Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no

digitaltmuseum asdc

Valdresmusea

Valdresmusea AS vart stifta i 2006 og er den konsoliderte driftsorganisasjonen for Bautahaugen Samlinger, Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum.

I 2008 vart det inngått partnarskapsavtale med Stiftinga Gardbergfeltet og Oppland fylkeskommune om drift og utvikling av Gardbergfeltet. Valdresmusea overtok frå 1. januar 2008 drifta av Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Drifta er regulert gjennom avtale med Kulturdepartementet.

Ved dei to avdelingane i Sør-Aurdal er det aktive eigarorganisasjonar, ved Valdres Folkemuseum er det eit passivt styre. Ved avdelingane er det venelag som er med og organiserer den friviljuge verksemda. For Norsk institutt for bunad og folkedrakt er det eit statleg oppnemd fagråd - Bunad- og folkedraktrådet.

Formålet for Valdresmusea er å drive bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling, knytt til den lokale kulturarven. Det internasjonale museumsforbundet sin formålsparagraf ligg til grunn. Valdresmusea skal drive sal av produkt og tenester, samt utøve aktivitet som er i samsvar med hovudformålet. Selskapet skal vera ein aktiv part i utviklinga av reiselivet i Valdres. Valdresmusea har 23 fast tilsette. Valdresmusea har dotteselskapet Isfolket AS.

Styret
Bente Dalåker, styreleiar
Øyvind Dahle, styremedlem
Kristian Bergsund, styremedlem
Rønnaug Sørlie, styremedlem
Kjell Arne Berntsen, styremedlem
Anne Strand Moen, styremedlem
Ole Aastad Bråten, styremedlem, representant for dei tilsette

Vara
1. Torill Trøen  
2. Anne Mari Helle
3. Camilla Rudrud, varamedlen for tilsetterepresentanten

Torsdag 16. mai kl. kl: 18:30Yoga på museet17. mai kl. 11.30-14.00Nasjonaldagen, Valdres Folkemuseum