Valdres Folkemuseum
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Bygning frå Sørre Røgne 

Røgnebygningen er frå garden Sørre Røgne (gnr. 44, bnr 1) i Øystre Slidre, og er bygd på slutten av 1600-talet. Huset vart innkjøp til Valdres Folkemuseum for kroner 1000 i 1917, og oppsett på museumstomta i 1923.

Huset skal vera sett opp i perioden 1670-80. Då var det staten som åtte Sørre Røgne, for på 1600-talet var garden utlagd kompanisjefane i det Valdreske kompani. Kompanisjefane budde ikkje på garden, men hadde alle leigeinntektene av han. Sørre Røgne var frå gamalt ein av dei gjevaste gardane i Øystre Slidre. I åra 1670-1680 er kaptein Johan Reinert tilknytt garden, og i 1712-1720 er kaptein Anthon Jacob de Coucheron nemnd. Garden var utlagd kompanisjefane fram til 1726. Før 1726 var Sørre Røgne dessutan frigard, dvs at brukarane slapp å svara for sume skattar og tyngsler, og garden var ei tid anneksgard for presten, dvs kvarter for presten i dette soknet. 

Viktigaste oppgåve for offiserane var å utdanne rekruttar til hæren. Eksersisen var som oftast på kyrkjebakken etter sundagsmessa. Under fatskåpet i Røgnebygningen står to saluttkanoner. Desse er frå tida då garden var kapteinsgard og gjestane vart ynskt velkomen med salutt. Ei anna oppgåve for offiserane var å lære dei unge bondesønene å lese og skrive. Dersom soldatane vart for gamle til å gjera teneste i hæren, kunne dei like gjerne bli skulelærarar. Seinare var Sørre Røgne både lensmannsgard og skysstasjon. Vår og haust fekk lensmannen besøk av futen, som hadde i oppgåve å dømme og ilegga bøter. 

Byggjeskikk
Bygningen frå Sørre Røgne fylgjer tradisjonell akershusisk planløysing med eitt stoverom og to klevar i fyrste høgda. Klevane er seinare slege saman. I andre høgda er det to nokolunde like store rom. Grunnplanet i dei eldste husa var vanlegvis treroms, eitt stoverom og to klevar med inngang i den eine av dei. På 1700-talet vart det meir vanleg å byggje hus i to høgder. Og lik som første høgda hadde andre høgda stort sett tre rom med same plan, men kunne òg ha to rom med dør inn frå svala til kvart av dei, slik som i Røgnebygningen. Mest alle dei akershusiske husa hadde sval på langsida, framom inngangsdøra, og der huset var tohøgda, var det naturleg at trappa opp i andre etasje gjekk opp i svalgangen. Svala på dei eldste husa var langsval, med svaltaket som ei forlenging av hustaket.

Blyglasvindua i kleven er truleg frå 1600-talet, og er av den eldste typen. På 1700-talet vart det sett inn torams tresprosser med åtte glasruter i kvar ramme, og bygningen vart omgjort med panel og nasasval. Ombygginga vart gjort med inspirasjon frå rådande, europeiske arkitekturtrendar. Nasasvalet braut derimot med prinsippa i eldre svaltakskonstruksjonar. Gangsvalet fekk trekantforma gavl, motsett av rausteretninga på huset. Nasasvalet vart liggjande sentralt på langsida av huset, og fasaden fekk ei symmetrisk oppbygging med detaljar som tempelsøyler, tempelgavl og mursteinsimitasjon.

Det gamle svalet vart rekonstruert då bygningen vart sett opp på museet i 1923, og dei klassisistiske stilideala måtte vike til fordel for ynsket om eit eldre stiluttrykk.

28. oktober kl. 18:00Den handskrivne songsamlinga2. og 3. november kl. Rakfiskbalsam på Valdres Folkemuseum