Opplandsarkivet
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Opplandsarkivet

Opplandsarkivet tek vare på private arkiv og gjer dei tilgjengelege i eit fylkesdekkande nettverk. Til grunn for arbeidet ligg retningsliner for privatarkiv, utarbeidd av Riksarkivet. Med privatarkiv meiner ein arkiv med foto, kart, lyd, film, musikk, papir.

• Opplandsarkivet har ni avdelingar over heile fylket, med sekretariat ved Mjøsmuseet.
• Opplandsarkivet har fire arkivavdelingar for folkemusikk og tradisjonsmusikk.
• Regionmusea har ansvar for drift og tek imot arkiv frå kvar sine regionar og fylkesdekkande arkiv.
• Opplandsarkivet tilbyr privatpersonar, foreiningar og bedrifter oppbevaring av arkiv.
• Arkiv kan du deponere eller gje som gåve til Opplandsarkivet sine avdelingar.
• Arkivavdelingene kvitterer for mottekne arkiv og tek seg av ordning og registrering.
• Arkivene vert oppbevart under tilsyn i eigne magasin.
• Arkiv kan klausulerast eller sikrast mot innsyn i samråd med arkivskapar/gjevar.
• Opplandsarkivet gjev faglege råd om avlevering og oppbevaring av arkivmateriale.
• Arkivpersonalet gjev rettleiing til alle som ynskjer å bruke materialet.

Opplandsarkivet har eit eige fagråd med representantar for Høgskulen i Lillehammer, Oppland fylkeskommune, Statsarkivet i Hamar, Oppland Historielag og Museumsforum i Oppland.


Opplandsarkivet i Valdres 

Opplandsarkivet i Valdres tek i mot arkiv frå Valdres og fylkesdekkande arkiv. Det er to avdelingar organisert og drifta av Valdresmusea: Valdres Folkemuseum og Bagn Bygdesamling, eige deponi for Hedalen på Bautahaugen Samlinger. Opplandsarkivet i Valdres har ved årsskiftet 2012/13 registrert 600 arkiv.

Av kjende personarkiv kan ein nemne folkeminnegranskaren Knut Hermundstad, helsesportgründarane Anna og Erling Stordahl på Beitostølen, forfattaren Knut Hauge og tidlegare stortingsmann Åge Hovengen. Av lagsarkiv finst politiske partilag, idrettslag, husmorlag, bondelag, ungdomslag, kristelege lag, avholdslag, skyttarlag, helselag, sang- og musikklag og mykje anna.  

Ansvarleg arkivar for alle avdelingane er registrator Kathrine Totland ved Valdresmusea. Bagn Bygdesamling har fast personale som tek i mot arkiv. Innlevering av arkiv til Bautahaugen Samlinger skjer til styreleiar eller arkivar henvendingar om å sjå i arkiva skjer til arkivar. 

 

4. november kl. 12:00Basarkafè, Valdres Folkemuseum6. november kl. 19:00Miljøkveld, Valdres Folkemuseum