Gardbergfeltet
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Gardbergfeltet i Vestre Slidre

 Gardbergfeltet i Vestre Slidre i Valdres er eit område på meir enn 2 kvadratkilometer. Her finn ein kanskje 1000 gravøyser (550 er undersøkte) og meir enn 900 funn frå romersk jernalder og fram mot vikingtid (cirka 800 e.kr.). Området har også spor av den enorme jernutvinninga som fann stad i Valdres før, under og etter vikingtida. I området har det også blitt drive jordbruk og husdyrhald i 4500 år. I eit av felta ligg ein stor skålgropstein med 70 skålgroper. Denne er truleg frå bronsealdaren.  

Einangsteinen er frå rundt år 300 e.Kr. og er den eldste runesteinen i Nordvest-Europa som står på sin opphavlege plass. Runer vart tekne i bruk for 2000 år sidan. Dei yngste runene var i bruk fram til cirka 1400 e.kr. På Einangsteinen finn ein derfor skrift med den eldste runerekka, skrive frå høgre mot venstre.

 

Skriftspråket sin arnestad?

 Det er 1700 år sidan Gudgjest rissa runene på Einangsteinen. Kvar hadde han lært det? Kanskje på reise eller tokt til sørlege land i Europa. Det romerske sverdet med smeden sitt bumerke og namn kom også til Gardbergfeltet på om lag same tid. Det skrivne ord fekk med dette innpass i vår del av verda. Eit rikt folk både kulturelt og på annan måte har levd her oppe. Kva vart lagnaden deira? 600 år seinare innfører Harald Hårfagre sin yngste son, Håkon den Gode, eit anna kommunikasjonsmiddel i Norge: Vardebrenning, som varsel om mobilisering til krig, cirka år 950 e. Kr.

Den mest kjente av vardane i Valdres, Olberg, ligg synleg og strategisk til på den andre sida av Slidrefjorden, tvers over dalen frå Gardbergfeltet. Vi ser i dette området opphavet til dei avanserte informasjons- og kommunikasjonssystem vi har i dag. Sidan runene vart rita i Einangsteinen, og fram til avansert internett-kommunikasjon i vår tid, er det eit tidsspenn på heile 2000 år.

September kl. Ikkje bestemtKurs i oppsetjing av skigard, Bagn BygdesamlingSeptember kl. Ikkje bestemtKurs i utskifting av tømmer, Bagnsbergatn