Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Grupper Valdres Folkemuseum

Omvisingar Valdres Folkemuseum
Ei omvising varar om lag ein time. I sommarsesongen er det vanlegvis omvising på friluftsmuseet og i dei antikvariske husa. Vinterstid tek vi omvisingane i utstillingane innandørs. Du kan tinge omvising på norsk, engelsk, tysk, nederlandsk, fransk. Utover dei ordinære omvisingane skreddarsyr vi unike program for din gruppe. Vi treng alltid stadfesting på bestilling frå kunden.

Lunsj, middag eller ein kaffikopp?
Peter og Maria er vertskap i museumskafeen Munkekroen. Vertskapet har til saman 60 års erfaring innan matfaget og er godt rusta for å sørve store og små grupper.

Tilgjengeleg for alle
Valdres Folkemuseum er tilrettelagt for besøk heile året. Velkomstbygget er universelt utforma. Parkeringsplassen har handikapparkering. Kafeen har òg ein meny for dei som har allergiar.

For meir informasjon eller bestilling, fyll inn tilbakemeldingsskjemaet! Vi kontaktar deg/dykk så fort som råd..

 

(*)Navn:
(*)Kontaktperson:
(*)Fakturaadresse:
Telefon:
(*)E-post:
(*)Antall:
Ynskjer bevertning:

Kommentar:

2. april kl. 12:00-16:00VF: Påskeverkstad for heile familien6. april kl. 19:00VF: Antisemittismens historie