Bygningsvernrådgjevar i Valdres
Oppland fylkeskommune og Valdresmusea har tilsett Odd Arne Rudi som bygningsvernrådgjevar for Valdres. Dette er ein av tre stillingar ved Mjøsmuseet, Randsfjordsmuseene og Valdresmusea.
Stillinga inngår i eit fagleg nettverk i samarbeid med fylkeskonservator i Oppland fylkeskommune. Rådgjevaren skal hjelpe eigarar og andre som er interessert i kulturminnevern med praktisk rådgjeving. Stillinga er finansiert av fylkeskommunen, kommunane i regionen og museet.
Odd Arne Rudi har nå vorte varm i trøya, har vore ute på befaringar hjå ulike eigarar i Valdres, og har vore i kontakt med alle kommunane for å bistå i deira arbeid med kulturminnevern. Rådgjevaren er samarbeidspart for kommunane, og skal vere eit fagleg bindeledd mellom ulike delar av forvaltninga. Arbeidet går elles ut på hjelp og rettleiing i samband med søknadar, formidling, foredrag, analyse av tilstand av hus – og han kan og vera aktiv som handverkar.
1 dagsverk
Bygningsvernrådgjevaren kan bistå med inntil 1 dagsverk pr. anlegg/eigar gratis, ut over det tek vi betalt for konsulentarbeid og handverkararbeid.
Kontaktinfo
Odd Arne Rudi
Tlf: 61 35 99 09 / 976 89 065