Instrumentverkstaden
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Langeleik etter lyrikaren Olav H. Hauge

Produsert av instrumentmakar Knut Opheimsbakken på oppdrag av Hardanger Folkemuseum, sumaren 2008. Under følgjer diktet "Langeleiken", henta frå debutboka til Hauge, ”Glør i oska” (1946). Hauge skreiv diktet då han var kring 20 år gammal, etter at han hadde gjeve bort langeleiken sin til ein eldre harding som trygla om å få han. ”Sidan har det ikkje vore song i dikta mine,” skreiv Hauge.

Han låg og slang der på kattaloftet
imillom skramlet i ei krå.
Eldande gamal, og svart og sprokken,
ein skruve vanta, kvar streng var tå.

Underleg, lell, det var å halda
det gamle spelet i si hond
og sjå på kassen og krokne halsen
med vene linor og kròta rond.

--

Ljose vårnotti guten smaug seg
med denne leiken bak Dokkehaug
og spela der inn i bekkesusen
si kunstnarlengsle for nykk og draug ...

I sundagsstilla, på bualoftet,
tok gjenta leiken or tina fram
og sat og spela på kisteloket
si løynde kvide og dulde skam ...

Han venta, Eiliv, på flyttedagen
til kyrkjegarden på Hakestad
og freista skjelvhendt ein salmetone
til sjelefrelse på spelet ta ...

--

Han heng her endå, den gamle leiken,
men hadde han kunna sunge, du,
dei gamle tonar av blod og tåror,
av lengt og saknad og audmjuk tru.

Svart og eldgamal, grå og utgløymd,
heng han på veggen blant framand stas,
- ein attergangar frå myrke tider
fyrr hardingstova fekk glugg og glas ...

7. - 13. juli kl. 10:00-16:00Kviisveka7. juli - 3. august kl. 10:00-16:00Konstruktiv kontrast