Folkemusikkarkivet
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Rispo frå spelemannsliv i Valdres

Mange av dei gamle spelemennene var ikkje berre gode til å spele, men også flinke historieforteljarar. Nokre av forteljingane er ofte litt på kanten, medan dei andre gonger fortel om underfundige refleksjonar om kvardagsliv og livet som spelemann. Forteljingane er ein viktig del av tradisjonen rundt spel, kyrkjeliv og bygdesamfunnet generelt, i kvardag og fest.

Lars Mikjelsson Krøsshaug var ein stor spelemann, men åtte også emna til å ordleggje seg. O. K. Ødegaard fortel etter Lars Krøssengen, sonesonen til Lars M. Krøsshaug, i Gamalt frå Valdres VII: Krøsshaugen "va beste spelemann'n i heile bygd'n o kunna gødt mæle se me hono Jørn Hilme, so 'n va mykje samen me. Dei va hjå inan dei karadn o kappast o lærde tå inan. Ei gaang han Jørn Hilme va på Krøsshaug, skulde 'n gofa (Lars M. Krøsshaug) lære ein lått tå hono. Men de gjekk ikkji so fort so Hilmin vilde, o so sa 'n: "De e rart, at du so e so go ein spelemann, e so sein te lære!" Da svara gofa: "De kjem taa di at e ikkji e vindøygd o inkji har meir enn ei kjering!" (Jørn Hilme var kjent for å ha eit godt lag med kvinnfolka).

"Ei gång let gamle Krøsshaugen - gofa min - i eit barsøl i ein heim dei kalla Rødningen, trast ovefør nøre Bø i Vang. Der va gamle klukkaren, o han sa te hono gofa: "De e rart, at her læt fela di so det syng i vegge o alt so e i huse, o ner du læt hjå me, so læt de mest inkji." "E ska seia de de," sa Krøsshaugen, "at e lika inkji de, klukkar, men han Andris i Rødninge lika e."

"Det skulde bli bryllaup i grannegarde hass Knut Øldre (frå Nordland). O då vart de fundert mykji på kem dei skulde ha te fyste spelemann i lage, anti Krøsshaugen enn 'n Knut, so grannegut va. Men endå de hadde høvt se best o ha take granneguten, so vart de te di at gamlemann'n på garde sa: Ta me ikkji Krøsshaugen, so kjem 'n te øyeliggji'n Knut."

"Men e de kji rart her i ver'n, du, at dæ alder bi meir enn ein skjile meisterspelemann i sama ætt'n? Han gamle rette Krøsshaugen, gofa min, han va meister. Han far, so son'n has va, va meisteleg go, men kom inkji upp mot far si. E vart ein måtele spelemann, og son'n min skjøna se 'kji meir på fela enn ein peiskrakk !"

Kjerringi hans Lars Mikkjelsson Krøsshaug var Ragndi Eivindsdtr. Ellingbø (ned i garden), f. 1787 og d, 1850. Ho var dotter til Eivind Andrisson Ellingbø og Ingebjørg Olsdtr. nedre Kjøs, (A, O, Øyo,) Ho Ragndi skulle ha vore noko av eit troll i huset. Han Lars laga ein lått om henne, Kjeringlåtten. Han var slik: "Stundo æ mi kjering go, / stundo æ ho so so, / stundo får e lite te mat, / stundo får e alder dæ slag, / stundo får e graut o brim, / stundo får e gå so eit svin,, / Tra la lala la, lala, / tra la lala, / gå so eit svin!".

"Ho Randi va eit stort trøll, seie’n Lars i Krøssengen. De’ går seign um henne, at då mann henne låg ute i kri’n, so banna ho o sa: ”Vøre e kunge, so skulde e snart få han Lars heimatt”. Men han Lars hadde de’ ventele inkji verre ute so kongens kar, enn heime hjå henne Randi."

Lars Krøsshaug var ein av dei som vart eit offer for "drykken". Ein dag hadde han spelt i eit barsøl på Høle i Øye. Så skulle han gå derifrå til Strønd og spela i eit bryllaup. O. K. Ødegaard skreiv etter Lars i Krøssengen at "han gjekk innum på Kvame. Der vanka det brennevin, o han gofa tok til å låte, o etter kor lått, sa 'n: "So seie Krøsshaug-guten!" Men det vart ifullt mange dramma, o då han gofa gjekk, so va 'n noko lite "på 'n" o sprang o dansa upp over Eidssvingen. De va de siste dei såg te hono. Då han gjekk bortetter Strandafjord-isen, gjekk han ned i ei grunn demme og bleiv berre 45 år gamal. Dette hende den 21. mars 1830. Han vart gravlagd 27/3."

Sonen Andris Krøsshaug (Teigen) var ikkje ein av dei som stakk seg mest fram, men skulle ha vore god til å låte. Humor åtte han òg, skal ein tru denne soga:

Attmed bygdevegen nordanfor Kvie budde ein gamal spelemann, som dei kalla Andris på Teige. Han budde i ei liti stoge der, liksom for seg sjølv. Han hadde vore ein meister til å handsama fela, og enno heldt han ho i god stand. Ein sundagsmorgon om våren sat han såleis og spelte litevetta åt seg. Då kom det to herremenna gåande nordetter frå Kvie, og dei såg svært høgtidssame ut, for det var sjølve bispen (Folkestad) og prosten (Konow), som var ute og for. Dei skulle ha visitasmesse i Høriskyrkja den dagen, og så tok dei seg ein spasertur føreåt. Då dei høyrde dette lætet, stana dei ved stova hans Andris og gjekk inn til han. Andris skjønte trast kva karar det var, men låst seg ikkje større vare på noko. Han sat berre og klappa og strauk fela si.

Då sa bispen: "Men læt du på fela så tidleg i dag då, venen min?" "Ja," sa han Andris, "e lika å høyre fela stundo, og so tek e me ein lått åv o te. E ha vant me te di," sa han. "Men du skulle lell ikkje spela sundagsmorgonen," meinte bispen. "Då burde du heller ta salmeboki og lesa over tekstene, som høyrer dagen til, og sjå på salmane litt før du går til kyrkja. Det gjer eg, og det same gjer prosten, før såleis har me vant oss til." "Ja, de æ rart me vana, kar!" sa han Andris på Teige. Attåt plassen Teigen nærde Andris seg og med skreddararbeid. Då han og kona fall bort, vart plassen utlagd.

Knut Nordland var ein av dei som lærte spell hjå Krøsshaugen. Han skulle visst ha vore i lag med Jørn Hilme og Karl Fant også i si tid. Sonen prøvde også å ”apa” noko etter far sin, men det skulle visst ikkje ha vore noko særleg til suksess. Guttorm, sonen hans Knut, let og noko på fela og freista herme etter faren. "Men han har ikkji spelemannsevno, han Guttorm," sa han Knut." Han læt som han skulde ha klakka på ei låvedør!" la han til.

Ein annan gong uttrykte Nordlanden det slik då han skulle kommentere spelet til sonen: ”Før e skulde vera so klen te o låte på fela so du, vilde e heldan vera  tjuv”.

Til slutt var Knut Nordland vorten så namngjeten spelemann at han laut spela i mest alle gruse lag både i Vang og i Valdres elles, Lærdal og andre stader "innmed sjøo". Knut var så svær til å gå. Mest kvar haust var han på Vestlandet og spelte ei tid. Då tok han fela si og gjekk nordetter Kviture og til Lærdal på dagen. Når det var store "pengebryllaup", var Nordlanden så ærekjær at han tolde lite at nokon spelemann vart sett høgare enn han sjølv.

Ein gong var det bryllaup på Leine. No brukte dei mykje attved å ha tre spelemenn i store bryllaup. Denne gongen var det Knut Nordland, Ola Strand på Søyne og Trond Eltun på Øye. Nordlanden skulle no liksom vera den gjævaste. Han var eldst og var brudespelemann, skulle med andre ord spela brudi inn. Når gjestene var benkja ved bordi, vart brudi kledd i ein kleve. Så vart ho leidd inn av ein brudesvein. Det var då vanleg skikk at dei to brudefolki skulle danse ein liten dans med gjestene såg på. Og det var brudespelemannen som let denne låtten. Knut Nordland sat inne og let. Dei hine to sat ut i gangen og let i hop. Då det lei om litt, gjekk heile bryllaupsflokken ut i gangen. Til slutt kom Knut etter. Då skulle han ha sagt: "De pløgji mæ min plog, de kara!"

Når det var store ballar ut i Storgøro i Aurdal, vart ofte han Knut Nordland beden til spelemann. I lang tid var han der til kvar jol i fine lag. Men no kunne ikkje han Knut spela etter notar, og så truga dei med at dei ville ikkje ha han lengere. "Men so kom dæ ei fin dame o ga me ei notebok. O då e hadde lært nota, vart dæ grust mæ me att!" hermer dei etter han

Ola Knutsson Strand på Søyne var visst fæl til å spela, men var visst også flink til å få til moro som dei seier. Likevel var han visst ein ordenskar, og det var ingen som hadde sett han anna enn edru. Ola Strand var svær til å dikte småstev og sogor som han sette låttar til. Ein slik lått kalla han Østebutten, ein Brimfleska, ein tredje hadde denne låttetekst: "Kari, Kari kor ha du vøre? / Du æ so bøsut på rygge di!/ Du ha vøri på Skøris-låva/ o støle drøse i pøsin din!"

Ein gong han var i Sogn hadde han fått nokre til draga båten åt ein full mann inn i setohuset hans og lagt han opp på betane, to tverrstokkar som gjekk frå ein langvegg og bort i hin i dei gamle raustestogone. Dette vart til ein lått med denne stevstubben til: "Ko før ha du stelt de so /at båten æ kåmin på betin?".

Ulrik i Jensestogun var i si tid ein namngjeten spelemann, og var ein mykje nytta spelemann i dei kondisjonerte kretsane i Aurdalsbyen. Ulrik var ein gløgg og slagferdig mann. Ein spelemann i Nord-Aurdal sat saman med Ulrik ein gong. Mannen skrøytte av at han var så god til å spela og hadde så godt hovud. Ulrik som var læremeistaren hans svara: ”Dæ va gamal takst å skjera eit mål skurd førr eit nautehuggu, men førr ditt kunne ein nok skjera helvtanna!”.

Ola Viken var husmann i Viken på Leira var ein god felespelar. Ein granne sa til han ein gong at felespeling var synd. Ola svara ”Felespeling æ og te bitala gjøld mæ!.

Ola Torleivsson i Hamrisbrøta (1819-1896) som oftast gjekk under tilnamnet Brøtaguten, var meisterspelemann, og det ein kan kalle bygdeoriginal. Han var vel noko bråsint stundom, og det gjekk ofte utover felene hans. O. K. Ødegård fortel: ”De va ’kji gødt vera fela hass Ola på Brøto. Han va so nauande fin på di, ner ’n skulde lye ette kost ho svara, at dè øfto bar gale i vegen mè felun, ress so ho ikkji let so han Ola likte dè. No veit ein dè at meste alle felo stundo slå se range, o at dè è noko i vege mè dei, o slek trefte dè øfto mè felun hass Ola. O ein gång ’n ’kji fekk fela sjile te, so tok’n ho mè se ut på Slirefjordn o batt ein stein attve hona o søkte ho ne.

”Ei a’n gång hadde ’n kjøft ei meistele og fele hjå Nils Belji, so va ein meisters felemakar o gjeve 5 dalar for ho. O heime hjå se sjølv skuld’n prøve fela. Han sat fyst på peiskrakke, men dè vilde ’kji ljøme rettig, o so prøvde ’n i alle røna i stogun o te sist i ro’n baka døre, o då dè heldan ikkji der gjekk so ’n likte dè, so va dè ’kji lengji, so ’n sa, før fela sat i vegge.

Andre gonger kunne det gå slik til at fela fòr andre harde fragment som til dømes sengestolpen. Og som ein gong han hadde fått ei ny fele som han ikkje fekk til å svare som han ville. Han dengde då fela i stabben ved peisen, men sa i stort alvor: ”Du store min, kost ho no svara!”

30. september kl. BS: Foredrag om rosemåling i Sør-Valdres30. september kl. 17:00-18:00BS: Skummeltur på Bautahaugen