Folkemusikkarkivet
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Runddans

”Gamaldans” eller runddans har vore spelt og dansa i Valdres i alle fall sidan tidleg på 1800-talet. I Gamalt frå Valdres nr. 7 fortel O.K. Ødegaard etter Lars i Krøssengen at ”storfølke uti storgaro” ville ha ”gamle Nordlanden” (Knut Nordland eller Øldre, 1794–1877) som spelemann, framfor den meir kjende Jørn Hilme, for Nordlanden hadde lært nokre ”are danselåtta en springar o halling” tå ein ”taterspelemann”. Dette skulle vera den kjende Karl Fant eller Fant-Karl. Han tente hjå Nordlanden, og fekk mat og hus mot å lære bort runddansspel, er det sagt. Tradisjonen knyter fyrste møta  mellom Nordlanden og Karl Fant klart til garden Nordland, og i så fall må det ha vore før 1823, for då flytte Nordlanden til Øldre. 

P.M. Søegaard budde i Aurdal tidleg i 1840-åra, og kom tilbake ein del år seinare. I boka ”I Fjeldbygdeme” frå 1868 fortel han at danseskikkane hadde endra seg i mellomtida. Dei gamle dansane som halling og springar var erstatta av runddans og turdans, skriv han. Her overdriv nok den gode Søegaard, for me veit at det vart dansa springar og halling i Aurdalsbyen lenge etter dette, og i nokre av dei øvre bygdene i Valdres tok ikkje runddansen over som dominerande danseform etter springaren før etter siste krig. Likevel kan ein nok summere opp med at runddansen truleg kom til Valdres omkring 1820, og for alvor begynte å ta over dansegolva omkring 1850.

Runddansen vann stadig terreng i siste halvdel av 1800- og fyrste del av 1900-talet, men frå 1920-åra kom det konkurranse frå nye, oversjøiske dansemotar, særleg tango og foxtrot. Runddansen vart då etter kvart kalla ”gamaldans” (etter programposten ”For gammeldansens venner” i NRK), og levde ei tid etter krigen eit godt samliv med tango, foxtrot, ”sjess” og andre oversjøiske dansar, i det som i dag gjerne blir kalla ”nygammalt”.

Springdans og massurka
I runddansane dansar paret rett mot kvarandre (noko som i visse miljø vart oppfatta som umoralsk på 1800-talet), med båe armar om kvarandre, og fleire av dansane har ei svært rask, virvlande, eintakts snuing rundt éin felles akse. Slik rask snuing kom også med i springdansen (og kanskje i bondedansen) i Valdres.

Masurkaen kan ha kome som polkamasurka med sakte snuing, men seinare har den vanlege, austlandske masurkaen dominert. Litt spesielt er det likevel at mange karar snur masurkaen med tungtakta på høgre foten, nesten som i springar, i staden for på venstre, som er vanleg elles i landet. Det er særleg i øvre Valdres at denne høgrefotsnuinga har vore brukt, men han finst også lengre sør. Valdresjentene har såleis alltid måtta kunne to måtar å snu masurkaen på, men dei er ikkje alltid klar over det. Vrangsnu har også vore brukt ein del, men då over to takter. På 1970-talet fekk runddansen eit sterkt oppsving over heile landet, og ikkje minst her i Valdres. Polsen spreidde seg, men her i Valdres har masurkaen så langt halde stand, og polsen har fått lite innpass.

Vals og Karl Fant
Det er særleg valsar som er knytte til tradisjonen etter Karl Fant, og ein må vel gå ut frå at dette var fyrste runddansen som slo rot. Det synest ikkje som valsen blir dansa annleis i Valdres enn i andre bygder.

Polka og galopp
Polkaen blir tradisjonelt dansa som galopp, og mange dansar med ”taktskifte”, det vil seia at dei bryt opp den todelte takta i grunnsteget med â ta eit enkeltsteg inniblant. Frå 1970-talet har strekkbuksepolka (lettisk polka) kome inn.

Reinlendar
Reinlendaren har vore dansa som lukka, austlandsk reinlender, ofte med taktskifte slik som i galoppen. Det er noko omdiskutert i kva grad desse taktskifta er eit eldre fenomen, og i kva grad det er resultat av påverking frå foxtrot. Mange har brukt bytomfotsteg (”prillesteg”) i snuinga, og ein del har snutt på vranga (over ei takt). På 1970-talet kom det inn open reinlendar.

 

30. september kl. BS: Foredrag om rosemåling i Sør-Valdres30. september kl. 17:00-18:00BS: Skummeltur på Bautahaugen