Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Munkekroen

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon: +47 61 36 01 77
E-post: mail@munkekroen.com
Heimeside: www.munkekroen.com


 EIT NORDISK MATUNIVERS

Nordisk mat står i sentrum for Maria og Peter Nässtrøm sine matunivers. Sidan 2003 har dei tilbydd gastronomiske opplevingar for lokalbefolkninga i Valdres, og for hyttefolk og tilreisande. I 2013 opna dei kafé og restaurant på Valdres Folkemuseum.

Lokale råvarer  
Det nordiske kjøken er utgangspunktet for Maria og Peter sin matfilosofi, og alle rettane blir til med utgangspunkt i nordiske råvarer og mattradisjonar. Alle rettane blir til «frå grunnen» av. Sommarstid er det tradisjonskost frå Valdres; rømmegraut, majel og spekemat, som står øvst på menyen.

Med kjærleik og respekt      
I ei tid med stress og avmakt er det vårt høgste ynskje å tilby menneske det stikk motsette, seier Maria og Peter. I Munkekroen er det vennskap, kjærleik og gode matopplevingar som står på vertskapet si tilbodsliste.        

Maria og Peter legg ikkje skjul på si kristne tilhøyr. Skal vi tru vertskapet er Munkekroen einaste kyrkja (ja, kafeen er vigsla) i verda der det blir serveret alkohol. – Alkoholen er skaparverket åt Gud, seier Maria. Drykken skal ein handsame med omhug og respekt. Jesus drakk vin med sine kameratar. Det same kan du gjere i Munkekroen på Valdres Folkemuseum. Så, nyt gleda over livet, maten og kvarandre.    

Velkomen til gode matopplevingar på Munkekroen  

 

April kl. Ikkje bestemt Seminar om hus-sopp, Valdres Folkemuseum28. april kl. Ikkje bestemtSt. Georgsfeiring for speidarar, Bagn Bygdesamling