Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Vennelaget for Valdres Folkemuseum har som formål å skapa interesse for Valdres Folkemuseum og det museet står for. Vennelaget arrangerer foredrag som trekkjer folk til museet, og turar som gir folk kunnskap om historia vår, og me støttar opp om arrangementa på museet. Elles arrangerer laget rakedugnad om våren, skaffar folk som kan hjelpe til under arrangement, og held basar.

Laget hadde 236 medlemmer i 2016. Fire gonger i året får medlemmene tilsendt Museumsbodstikka, eit informasjonsblad om aktivitetane i laget og ved museet. I 2017 kostar det kr 125 å vera medlem i Vennelaget. Medlem kan ein bli ved å sende ein e-post til aud.soyland@bbnett.no, eller ved å betala inn kr 125 til konto 1594 22 20062.

Vil du ha meir informasjon om Vennelaget, kan du ringje til Gunnar Modén, tlf. 924 25 919, eller til Aud Søyland, tlf. 990 37 584.

Styret i Vennelaget for 2016–2017
Aud Søyland, leiar
Gunnar Modén, kasserar 
Ola Næss, referent
Liv Ulsaker, styremedlem
Sidsel Røine, styremedlem
Gunnar Hauge, styremedlem
Anne Marit Noraker, museumsrepresentant

Ingun Kompen, varamedlem 
Solveig Rydland, varamedlem 
Anne Berit Strømmen Strand, varamedlem
Ole Aastad Bråten, varamedlem for museumsrepresentanten

Aktivitetar i 2017
I Vennelaget for Valdres Folkemuseum kan du finne eit triveleg fellesskap, anten du vil dra på tur med andre historisk interesserte, eller oppleva eit dugnadsfellesskap. Fyrste tysdag i kvar månad kl. 11 (bortsett frå juli og august) møtest me på basarkafeen, møtestaden der det òg blir skapt gevinstar til basaren. Me har rakedugnad på museet før 17. mai, stand under Rakfiskfestivalen og basar under Skarka. Og ikkje minst har me foredrag og turar der alle er velkomne, anten dei er medlemmer i Vennelaget eller ikkje.

Nytt i 2017 er at Vennelaget vil halde ope eit av husa på museet i juli månad, ved at «venner» byter på å vera vakt i huset og drive med handverk og/eller kaffiservering.

I 2015 laga Vennelaget eit hefte med kvardagsoppskrifter frå Valdres. Heftet er laga på fem språk (norsk, engelsk, tysk, nederlandsk og fransk), og er å få kjøpt i museumsbutikken, Fagernes Libris, Husfliden Fagernes og direkte hos Vennelaget for kr 75.

Vennelaget får inn pengar frå medlemskontingent, møte, gåver, basar, grasrotmidlar og altså sal av oppskriftshefte. I perioden 2006–2016 har Vennelaget overført 566 000 kr i gåve til museet. Me har kjøpt stillas og finansiert peisen i nybygget, kosta minglebord, utstillingsmontrar, gjeve tilskot til den nye muren ved inngangen på museet, til nytt låsesystem på museet og flygel i festsalen. Nye oppgåver står for tur i 2017.

Program for 2017:
9. februar: Årsmøte og filmforedrag om Valdres jordbruksskule v/Jan Arne Sebuødegård
16. mars: Filmkveld med framsyning av Helge Lundes film «Trollelgen»
25. april: Vandreforedrag med bygningsrådgjevar Odd Arne Rudi om «Tre i bruk»
8. mai: Rakedugnad
30. mai: Vaskedugnad
2. september, Landbruksdagen: Stand på museet med spikking og aktivitetar for ungar
3. september: Tur til Hallingdal Museum, omvising v/Torill Thømt. Hallingkost på Hagaled Gjestegård etterpå.
12. oktober: Foredrag med historikar Terje Hasle Joranger om emigrasjonen til Amerika
2.–4. november: Stand under Rakfiskfestivalen
3. desember: Museumsbasar under det årlege skarkearrangementet, med mange fine gevinstar laga av deltakarane på basarkafeen og andre

 

26. august kl. 11:00-15:00VF: Landbruksdagen 201728-29. august kl. VF: Fagdagene 2017