Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foto

Valdresmusea forvaltar 100 000 kulturhistoriske fotografi. Hausten 2014 gjekk musea i gang med digitalisering og publisering av den store samlinga. Det langsiktige målet er at alle fotografia skal publiserast på nettportalen Digitalt Museum. Per tid er om lag 1200 fotografi frå samlinga publisert på Digitalt Museum.

Fotografia er unike kjelder og viser liv og samfunnsformer som i mange tilfelle ikkje lenger eksisterer. Men, mange av fotoa manglar informasjon om personar og landskap, og fotoarkivar Bettina Walser Garmann er derfor svært interessert i opplysningar som kan fortelje oss meir om nettopp desse fotoa.

Målet til Valdresmusea er at opplysningane skal vere så korrekte som råd, men vi tek likevel høgde for at det kan vere feil i registreringane. Legg gjerne inn kommentarar til objekta og hjelp oss med å gjera innhaldet endå betre.

Prisliste

1. Foto til forsking og privat bruk:
Høgoppløyselege filer til forsking, studentoppgåver og privat bruk, 1–10 foto: kr. 250,- per stk. Frå og med foto nummer 11, 10 % rabatt per stk.

2. Foto til publisering:
Høgoppløyselege filer til eingongsbruk (avtala opplag), 1–10 foto: kr. 1050,- per stk. Ved nytt opplag eller bruk av same produkt meir enn ein gong, 50 % rabatt på ordinær pris.

For historielag, museum og ideelle organisasjonar, 50 % rabatt. Profileringsmateriale, skilting og offentleg utsmykking: kr. 2000 per foto. Alle prisar er inkludert mva. per 01.03.2015.

3. Vilkår:
Ved publisering skal namnet til fotografen (dersom dette er kjent) og Valdresmusea krediterast på følgjande måte: Foto: Namnet på fotografen/Valdresmusea.

Kjøpar må nytte fotoa i tråd med gjeldande vilkår, lovar og reglar. Fotoa kan ikkje nyttast på ein måte som verkar sårande eller krenkande.

Kontaktinformasjon
Bettina Walser Garmann, fotoarkivar
Tlf.: 61 35 99 13
E-post: bettina.garmann@valdres.museum.no

23. juni kl. 18:00BS: Sankthansvandring langs natur- og kulturstien i Hedalen23. juni kl. 18:00VF: Konsert i amfiet under Valdres Sommersymfoni