Folkemusikkarkivet
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Langeleik

Langeleiken var eit vanleg instrument i store deler av Europa gjennom heile mellomalderen, men då fela vann fram på 1700-tallet gjekk langeleiken etter kvart or bruk. På fleire stader i Sør-Noreg  var langeleiken i bruk til litt ut på 1900-talet, mens i Valdres spelar me framleis langeleik i ubroten tradisjon. I Valdres er langeleik eit populært instrument og gjennom dei kommunale kulturskulene får unge langeleikspelarar opplæring i ulike speltradisjonar. Sterke familietradisjonar er framleis hjørnesteinane i det levande langeleikmiljøet i dalføret.

Mens dei eldste langeleikane vart laga av eitt trestykke, er den moderne langeleiken, som vart utvikla på slutten av 1800-talet, sett saman av seks separate deler; ein botn, eit lok, to sider, bakstykke og eit stemmehovud. Ein langeleik har 6–9 strengar, der melodien blir spelt på ein streng medan dei andre strengane er bordunstrengar med fast harmoni, slik moten var i seinmellomalderen. Rytmen blir forma med ein snert i høgre handa, medan melodien blir spelt med tre fingre på venstre handa. Spelteknikken skil den norske langeleiktradisjonen frå spelemåten på tilsvarande instrument i andre land, til dømes den ungarske sittaren.

Dokkedans til langeleik
Dokkedans til langeleikspel er ein gamal tradisjon i store deler av Europa og Asia, og i Noreg er tradisjonen uløyseleg knytt til langeleikspelet. Ei dansedokke er laga av stoff eller tre, cirka 10 cm høg. Dokka er festa med ei snor frå hovudet og opp i eit stativ, som dannar ramma omkring dokka. Andre enden av snora bitt ein fast i den fingeren som held plekteret, og når spelemannen slår att og fram med spelhanda si, ”dansar” dansedokka opp og ned – i takt med musikken. Tradisjonen i Noreg har vore variert. Aagot Einung frå Tinn i Telemark brukte til dømes ein utskoren hest i staden for dansedokker. Hesten var festa til ei snor, slik som dansedokkene, men i motsetning til dansedokkene, var hesten tredd nedover ei jernstong og gleid opp og ned denne i takt med musikken.

23. november kl. 19:00VF: Foto frå museumsarkivet2. desember kl. BS: Lysfest på Bautahaugen