Gardbergfeltet
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Einangsteinen

 Einangsteinen, frå kring år 300 e.Kr., er den eldste runesteinen i Nordvest-Europa som enno står på sin opphavlege plass. Runer vart tekne i bruk for 2000 år sidan. Dei yngste runene var i bruk fram til ca. 1400 e. Kr. På Einangsteinen finn ein skrift med den eldste runerekka. På steinen står det:

Ek goðagastir runo faihido 
Jeg Gudgjest rista runene

Einangsteinen ligg i eit stort gravfelt saman med mange andre kulturminne som fortel om jordbruk og husdyrhald frå bronsealder, jernalder, vikingtid og fram til dagens aktivitet i kulturlandskapet. Runene blei nytta både til magiske formål og til skrift.

Kven var denne kunnskapsrike Gudgjest? Dreiv han og dei han budde saman med ein slags samhandel med Romarriket? Leia han jernutvinninga i området? Jernet frå Valdres var kjent for sin gode kvalitet. Deltok han saman med andre germanske stammer i nedkjempinga av Romarriket?

September kl. Ikkje bestemtKurs i utskifting av tømmer, Bagnsbergatn6. september kl. 11:00-16:00Landbruksdagen, Valdres Folkemuseum