaugen

Sjølv om Bautahaugen vart grunnlagt i 1902, tok det lang tid før det fyrste huset kom opp. Elling Goplerud skreiv i ”Folkebladet” (Minnesota, USA) 7. juni i 1906 at […hedølerne har tenkt at faa kjøbt en Stue og et Stabbur som er nogle hundrede Aar gamle, og faa sat ved Bautahaugen og oprettet et Museum for Hedalen, men mangler penger dertil saa det blir ikke med det første…].

50 år etter etableringa kom fyrste bygningen opp. I 1952 vart stabburet frå husmannsplassen Jørgensplassen flytt til Bautahaugen. Jørgensplassen vart rydda tidleg på 1700-talet. Stabburet er eldre, frå 1600-talet. I 1954 vart Liestuggua satt opp. Liestuggua var gardshuset på garden Midt-Lie og er om lag 250 år gamalt. Med huset fylgde to store skåp, benk, bord og peis.

I dag er det 15 bygningar og 2 500 enkeltgjenstandar inne på museumsområdet. Stabbur, låve, løer, fiskebu, seterbygning, kyrfjøs, geitefjøs, båthus og årestove frå Hedalen og sidedalføret Vassfaret har kome til gjennom heile perioden. Inne på museumsområdet finn ein også småbruket Brakadokka, ei gamal krambu frå 1870.


Bergsrud gard 

I 2001 overtok Bautahaugen gardsbruket Bergsrud med innbu og lausøyre, seter, hytte og båtnaust. Bergsrud Gard ligg litt nord for Bautahaugen Samlinger. Bautahaugen Samlinger eig også ei mølle nordover langsmed den nye natur- og kulturstigen. Mølla er frå 1700-talet og er svært verdifull.  


Bautahaugen Samlinger

Fom 1. januar 2007 er det Valdresmusea AS som har det faglege og driftsmessige ansvaret for Bautahaugen Samlinger. Eigarskapet er uforandra, for Bautahaugen Samlinger tilhøyrer framleis bygdefolket i Hedalen. Bautahaugen Samlinger (inkl. garden Bergsrud) er organisert som ei stifting med eigne vedteker, styre og venneforeining.

 

7. - 13. juli kl. 10:00-16:00Kviisveka7. juli - 3. august kl. 10:00-16:00Konstruktiv kontrast