Valdres Folkemuseum
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Friluftsmuseet

 Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg og fyrtårnet for reiselivet i Valdres. Det er til saman 100 hus og anlegg inne på museumsområdet. Mellomalderloftet frå Uppigarde Høve er det eldste ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eige stølsområde. Her står fleire stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen, bygd i 1947-1948.


Husdyr, støls-og utmarksdrift

I Valdres finn ein det største samanhengande stølsområdet i Nord-Europa. Framleis er det mange gardbrukarar som nyttar fjellressursane, og som busett seg i fjellet sumarstid. Støling har vore eitt av hovudsatsingsområda ved Valdres Folkemuseum sidan Knut Hermundstad (1888-1976) si tid. Hermundstad debuterte for øvrig som folkeminnesamlar med boka Gjætarliv i Valdres i gamal tid.

Om sumaren går det sauar, grisar, kalvar og høner i området omkring Kviistunet, eit gardstun frå Høresbygda i Vang. Eldste huset på Kviistunet er Raustestogo frå slutten av 1600-talet. Kviistunet er elles sett saman med hus frå to Kviegardar, og vart oppsett på Valdres Folkemuseum i perioden 1956-1960.  

Valdres Folkemuseum har eige støl på toppen av Storøya. Her er budeia i arbeid store delar av sumaren. Det næringsrike fjellbeitet var viktig for buskapen og naturressursane gav matauk for folket på garden. Jakt- og fangstinstallasjonar finn du på området ovanfor stølslaget. Valdres er framleis eit kjerneområde for det levande stølslivet i Noreg. I 1998 vart sel og fjøs (Tvengestølen i Vestre Slidre) frå 1940-åra flytt til museet, som lekk i formidlinga av det moderne stølsbruket. Slik ynskjer museet å spreie kunnskap og forståing for støling som viktig del av eit moderne, norsk landbruk.

 

Naturstig og leikeplass

I 1982 vart det opparbeidd ein naturstig på Valdres Folkemuseum. Det skjedde i samarbeid med landbruksnemnda og skulekontoret i Nord-Aurdal kommune. Naturstigen er 1,7 kilometer lang og er knytt til naturen og undervisningsopplegget på museumsområdet. På museumsplassen er det leikeplass for barna. Her finn du huske, sandkasse, balansestokk og stylter.

2. april kl. 12:00-16:00VF: Påskeverkstad for heile familien6. april kl. 19:00VF: Antisemittismens historie