Folkemusikkarkivet
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Folkemusikk og folkedans i Valdres

I lenkene under finn du informasjon om folkemusikken og folkedansen i Valdres. Viss informasjonen fell i smak, og du har lyst til å lære meir om musikk-, dans- og songskatten vår, er du hjartelege velkomen til eit besøk på arkivet på Fagernes.

Litteratur, lydopptak, videoopptak og nolevande folkemusikarar og folkedansarar, er viktige kjelder til kunnskap om folkemusikk og folkedans i Valdres. Relevant litteratur om folkemusikk og folkedans i Valdres, finn du til dømes i Knut Hermundstad sine bøker, og i bøker og artiklar av forfattarar som O. K. Ødegård, Gullik Kirkevold, Olav Moe, Øystein Gaukstad, Ingar Ranheim og Elisabeth Kværne. Har du kommentarar eller rettingar til informasjonen på heimesidene til folkemusikkarkivet, må du gjerne ta kontakt.

23. juni kl. 18:00BS: Sankthansvandring langs natur- og kulturstien i Hedalen23. juni kl. 18:00VF: Konsert i amfiet under Valdres Sommersymfoni