Ung på museum
Barn og ungdom er ei viktig målgruppe for Valdresmusea, som tilbyr undervisingsprogram for skulelevar i alle aldrar. Saman med kommunane og skulene i Valdres har Valdresmusea eit ynske om at skuleelevar skal få høyre og sjå lokale utøvarar i kunst og handverk, musikk og dans.
Den kulturelle skulesekken 2013-2014
Undervisingsopplegg for skuleåret 2013-2014 finn du her. Alle tilboda er tilpassa kompetansemål for læreplanverket. For kommande periode satsar vi på formidling av smitradisjonar i Valdres. "Smi deg ein dings" er eit morosamt skuleopplegg for elevar i 4. og 7. klasse. Velkomen til smidagar på Valdres Folkemuseum i september.
Med unnatak av dei ti undervisingstilboda har alle skuleelevar fri adgang til Valdresmusea sine avdelingar og utstillingar i opningstida. Valdresmusea hjelper òg skulebarn som arbeider med prosjektarbeid.