Folkemusikkarkivet
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Vokal folkemusikk

Kjært barn har mange namn: Vokal folkemusikk, tradisjonssong, kveding, hulling og folkeleg song. Også her er det naturleg å kategorisere songane etter innhald og funksjon. Folkemusikkinnsamlaren Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) skreiv opp om lag 800 songar i Valdres i åra 1848 og 1865. I boka Valdrestonar finn du desse og nyare nedskrifter, og i folkemusikkarkivet på museet kan du òg høyre mange av tonane. Ei av dei viktigaste, eldste kjeldene for den vokale folkemusikken i Valdres er Andris E. Vang (1795–1877) frå Vang i Valdres. Vang var ein betydeleg folkeminnesamlar og skreiv fleire bøker. Med boka Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris var Vang den fyrste som gav ut tradisjonsstoff på bygdemål i Noreg. Han var elles ein vegbrytar for den lokale kulturarven i Valdres og sytte mellom anna for at gamle songar og salmar vart skrivne ned og verna for ettertida.

Fleire tradisjonsberarar har sett spor etter seg i Valdres. Anna Fuglesteg og songane hennar er framleis ein viktig del av ein levande og sterk familietradisjon. Marit Karlberg er den mest eksponerte utøvaren av den yngre generasjonen i dag.

Songtilfanget i den vokale folkemusikken er mangfaldig, frå salmetonar og balladar til låttestev og barneviser. Dette ser vi allereie gjennom Andris E. Vang sitt repertoar. På folkemusikkarkivet finn du oversyn over songar og songkjelder, bøker, artiklar og folkesongen i Valdres og om tilhøva til andre sjangrar, den klassiske musikken, til dømes. Folkemusikkarkivet på Valdres Folkemuseum er det eldste lokale folkemusikkarkivet i landet med over 9 000 enkeltspor med musikk og song.

30. september kl. BS: Foredrag om rosemåling i Sør-Valdres30. september kl. 17:00-18:00BS: Skummeltur på Bautahaugen